Gå til innhold
Spørsmål om koronaviruset? Still spørsmål her ×

Brenning av koronadøde


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
frekri skrev (7 timer siden):

Er det virkelig mulig å kremere noen med en pinnehaug?

Regner med at det vil bli enkelte større beinrester, som ikke lar seg legge ned i en liten urne. 

Det som legges ned i en urne etter kremasjon, er faktisk ikke aske, men støv fra beinrester. Det finnes et sitat, "Husk at du er støv, Husk at du er mer enn støv". 

https://www.justcremationfl.com/cremation/myths

Lenke til kommentar

Ja ein kan kremmere lik på bål, men det krever mykje ved for å få høg nok temperatur og lang nok eksponering til at bein blir så utbrendte at beinet smuldrer opp.
I moderne kremering fyrer ein vanlegvis med flytande eller gassformig brensel. Ein brukar då høg temperatur over nokre timar for at liket skal være heilt forbrent. I staden for å brenne heile dagen så stoppar ein kremeringa når alt vev er avbrent. Deretter plukkar ein ut framandlegmer som hoftelkuler i titan og tannfyllingar før ein kverner beinrestane til eit uniformt pulver.

Ved indisk kremmering på bål så bruker ein så mykje ved at dei fleste beina er nærmast ugjenkennelege som bein, deretter blir bålrestane, asken og restane av kroppen spredd ut i eit vatn. Typisk foregår kremmeringa ved elvebredden slik at restane blir kosta ut i elva etter kremmeringa. Eventuelle store beinrestar vil då synke og "forsvinne" i botnslammet medan det som er rein aske og små beinbitar blir skylt nedover elva.

Eit av problema nå med så mange koronadødsfall er at det er reell bekymring for avskoging som følge av eit stort behov for nok ved til å brenne dei døde.

Merk også at kremmeringa ofte består meir ann berre det "pinnebålet" som du ser på illustrasjonbiletet. Krematoriet er vanlegvis murt opp med murstein under bakkenivå og fylt opp med ved. Så pinnebålet du ser på biletet er berre det bålet som varmer den oppmurte kremasjonsomnen frå oversida, formålet med den oppmurte kremasjonsomnen er å holde på varmen inne i omnen slik at kroppen blir utsatt for høge nok temperarurar. Det biletet som du viser til er frå eit av dei mange områda der ein har tatt i bruk parkeringsplassar og liknande og i full fart har bygd mange improviserte kremeringsomnar for å kunne kremmere nok kroppar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...