kokokachum Skrevet 3. mai 2021 Del Skrevet 3. mai 2021 (endret) Slett Endret 4. mai 2021 av kokokachum Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 4. mai 2021 Del Skrevet 4. mai 2021 Det er heilt vanleg å starte å søke etter jobb lenger før ein får vitnemålet, eller før ein i det heile tatt har avlagt eksamen for den slags skuld. Då søker ein med utgangspunkt i at ein består og har vitnemålet på plass før ein startar i jobben, ein søker ikkje med å berre ha vgs på CVen som høgste fullførte utdanning. Det er likevel vanleg å sette inn ein liten fotnote på dette f.eks. i søknadsteksten der du skriv at du er student og blir ferdig med bachelorgraden til sommaren. For å få utskrevet vitnemålet så er det ein del formalitetar som skal på plass slik at det kan ta litt tid, løysninga er då vanlegvis at ein får attest eller karakterutskrift frå universitetet på at du har bestått og vil få bachelorgraden. Om det er meir tidskritisk så kan det være at den potensielle arbeidsgiveren må ta til takke med ei muntleg stadfesting frå universitetet. Om arbeidsgiver faktisk forventer vitnemål i løpet av dagen i dag så ser dei i praksis etter studentar som blei ferdige i fjor, det er ingen som har fått vitnemål for årets semester tidleg i mai. Mest truleg så er det karakterutstskrift og eventuelle attestar frå tidlegare arbeidsforhold som dei er ute etter. Det eg ville gjort er nok å sende over screenshot frå vitnemålsportalen og skrive at du gir løyve til at arbeidsgiver kan ringe universitetet for å få bekrefta karakterane. Så ville eg i eposten skrevet nokre ord om at det formelle vitnemålet ikkje er klart ennå. Vanlegvis vil arbeidsgiver akseptere dette og gå vidare i tilsettingsprosessen med deg, jobbtilbudet du får vil då ofte ha eit vilkår om at du får stillinga til X lønn med forbehold om at du har det formelle i orden innan ein bestemt dato, vanlegvis oppstartsdatoen. Eg vil også legge til at det er viktig at du har ein god dialog med arbeidsgiver om prosessen. Eg tenker derfor at det er heilt uproblematisk å oppgi at du har starta på eit masterstudie som du no vil avbryte med bachelorgrad for å starte å jobbe, og at det er litt ekstra arbeid med formalitetane. God dialog vil også gjere det mulig å få jobben sjølv om ikkje alt går heilt knirkefritt. Eg kjenner til folk som har fått seg jobb før vitnemålet er klart og deretter oppdager at dei har strøket eit fag. Typisk vil ein då få starte i jobben likevel med eit forbehold om å ta oppigjen faget i løpet av prøvetida. For dei aller fleste vil kontedatoen være rett etter sommarferien så det formelle vil stort sett ha ordna seg før ein startar arbeidet ettersom det ofte ikkje vil være så aktuelt å starte å jobbe midt i fellesferien uansett. Lenke til kommentar
kokokachum Skrevet 4. mai 2021 Forfatter Del Skrevet 4. mai 2021 (endret) On 5/4/2021 at 9:11 AM, The Avatar said: Det er heilt vanleg å starte å søke etter jobb lenger før ein får vitnemålet, eller før ein i det heile tatt har avlagt eksamen for den slags skuld. Då søker ein med utgangspunkt i at ein består og har vitnemålet på plass før ein startar i jobben, ein søker ikkje med å berre ha vgs på CVen som høgste fullførte utdanning. Det er likevel vanleg å sette inn ein liten fotnote på dette f.eks. i søknadsteksten der du skriv at du er student og blir ferdig med bachelorgraden til sommaren. For å få utskrevet vitnemålet så er det ein del formalitetar som skal på plass slik at det kan ta litt tid, løysninga er då vanlegvis at ein får attest eller karakterutskrift frå universitetet på at du har bestått og vil få bachelorgraden. Om det er meir tidskritisk så kan det være at den potensielle arbeidsgiveren må ta til takke med ei muntleg stadfesting frå universitetet. Om arbeidsgiver faktisk forventer vitnemål i løpet av dagen i dag så ser dei i praksis etter studentar som blei ferdige i fjor, det er ingen som har fått vitnemål for årets semester tidleg i mai. Mest truleg så er det karakterutstskrift og eventuelle attestar frå tidlegare arbeidsforhold som dei er ute etter. Det eg ville gjort er nok å sende over screenshot frå vitnemålsportalen og skrive at du gir løyve til at arbeidsgiver kan ringe universitetet for å få bekrefta karakterane. Så ville eg i eposten skrevet nokre ord om at det formelle vitnemålet ikkje er klart ennå. Vanlegvis vil arbeidsgiver akseptere dette og gå vidare i tilsettingsprosessen med deg, jobbtilbudet du får vil då ofte ha eit vilkår om at du får stillinga til X lønn med forbehold om at du har det formelle i orden innan ein bestemt dato, vanlegvis oppstartsdatoen. Eg vil også legge til at det er viktig at du har ein god dialog med arbeidsgiver om prosessen. Eg tenker derfor at det er heilt uproblematisk å oppgi at du har starta på eit masterstudie som du no vil avbryte med bachelorgrad for å starte å jobbe, og at det er litt ekstra arbeid med formalitetane. God dialog vil også gjere det mulig å få jobben sjølv om ikkje alt går heilt knirkefritt. Eg kjenner til folk som har fått seg jobb før vitnemålet er klart og deretter oppdager at dei har strøket eit fag. Typisk vil ein då få starte i jobben likevel med eit forbehold om å ta oppigjen faget i løpet av prøvetida. For dei aller fleste vil kontedatoen være rett etter sommarferien så det formelle vil stort sett ha ordna seg før ein startar arbeidet ettersom det Endret 11. oktober 2021 av kokokachum Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå