Gå til innhold

Lønnsomhet i vei­prosjekter med lav trafikk skal revurderes: – Kan ende med å tilpasse kartet til terrenget [Ekstra]


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Kva er eigentleg problemet med at politikarane definerer kva som skal verdsettast som samfunnsøkonomisk lønnsomheit? Det er jo dette som er jobben til politikarane, å velge kva av alle kriteria som ein skal vektlegge og kva som ein kan nedprioritere.

Om eit vegprosjekt berre skal sikre god kommunikasjon mellom A og B, eller om vegprosjektet også skal gjere det lønnsomt å drive produksjon på B er i aller høgste grad eit politisk spørsmål utan ein fasit med to strek under svaret.

Om det er eit mål om at kvar einaste krone som blir brukt på eit vegprosjekt skal kome tilbake tilbake til statskassa i form av profitt etter at drifts og vedlikeholdskostnadane er trekt ifrå så er det ikkje mange kronene ein kan bruke på eit vegprosjekt. 
Ein skal eksportere mykje fisk før skatteinntektene på den verdiskapninga forsvarer å bruke store beløp på eit vegprosjekt om ein skal berre tenke på statskassa. At ein ny veg gir fleire moglegheita til å tene gode pengar er samfunnsøkonomisk viktig, men det gir ikkje nødvendigvis særleg med klingande mynt til statskassa.
Sjølv om ein med ny veg kan korte ned transporttida på fisketransporten frå 5 timar til 4,5 timar så utgjer ikkje denne halvtimen med ekstra verdiskapning all verden med skatteinntekter. Men om det er snakk om eit vegprosjekt som gir bilveg til ein stad som ikkje før hadde bilveg så vil sjølvsagt vegprosjektet gi store skatteinntekter ettersom det då kan bli grunnlag for å starte med f.eks. fiskeeksport.

Hadde vi gravd over alle vegane inn til Oslo utanom E6 så hadde det vært endelause køar inn til sentrum, men det samfunnsøkonomisk konsekvensen er ikkje så veldig stor då svært mange av arbeidsplassane hadde blitt flytta til nye lokaler andre stadar. Det hadde vært katastrofe for Oslo by at sentrum nærmast blir heilt isolert, men for statskassa så hadde ein fått like mange skattekroner om finansmiljøet etablerte seg i Trondheim i staden for.

Om ein skal fokusere vegbygginga i sentrale strøk der mange kan spare nokre få minutt eller om ein skal bygge vegar ute i distrikta der nokre veldig få kan spare timesvis i reisetid er i aller høgste grad eit politisk spørsmål.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...