Gå til innhold

Er det mogeleg å finne kva sendar ein er tilkopla?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Det har seg slik at den vanlege sendaren er nede etter torevêr, slik at eg ikkje har dekning på mobilen. Etter å ha flytta rundt på ei antenne greier eg å få to strekar på ruteren, og tenkte at det hadde vore moro å finne ut kva for ein sendar som gjev dekning.

Dei einaste relevante opplysningane eg finn under Enhetsinformasjon er PCI 454 og CELL_ID 33648928 MCC og MNC skal vel vere 242 02. Kva eg skal fylle inn for LAC anar eg ikkje.

Er det heilt umogeleg å finne ut av dette? Er det evt. mogeleg å finne LAC-verdi frå anna kjelde dersom ein antar at basestasjonen ligg ein eller annan stad i nærleiken av Flekke i Sunnfjord? (Det er sendaren i Flekke som er slått ut).

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar
Janvik skrev (12 timer siden):

Sjekk eNB ID og CID med cellmapper

Dette sa meg i utgangspunktet lite, men vart løysinga.

Cellmapper er altså ei teneste som kalkulerer eNB ID frå CID.

https://www.cellmapper.net/enbid

Dersom ein fyller ut CID = 33648928 får ein eNB = 131441.

https://www.cellmapper.net/enbid?net=LTE&cellid=33648928

Om eg forstår dette rett er eNB basestasjonen, medan CID i tillegg identifiserer sektoren som det blir sendt frå/til.

Cellmapper har også eit kart, som manglar både basestasjonen i Flekke og omkringliggjande basestasjonar. Likevel var eg heldig og fann den aktuelle basestasjonen på fjellet Sauesnyken ved Leirvik i Sogn:

https://www.cellmapper.net/map?MCC=242&MNC=2&type=LTE&latitude=61.11649615264815&longitude=5.3627742106682765&zoom=12.552669097514274&showTowers=true&showTowerLabels=true&clusterEnabled=true&tilesEnabled=true&showOrphans=false&showNoFrequencyOnly=false&showFrequencyOnly=true&showBandwidthOnly=false&DateFilterType=Last&showHex=false&showVerifiedOnly=false&showUnverifiedOnly=false&showLTECAOnly=false&showENDCOnly=false&showBand=20&showSectorColours=true&mapType=roadmap

Kartet viser sektorane for CID 33648908 og 33648918, medan min CID 33648928 manglar i kartet.

Dette var litt overraskande. Signala går då knappe 2,5 mil nordover fjell og dalar til Flekkefjorden i Sunnfjord. Det finst sendarar som ligg nærmare, men siktlinjene til desse er blokkert av fjell.

1340647108_Utennavn.thumb.jpg.acd3686b881bdeac0ec6c73d9b86ebdd.jpg

12818309143.png

12818316879.png

Endret av torbjornen
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ein er vel kanskje avhengig av at andre brukarar har lagt inn rett informasjon i databasen?

I dette tilfellet er nok dette likevel rett. Eg burde ha nemnt at eg brukar ei kvit firkanta retningsbestemt Poynting-antenne som er berekna på utandørs bruk. Retningen stemmer nokonlunde greit med sendaren, og eg brukte litt tid med prøving og feiling for å få så god dekning som mogeleg. Sendaren står på ein fjelltopp som i følgje Kartverket er 502 m.o.h., og signala følgjer nok i stor grad dalføre og til slutt fjorden på vegen til meg. Eg vil tru at sidan sendaren står på ein fjelltopp vil meininga vere å dekke eit større område, og at sendeeffekten står i forhold til dette.

På motsett side av huset har ein liane opp mot Jarstadheia, som stenger for signala frå Dale, der sendarane ligg 4,5-5 km vekke i luftlinje. Til Holmedal er det ca. 8,5 km., men då hindrar Sylvsteinsheia og Fredensborgåsen fri sikt. I motsetnad til sendaren ved Leirvik i Sogn ligg dei nærmaste sendarane nede ved fjorden. Til sendaren som blei slått ut er det ca. 3 km. i luftlinje, og ikkje så mykje som manglar på fri sikt.

Når ein kan gå frå null dekning med smarttelefon til to strekar og heilt brukbart internett med ruter/utandørsantenne viser iallefall dette at ei løysing med mobil "hjemmeruter" kombinert med retningsbestemt antenne har noko for seg for hyttefolket, iallefall dersom ein er heldig og greier å finne eit punkt f.eks. på ein hyttevegg der dette er mogeleg.

Så spørst det kor lang tid det går før Telia rettar feilen. I følgje kartet over driftsmeldingar vil dette kunne ta 5 veker(!), og det blir for lenge å vere utan telefon. Telenor har basestasjonar på dei same stadene som Telia, men har fleire basestasjonar enn Telia. Den nærmaste ligg eit lite steinkast frå der eg bur.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar
arne22 skrev (Akkurat nå):

Hvis routeren har et sim-kort, og det har den vel, da kan man sette det inn i en mobiltelefon og så ta i bruk appen "Nettwork Cell Info Light". Da kommer alle opplysninger inklusive geografisk plassering opp på telefonen.

Som sagt så er det null dekning sjølv når eg plasserer mobilen rett ved antenna. Ein app vil neppe seie noko om sendarane som mobilen ikkje får inn.

Skulle dette ha hatt noko for seg måtte eg ha hatt ein mobil som kan koplast til ei utandørsantenne, og det har eg ikkje. Simkortet i ruteren er eit tvilling-kort, men det er uansett irrelevant for problemstillinga.

Lenke til kommentar

Hvis det ikke er signal i det hele tatt, da blir det vel litt spesielt, men appen viser faktisk også sendere i nærheten som den ikke er koblet opp mot. Hvis man ikke har en utendørs antenne, så kan man jo ta med mobilen utendørs, og gjerne litt opp i terrenget, slik at man kan få en "indikasjon" fra de senderne som er i nærheten. Har brukt appen ca i et år, og det har fungert bra.  

Edit: Sjekket akkurat nå, og her "ser den" faktisk bare den ene stasjonen den er koblet opp mot. Den pleier å vise flere. Med et stasjonært modem så er det jo ikke så lett å bevege seg rundt for å "finne signal". Noen ganger så er det faktisk slik at signalet kan variere ganske mye bare man flytter seg en 20-40 meter.

Noen ganger så fungerer radiobølgene fra 4G senderen nærmest som lysstråler fra et fyrtårn. Hvis man står i en posisjon så kan det være noe som "skygger". Flytter man bare litt på seg, så ser man fyrtårnet. 

Jeg pleier å gå rundt og kartlegge litt med mobilen, og så har jeg oversikt over de senderne som er i nærheten, hvor de dekker, osv.

Endret av arne22
  • Liker 1
Lenke til kommentar
arne22 skrev (15 timer siden):

Hvis routeren har et sim-kort, og det har den vel, da kan man sette det inn i en mobiltelefon og så ta i bruk appen "Nettwork Cell Info Light". Da kommer alle opplysninger inklusive geografisk plassering opp på telefonen.

Denne appen er trolig den beste i sin klasse, men det er ikke alltid telefonen henger på den nærmeste senderen. Dette har jeg testet ganske omfattende i Lillestrøm-området.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
9 hours ago, Bäcker said:

det er ikke alltid telefonen henger på den nærmeste senderen

Har lagt merke til det samme. Det tror jeg har å gjøre med "policy" og kapasitet hos leverandøren. Når jeg kobler telefonen med opp sim-kort, så får jeg "nærmeste sender". Når jeg så setter det over i 4G moden, med store antenner, så finner den en annen sender lengere borte, med litt svakere signal. Det fungerer helt ok, men gjetter på at den velger en sender lengre borte for å spare kapasitet og båndbredde, for den nærmeste senderen, som sannsynligvis har flere "klienter" i nærheten.  

Endret av arne22
  • Liker 2
Lenke til kommentar

Eg har vore ein tur opp på "Storemyra", og fekk då kontakt med Telia-nettet. Eg installerte appen nemnt ovanfor, og det viste seg då at sendaren ved Leirvik i Sogn nemnt ovanfor konkurrerer med sendaren i Holmedal. I eksempelet er telefonen knytt til sendaren ved Leirvik, og ein ser då dei same parametera som ovanfor.

Screenshot_20220303-151838_Network_Cell_Info_Lite.thumb.png.eafb032031da1845f4be332fb6c10cc3.png

Screenshot_20220303-151923_Network_Cell_Info_Lite.thumb.png.401f8d7ed8ea94bd4213c77a7551b10f.png

Det som likevel er litt merkeleg er at dersom ein prøver å finne posisjonen som er oppgitt hamnar ein ikkje på Sauesnyken, men eit lite stykke nord for Leirvik:

Screenshot_20220303-155004_Opera.thumb.png.fd73708eca181c75455f00ba6f4abd8f.png

Men der er det i følgje finnsenderen ingen Telia-sendar.

Screenshot_20220303-155020_Opera.thumb.png.1ae21332f6a4a9b75ded6a713e394e8d.png

Nærmaste er Sauesnyken, aust for Bøfjorden.

Her må det vel vere appen som viser feil lokasjon? Cellmapper viste basestasjonen på same stad som finnsenderen seier, og med to sektorar ut mot Sognefjorden.

Lenke til kommentar

Men signalnivået er jo så lavt, at det er vel langt fra sikkert at de data som man man lese gir noen mening(?!)

Vet ikke om det vil gi noen forskjell, men ville forsøkt å stille roaming på "on".

(I det teoretiske tilfellet at "roaming off" medfører at det er noen stasjoner som ikke "synes".)

Endret av arne22
Lenke til kommentar

No er jo problemet i utgangspunktet at det ikkje er flust med Telia-sendarar i området rundt Flekke, og at det uansett ikkje er fri sikt til nokon av desse etter at basestasjonen i Flekke brann opp. Finnsenderen viser kva for sendarar som er i området, og kva for nokre av desse ein evt. får inn vil variere ut frå kvar ein står i terrenget. Når sendarane i nærområdet (Holmedal og Dale) er skjult av fjell vil ein som ein har sett ovanfor plukke opp basestasjonen (på Sauesnyken?) ved Leirvik, det er for det meste opne fjord- og dalstrøk akkurat i den retninga og andre alternativ som kan gje dekning finst ikkje.

Både ruter og cell info app på mobil viser same celle-id 33648928, og både app og cellmapper viser at basestasjonen ligg ved Leirvik. Det er i følgje finnsenderen ingen sendar der appen seier at den skal vere, men det er ein Telia-sendar på fjellet Sauesnyken som samsvarar med plasseringa på cellmapper. Då har eg eigentleg fått svar på det eg ville vite.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...