Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Pause fra universitet/ ta året på nytt?

Zork-

Anbefalte innlegg

Jeg er på siste året av en bachelor og lurer på om det er mulig å utsette dette siste året og ta det neste år med det andre kullet eller noe? Jeg har basically lyst til å ta dette året på nytt, ettersom pga covid situasjonen og lite motivasjon/depresjon for å si det mildt, så klarer jeg ikke å fokusere og gjøre det så bra som jeg ønsker.  Mye negativt foregår i livet mitt akkurat nå.. jeg skal ikke gå i detaljer, men som sagt klarer jeg ikke gjøre det så bra som jeg kunne ha gjort. 

Endret av Zork-
nøkkelord
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Nwader skrev (10 minutter siden):

Ja, men arbeidsgivere vil på intervju spørre hvorfor du ikke tok studiet på normert tid.

Studiet ditt har rådgivere, kontakt de.

Sant nok, det spørr dem kanskje. Ville bare høre om dette var mulig og om noen hadde erfaring med det. 

Lenke til kommentar

Husk å sjekke datoer og frister for oppmelding/registrering. Kanskje best å ringe til universitetet for å spørre, bare for sikkerhets skyld? Forøvrig er det vanlig å ta bachelorgrad på 4-5 år, så jeg ville ikke bekymret meg så mye for det. Men ser jo bedre ut på CV en med 3 år, da. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Vaniman skrev (32 minutter siden):

Husk å sjekke datoer og frister for oppmelding/registrering. Kanskje best å ringe til universitetet for å spørre, bare for sikkerhets skyld? Forøvrig er det vanlig å ta bachelorgrad på 4-5 år, så jeg ville ikke bekymret meg så mye for det. Men ser jo bedre ut på CV en med 3 år, da. 

Jo selfølgelig. Skal ta kontakt med universitetet. For meg personlig virker det bedre å bruke litt ekstra tid på å gjøre en bra jobb og få gode karakterer enn å gjøre det tja... dårlig 😂 Er bare i en kjip situasjon nå så dette virker som en god løsning. Takk for svar.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Det er heilt uproblematisk å utsette eksamenen. Det er likevel eit par utfordringar som du må sjekke opp i:

  1. Sjølv om du kan ta eksamenen samtidig som kullet under deg så er det ikkje gitt at du får følgje undervisninga. Skal du følgje undervisninga så må det mellom anna være ledig plass til deg i klassa.
  2. Ved å ikkje gjennomføre/bestå eksamenen no så får du ikkje studielånet omgjort til stipend. 1 år er relativt udramatisk men blir du forsinka med meir enn 60 studiepoeng så mister du retten til stipend og lån fram til du har bestått ein eksamen og komt under grensa igjen. Av økonomiske grunnar og for å ha litt sikkerheitsmargin så burde du vurdere å likevel avlegge ein eksamen i år for å kome deg godt under 60 studiepoeng som du ikkje har fullført. For lånekassa er det berre eit spørsmål om du har bestått, så å bestå ein eksamen og heller bruke neste år på å forbetre karakteren kan være fornuftig.
  3. CV'hol er nemnt men ikkje er veldig stort problem. Det er omtrent berre halvparten som gjennomfører bacheloren på 3 år av ei rekke ulike grunnar. Eg vil gjette på at koronaen gjer at langt fleire som studerer no ikkje kjem til å fullføre på normaltid. Det er likevel fornuftig å utnytta studietida best mulig. Så om du neste år startar på nytt med å følge undervisning som du alt har (delvis) tatt ein gong før så bør du vurdere om det frigir så mykje studiekapasitet at du kan ta eit ekstra fag parallelt og på den måten ta meir studiepoeng enn nødvendig. Skal du fyrst bruke 4 år på ein bachelorgrad så ser det litt betre ut på CVen om du har brukt 4 år på 210 studiepoeng kontra at du har brukt 3 år på å ta minimumskravet på 180 studiepoeng.
  4. Undersøk kva som er studieplanen for din bachelorgrad. I utgangspunktet er det slik at høgskulen berre har krav på seg til å tilby deg 3 forsøk på å bestå eksamenen. Dersom innholdet i faget blir endra så er det ikkje gitt at den undervisninga du har gjennomført gjer at du kvalifiserer til å gjennomføre eksamenen. Eller at ein eksamen du alt har avlagt ikkje lenger oppfyller kompetansekrava for bachelorgraden etter omlegginga. Dette er eit typisk problem for dei som etter nokre år i arbeidslivet kjem tilbake til høgskulen for å forbetre karakterar, då kan fagsamansettinga ha endra seg slik at du ikkje berre kan ta ny eksamen i det faget du vil forbetre, du må kanskje også ta nokre av dei andre faga på nytt fordi du ikkje har eksamen på at du har fullført rett type matte, språk og liknande.
  5. Kanskje litt i same retning som punkt 3, men ettersom det fortsatt er igjen ein del tid på dette semesteret så bør du vurdere å bruke tida fram til sommaren på å forberede deg skikkelig godt til neste studieår. Har du starta på bacheloroppgåva? Klarer du å fullføre den i løpet av våren og sommaren så kan det være at du har bacheloren din alt til jul. Eller i det minste at den blir langt betre ettersom du har brukt over 1 år på den i staden for berre eit semester,
  • Liker 1
Lenke til kommentar
The Avatar skrev (På 17.3.2021 den 10.16):

Takk for svar, jeg har bestemte meg for å bare å stå på og bli ferdig med bacheloren til sommer. Skulle ønske dette Covid tullet tok slutt, men ting ser bare ut til å bli verre. Gjør jeg det dårligere på et fag eller to får jeg bare ta det opp senere.

Lenke til kommentar
Zork- skrev (6 minutter siden):

Takk for svar, jeg har bestemte meg for å bare å stå på og bli ferdig med bacheloren til sommer. Skulle ønske dette Covid tullet tok slutt, men ting ser bare ut til å bli verre. Gjør jeg det dårligere på et fag eller to får jeg bare ta det opp senere.

Eg trur du gjer klokt i det. Ein bestått bachelor opner mange dører sjølv om karakterane ikkje er veldig gode. I enkelte stillingar kan det være godt nok at du er kvalifisert gjennom å ha bestått bachelor.
Du kan alltid ta opp igjen fag seinare, eller bygge vidare mot ein mastergrad om du likevel får behov for å ha meir formell tyngde i framtida.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...