Gå til innhold

Vil la kunstig intelligens avsløre, anmelde og foreslå straff for kriminelle handlinger


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Eg trur nok at KI kjem for å bli også på dette området. Det som sjølvsagt er betenkeleg i denne saka er jo at det er Kina som vil automatisere anmeldingar og straffeutmåling då dette opner for at folk kan bli både anmeldt og dømt utan menneskeleg innblanding og kontroll. Dette gjer det sjølvsagt langt meir sannsynleg at systemet blir trent opp slik at det kan misbrukast politisk.

Når det gjeld straffeutmåling med KI meir generelt så vil nok dette kome i større og større grad. Det er sjølvsagt nokre etiske problemstillingar som ein må ta innover seg når maskiner skal dømme mennesker, men samtidig vil nok KI være einaste måten å få nøytrale og upartiske straffeutmålingar.

Dagens lovverk har ein litt merkeleg balanse mellom å på den eine sida ha lovparagrafar som er veldig svart/kvitt på kva som er lov og ikkje lov, dette vil være perfekt for kunstig intelligens å kjapt vurdere og konkludere anklagen opp mot lovverket. Samtidig så er sjølve straffeutmålinga høgst subjektiv då lovteksta vanlegvis berre sette øvre strafferamme, her vil KI være mindre eigna. KI vil kanskje særleg være dårleg eigna for straffeutmåling dersom ein baserer seg på tidlegare dommar. Sjølv om det er dette som er systemet for straffeutmåling også i dag ved at dommaren ser til tidlegare straffeutmålingar for å finne passeleg straffenivå så vil eg tørre påstå at tidlegare subjektive dommarvurderingar nok er eit heller svakt datagrunnlag for at ein kunstig intelligens skal kunne konkludere med kva som er rett straff.

Meiner å ha lest ein artikkel om at KI vart forsøkt i USA på det same området med det resultat at unge svarte menn fekk langt strengare straff fordi datagrunnlaget tilsa at unge svarte menn brukte å bli straffa strengare.

Det vil derfor kunne være store fordelar med ein KI-domstol som dømmer fattige og rike heilt likt berre på bakgrunn av anklagen og bevisgrunnlaget, men det krever nok ganske store endringar i rettsvesenet før vi har eit system som kan lære opp ein KI på denne måten.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...