Gå til innhold

Islendingene jobber mindre etter vellykkede forsøk med firedagersuke


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Overskriften er direkte misvisende. Dette handler ikke om firedagersuke! Det handler om effektiviserering av arbeidet. Islandske arbeidere arbeider lengre arbeidsuker enn hva som er vanlig i andre nordiske land.

Lenke til kommentar
Zeph skrev (15 timer siden):

Frå 40 til 35-36 timar og firedagarsveke? Jobba dei meir fire dagar og tok ein dag fri?

Basert på rapporten som ser det ikkje slik ut. Dagleg arbeidstid mellom 8,75 og 9 timar per dag i fire dagar.
Det som er verdt å merke seg samanlikna med norske forhold er at på Island så er ei full arbeidsveke 44,4 timar, eller 8,88 timar (8 timar, 52 minutt og 48 sekund) fordelt på 5 dagar. Eg har ikkje sjekka om dette stemmer, men eg reknar med at det er relevant for den yrkesgruppar som har vært med i forsøket sidan det står presisert i rapporten. Det går ikkje klart fram om den oppgitte arbeidstida er rein arbeidstid eller om den også inkluderer matpause.
44,4 timars arbeidsveke er eit merkeleg urundt tal, så enten er dette ei arbeidstida fastsatt etter harde forhandlingar der ein har pruta på kvart einaste sekund, eller meir sannsynleg så er gjennomsnittleg overtid innrekna.

Så om tala stemmer så virker det som at det er ein reell nedgang frå 5 til 4 dagar. Om ein normal arbeidsveke for ein islenning er mellom 8,75 og 9 timar kvar dag i 5 dagar, så er dei 8,88 timane dei jobbar per dag med firedagars veke nesten heilt presist mitt mellom snittet mellom 8.75 og 9 timar.

 

Eg er derfor usikker på kor godt argument dette er for å innføre firedagarsveke i Norge.
Det islenningane har vist gjennom forsøket er at ei 35,5 timars arbeidsveke er like effektivt som 44,4 timars arbeidsveke.
For eit betre datagrunnlag så burde islenningane hatt ei kontrollgruppe som også reduserte sin arbeidstid tilsvarande ned til 35,5 timar per veke, men fordelt utover ei vanleg 5 dagars veke.
Min hypotese er at mykje av inneffektiviteten skuldast veldig lange arbeidsdagar, og at islenningane hadde henta ut like stor eller større  effektivitetsauke ved å korte ned arbeidsdagane utan å også redusere talet på arbeidsdagar.

Eg kjenner ikkje korleis arbeidskulturen er på island, men om dei normalt jobbar 8,88 timar i rein arbeidstid kvar einaste dag i 5 dagar så forstår eg at det blir behov for fleire pausar enn berre ein halvtime midt på dagen. Inkludert ei matpause så betyr dette at islenningar tilbringer nærmare 9,5 timar på jobb kvar einaste kvardag. Har dei lengre lunsjpause så blir arbeidsdagen sjølvsagt lengre.
At det mot slutten av arbeidsdagen går tapt mykje effektiv arbeidstid til kaffepausar og småprat vil ikkje overraske meg så veldig mykje.

 

Min konklusjon er derfor at det ein no har funnet ut på Island er at ein får utført omtrent like mykje praktisk arbeid som ein får i resten av europa som har vesentleg kortare arbeidsveker.
Å tviholde på at dei tilsette skal være på arbeidsplassen nesten halve døgnet ved å legge all arbeidstida på fire dagar slår meg som lite effektivt når det openbare alternativet er å prøve tilsvarande arbeidstid som vi har i resten av Europa med 5 dagars veke.

 

Det som har blitt diskutert og delvis testa ut i norske forhold er å innføre 6 timars arbeidsdagar over 5 dagar. Altså å ytterlegare komprimere arbeidsdagen slik at arbeidarane har fullt fokus på arbeidet utan at dei blir slitne, mister fokus og får behov for fleire pauser.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...