Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Lukket arrangement i regi av skjenkested - medbrakt alkohol?


Jakke

Anbefalte innlegg

Hei, har en gruppe som vil leie lokalet vårt, som har alle rettigheter til vanlig. Det er snakk om 3-4 timer en kveld, lukket arrangement. Det er fortsatt vi som arrangerer, vi som har ansatte på jobb, og vårt utstyr som brukes (bowling). Vil det da være lov med medbrakt?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det kjem ann på korleis det blir gjennomført i praksis. Det vil være mykje ekstraarbeid for liten inntekt å skulle få til dette.

Den som har skjenkeløyvet for lokalet er uansett ansvarleg for skjenkinga som skjer i lokalet.

Skjenking er etter alkohollova definert som salg av alkohol for drikking på staden, ELLER når bevilgningsinnehaveren veit at det blir konsumert alkohol i sitt lokale.

Du som innehaver må derfor syte for at dei vanlege reglane blir fulgt, blant anna at openbart påvirka personar må forlate lokalet, at openbart påvirka personar ikkje får servering og at gjestane ikkje får servering i eit slikt omfang at det må antakast at dei blir openbart påvirka. At servitøraren ikkje sjølv held i flaska under skjenkinga speler ingen rolle, servitøren har fortsatt ansvaret.
Brennevin kan fortsatt berre skjenkast i einheiter på 2 eller 4 cl sjølv om det er gjesten som held i flaska, og den som er ansvarleg for skjenkinga må ha kontroll på talet på skjenkingar.

 

Dette kan være gjennomførbart så lenge du til ei kvar tid har oversikt over alkoholkonsumering. I praksis vil det være særdeles vanskeleg å ha kontroll på at alkohol-lov og forskrift blir fulgt om det er mange i lokalet. Det er ditt skjenkeløyve eventuelle brudd vil gå utover, og du vil antagelegvis ikkje ha særleg med inntekt når gjestane er sjølvforsynte.

Den enklaste måten å løyse dette på i praksis og samtidig ha kontroll er ved å kreve at gjestane må levere inn alkoholen f.eks. bak bardisken og at gjestane må gå til baren for å enten blir skjenka eller få skjenke sjølv under oppsyn frå den ansvarlege. På den måten vil servitør/bartender kunne klare å holde oversikt over alkoholkonsumet. Alkohol som blir til overs kan du mest sannsynleg ikkje la gjesten få med seg heim etterpå på grunn av forbodet mot å ta med seg skjenka alkohol ut frå serveringsstaden.

 

Det enkle og kjedelige svaret er at du bør ta kontakt med kommunen som gitt deg skjenkebevilgninga for ei vurdering av lovlegheita av det du planlegg. Sjølv om skjenkekontrolløren dukker opp og ikkje er fornøgd med måten det blir servert alkohol på så er det formelt kommunestyret i den aktuelle kommunen som etter å ha mottatt rapport frå kontrolløren tek stilling til om du skal ileggast reaksjon eller om kommunen meiner at du dreiv i lovlege former.

 

Eg vil på det sterkaste anbefale at du seire nei til å arrangere ein slik kveld. Du pådreg deg ein betydeleg økonomisk risiko der du riskerer både å miste skjenkebevilgninga for mange veker, bøter på mange titusenar, (og i ytterste konsekvens til og med fengselsstraff), alt dette for det som eg må anta er ei venneteneste utan sægleg økonomisk gevinst.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...