Gå til innhold

Strømkabel til Tyskland gir prishopp


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
7 hours ago, uname -l said:

Det notatet viser fordelen av kraftlinjer til de nordiske landene. Nordlink går til Tyskland med skyhøy kraftpris. Strømprisene vil da selvfølgelig gå opp.

Spotprisen på kraft i Tyskland er på gjennomsnittet i Europa.  Han var høgare enn snittet før, men mykje utbygging av sol- og vindkraft har ført til lågare prisar.  Vi betaler ikkje tyske avgifter.  Vanlegvis er det om vinteren vi kan nyte godt av låg tysk kraftpris, men sommaren 2018 importerte Norden store mengder kraft frå Tyskland pga tørke her: https://www.tu.no/artikler/tyskland-har-blitt-nordens-batteri-i-sommertorken/442590

 

Både Sverige, Danmark, Finland og Nederland har òg høgare spotpris i snitt enn Noreg, men kablane fører til redusert pris likevel.  Grunnen til det er at Noreg har ein veldig einsidig kraftproduksjon basert på vasskraft.  Når det er lite vatn i magasina vert prisen ekstremt høg, med mindre han kan dempast av import.

 

Ein seinare artikkel i TU har òg frikjent Tyskland-kabelen.  Ein flaskehals pga vedlikehald midt i Sverige gjer at Sør-Sverige av og til får ekstreme prisar, og sambandet mellom Sør-Noreg og Sør-Sverige er nettopp oppe på full kapasitet:

https://www.tu.no/artikler/strompris-hopp-ogsa-i-morgen-skyldes-ikke-tysklands-kabelen/504043

 

Sør-Sverige har hatt ekstreme pristoppar i sommar òg pga vedlikehald på linjene som fraktar straum frå kraftverka i nord til forbrukarane i sør.  Noreg har òg mykje større prisskilnad mellom nord og sør enn vanleg av same grunn.  Mykje av kraftflyten mellom nord og sør i Noreg går normalt via Sverige.

Endret av Sturle S
  • Innsiktsfullt 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...