Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Konfirmasjonsgavens størrelse


ViviBekk

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Eit vanleg utgangspunkt for gåvestørrelse er at gåva bør være stor nok til å dekke den omtrentlege kostnaden til verten. Så får du full treretters middag i selskapet i tillegg til kakebord så bør gåva være litt større enn om det er eit enklare selskap med suppe og eit kakestykke. 

Det eksakte beløpet utover dette kjem veldig mykje ann på både din økonomi og kor nær du er konfirmanten eller foreldra.

Merk også at du slepp litt billegare unna om du kjøper ei gåve. Så om du hadde tenkt å gi 500 kr i kontantar så vil ein ting som er verdt 400 kr opplevast som like fin. I dag er det også meir populært og ikkje minst aksept for brukte gåver på grunn av miljøfokuset, særleg hos yngre.
Eit gåvetips er å kjøpe "voksengåve" til konfirmanten, til dømes kjøkkenutstyr, verktøysett, sengetøy eller liknande ting som heilt sikkert kjem godt med når konfirmanten skal flytte for seg sjølv enten det er med ein gong etter ungdomsskulen eller om nokre år etter at ein også har fullført vidaregåande. Ikkje berre er dette ting som konfirmanten ikkje hadde kjøpt sjølv, men det er også ting som konfirmanten vil sette meir pris på seinare når ein plutseleg oppdager kor dyrt det er å kjøpe slike ting sjølv. Slike "voksengåver" vil også ha ein viss symbolsk effekt ved at konfirmanten no er å rekne som voksen og då får gåver som trengs til å etablere si eiga husholdning etterkvart.

Eit anna råd er å prøve å gå saman med andre om fellesgåve. Ikkje berre vil det ofte ende opp med å blir litt billegare for kvar enkelt men ein vil då også oppnå ein såpass stor sum at ein verkeleg kan kjøpe noko fint som konfirmanten kanskje ikkje hadde komt på å kjøpe sjølv.

 

Eg trur at eg hadde satsa på å gi 500 kr til ein konfirmant som ikkje er i nærmaste familie men fortsatt nært nok til å bli invitert til selskapet. Til nærmare slekt hadde eg gitt 1000 kr.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
The Avatar skrev (2 timer siden):

Eit vanleg utgangspunkt for gåvestørrelse er at gåva bør være stor nok til å dekke den omtrentlege kostnaden til verten. Så får du full treretters middag i selskapet i tillegg til kakebord så bør gåva være litt større enn om det er eit enklare selskap med suppe og eit kakestykke. 

Eller nei... 

Serveringen skal ikke ha noen innvirkning på gaven.

Lenke til kommentar

Takk for innspill!

Vi kommer to stykker i selskapet som vi ikke aner noe om skal være stort og dyrt eller lite og beskjedent. Vi har ikke hatt så mye kontakt med den delen av familien og så konfirmanten sist ved 3-4 års alder...

Siden vi er to antar jeg vi må doble pengesummen?

The Avatar kommer med gode tips og tanker om gave i stedet for penger - ikke så dumt; for jeg tror pengene forsvinner fort ut av "lommene" på mange av ungdommene - dessverre.

 

Lenke til kommentar
ViviBekk skrev (1 time siden):

Siden vi er to antar jeg vi må doble pengesummen?

Om det berre er du som har tilknytning til konfirmanten så tenker eg at det er greit at det berre er ei gåve frå deg. Det skal ikkje være nødvendig at din partner som ikkje har eit forhold til konfirmanten i det heile tatt skal bidra med ein like stor gåve som frå deg som er i slekta. Men det må du også vurdere sjølv, det vil blant anna ha betydning om du og din partner er onkel og tante til konfirmanten eller om din partner er ein "nyanskaffelse" sidan sist du traff konfirmanten. Om partneren er din +1 som følger med på lasset berre på grunn av deg så er det ikkje openbart at gåva må doblast med mindre sin partner også hadde blitt invitert om det ikkje var for deg. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...