Gå til innhold

"Hjemmekontor" vs vanlig kontor. Hva vil skje etter at Covid-19-trusselen er over?


Anbefalte innlegg

Vil selskapene fortsette sin virksomhet på kontoret til forretningssentre, eller vil vi fortsette å være hjemme?
På grunn av nyere undersøkelser var det en stor økning i konverteringer av tjenesten "leie kontor Oslo". Betyr det at selskaper som planlegger å returnere sine ansatte til kontoret? Statistikk, som ble laget i 2020, fortalte oss at produktiviteten til ansatte ikke gikk ned i "Hjemmekontorer". I noen selskaper var det dessuten økt produktivitet i noen avdelinger. Dette gjorde at store selskaper gjorde få innovasjoner i sine arbeidsmodeller. I dag foreslo de største selskapene å besøke kontoret maksimalt 30% av personalet og planlegge å beholde en fjern arbeidsmodell selv etter at pandemien er over. Men for oppstart anbefaler jeg fortsatt å bygge prosjektet deres sammen, i et team. Selvfølgelig, på kontoret med alle sikkerhetsmålingene, så arbeidet ville ikke bare være produktivt, men helsetjenester.
Hva synes du om det? Svarene dine vil hjelpe meg mye)))

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Dei aller fleste virksomheiter vil nok falle tilbake til det vandte og til det trygge.
Eg trur ikkje at det er mange virksomheiter som tørr å ta steget heilt ut og berre basere seg på heimekontor, men mange vil nok fortsette å tilby heimekontor som eit alternativ.

Det største skjæret i sjøen for fast heimekontorordning er at arbeidsmiljølova ikkje er tilpassa ein slik arbeidskvardag, då tenker eg fyrst og fremst på at arbeidsgiver er ansvarleg for at arbeidsmiljøet på arbeidsplassen er fullt ut ansvarleg utan at arbeidsgiver har reelle muligheter til å kontrollere arbeidsmiljøet på heimekontoret. For at arbeidsgiver ikkje skal kunne bli ståande ansvarleg for at ein arbeidstakar pådreg seg helseplager ved å sitte på kjøkkenstol i dårleg belysning og med dårleg luftkvalitet, så vil nok dei fleste arbeidsgivarar løyse det slik at arbeidsgiver tilbyr fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø på kontoret, og at eventuell bruk av heimekontor er eit personleg valg på personleg ansvar for arbeidstakaren.

Eg trur også at litt av effektiviteten ved bruk av heimekontor kan være ei kortvarig effekt. Mange som blei sendt på heimekontor under pandemien har nok strekt seg ekstra langt for å få til dette som ein del av den kollektive dugnaden for å holde samfunnet i gang, samt fordi det å få heimekontoret til å fungere for mange var dei einaste alternativet for å unngå permittering og i verste fall oppseiing.
I tillegg så har det under pandemien kanskje våre færre distraksjonar ettersom alle meir eller mindre har sittet innelåst i eige hus eller leiligheit med stengte butikkar, det er ikkje sikkert at fast heimekontor er like effektivt når samfunnet opner for fullt. I dag så har mange praktisert heimekontor slik at dei har starta tidleg på morgonen, så hatt ein time pause for å levere barna til skule eller barnehage, så jobba fram til ettermiddagen før det blir ny pause for henting av barn og middagslaging, og så til slutt avslutta med å jobbe nokre timar på kvelden når barna har lagt seg og på den måten få ein full arbeidsdag i sum. Det vil nok være langt tyngre å jobbe utover kvelden når "alle andre" har fri.

 

Om eg skal sjå i krystallkula og prøve å spå korleis det blir i framtida så trur eg at:

  • Det kjem til å bli gjort endringar i arbeidsmiljølova som gjer det enklare å bruke heimekontor som fast ordning, men med den prisen at meir av ansvar, kostnadar og risiko blir flytta over på arbeidstakaren. Til dømes at arbeidstakaren blir ansvarleg for å sjølv ordne seg med ein forsvarleg arbeidsplass, at arbeidstakaren sjølv må investere i kontorutstyr og arbeidsverktøy som arbeidstakaren har i eigen heim, og at arbeidstakaren sjølv må ha forsikring som dekker arbeidsulykker.
  • Ganske mange kontortilsette vil få tilbud om å jobbe delvis på heimekontor. For mange vil det bli i form av at ein har faste dagar på heimekontoret slik at kontoret på arbeidsplassen kan nyttast av fleire tilsette på ulike dagar. Andre vil bruke heimekontoret for å flytte pendletida, f.eks. ved at dei starter arbeidsdagen på heimekontoret og pendler inn til kontoret i 10-tida for å sleppe rushet.
  • Det at mange er på heimekontor vil gi mange ein heilt anna form for fleksibilitet og vil oppleves som eit gode, for andre så vil det bli eit savn å ikkje ha sosial kontakt med arbeidsmiljøet. Behovet for kontrollordningar vil nok tvinge seg fram fordi det er vanskeleg å lede og organisere arbeidet på anna måte når ein ikkje har dei tilsette i nærheita.
  • Vi vil få eit tøffare arbeidsmarked på administrative stillingar ettersom utanlandske arbeidstakarar kan tilby like god jobb frå eit kontor i utlandet til ein brøkdel av lønnskostnaden som du kan frå heimekontoret med norsk lønnsnivå.
Lenke til kommentar

Hjemmekontor kan bli en ganske så fin løsning å tilby vanskelige kolleger som er kjent for å forsure omgivelsene i arbeidstiden. Mer eller mindre permanent hjemmekontor for Karen Kollega og Karen Kontordame. Så kan sosiale og samarbeidsvillige kolleger dominere selve kontoret. Vinn-vinn.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...