NTB - digi Skrevet 11. november 2020 Del Skrevet 11. november 2020 NHO-økonom: Hjemmekontor er kommet for å bli Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 11. november 2020 Del Skrevet 11. november 2020 Det er nok heilt rett at stadig fleire vil få tilbud om å bruke heimekontor, og at fleire av møta vil bli avholdt digitalt. Det som er det store spørsmålet er kva betydning dette vil få for arbeidsmiljølova. Dagens arbeidsmiljølova er særdeles utfordrande for arbeidsgiver å fylle opp når ein ikkje lenger kan kontrollere arbeidstakaren sin arbeidsplass. Eg er heilt sikker på at det kjem til å kome mange spennande rettslege avklaringar i framtida. For korleis skal arbeidsgiver syte for at arbeidsmiljøet på heimekontoret ditt er fullt ut forsvarleg og ivaretek både fysisk og psykisk helse når arbeidsgiver ikkje veit om du sitter krokbøyd i sofaen eller om du har skikkeleg skrivebord? Og i kor stor grad vil arbeidsgiver være ansvarleg for du har ergometisk tilpassa arbeidsplass, at luftkvaliteten i heimen din er forsvarleg, eller at du har godt arbeidslys. Det er tross alt store forskjellar mellom ein bustad og eit kontorlokale. Det er nok ikkje usannsynleg at arbeidsmiljølova må svekkast eller i det minste kraftig endrast for at at heimekontor skal kunne nyttast i stor skala også i ein normalsituasjon. Fordelane som økonomen påpeiker i form av transportkapasitet vil ein også i stor grad kunne hente ut ved å i større grad tilby fleksibel arbeidstid slik at ikkje alle treng å møte opp på kontoret mellom kl 07 og 09, enkelte hadde heilt sikkert like gjerne kunne jobba frå 12-20 om dei blei opna for det. Mitt inntrykk frå dei som eg har snakka med som er og har vært på heimekontor i år er at mange også nytta seg av muligheita til å jobbe meir fleksibelt ved å jobbe litt om morgonen, ta nokre timar pause for å hjelpe barna med heimeundervisninga, husarbeid og liknande, og at denne tida blei jobba inn på ettermiddag/kveld i staden for. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå