Garegaupa Skrevet 11. september 2021 Del Skrevet 11. september 2021 (endret) Hei! Eg kjøpte meg nyss ein Samsung Odyssey G7-skjerm. Denne er kopla til eit RTX 3070 via DP. Stundom får eg opp ei feilmelding i meldingssenteret i Windows 10 som ser slik ut: Viss eg klikkar på meldinga så vert eg dirigera til denne sida her, som eg ikkje vert stort klokare av då den tykkjest omhandle USB-C og ikkje DP: https://support.microsoft.com/nb-no/windows/løs-usb-c-problemer-i-windows-f4e0e529-74f5-cdae-3194-43743f30eed2 Nyaste drivarar er installera for både skjermkort og skjerm, og skjermen er oppdatera til nyaste fastvare. Er det nokon som veit kva dette kan bety? Skjermen fungerer fint som fjell, så det er kanskje berre å ignorere denne meldinga...? Endret 11. september 2021 av Garegaupa Lenke til kommentar
Hårek Skrevet 12. september 2021 Del Skrevet 12. september 2021 Søkeforslag: Display connection might be limited Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 12. september 2021 Forfatter Del Skrevet 12. september 2021 Ja, det var den der eg fekk opp forslag om, men eg stussar på at dei berre så vidt nemner DisplayPort, og så verkar det som om heile avsnittet går over til å omhandle USB-C... 🤔 Det einaste relevante rådet eg kan finne er å prøve ein ny DP-kabel. Det har eg ikkje liggjande, berre HDMI og DVI, sidan dette er fyrste DP-skjermen min. Så lenge eg ikkje ser nokon andre symptom på feil så trur eg ikkje at eg gidd å kjøpe ein ny kabel berre for å sjå om det kan vere noko gale med denne. Det steget får eg heller ta viss "problemet" vert verre. Ei tilsynelatande ikkje-reell feilmelding i ny og ne kan eg alltids leve med. ☺️ Uansett, takk for svar! 👍 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå