Gå til innhold

Penger til hydrogen, avgifter på elbil: Her er teknologi­nyhetene i statsbudsjettet [Ekstra]

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Mykje bra her. Årsavgift for elbilar er heilt i orden, og gjer det mindre attraktivt å berre sitje på ein elbil ein knapt brukar fordi det ikkje kostar noko. No kostar det i alle fall litt, og vonaleg kjem då litt fleire brukte elbilar ut på marknaden.

Auka rekkjeviddekrav til ladbare hybridar er svært bra. Vi veit frå før at press på bilprodusentane fungerer, og at dei er raske til å tilpasse modellane til nye krav.

Auka avgifter på eksosbilar er naturleg, for å oppretthalde inntektene samstundes som ein stadig større del av bilparken vert elektrifisert. Det er òg god politikk at auken er størst for dei modellane som i dag har eit stort utval av elektriske alternativ.  Eg forstår derimot ikkje kvifor vegbruksavgifta på diesel går ned og tilsvarande avgift på biodiesel går opp, slik at vegbruksavgifta for biodiesel no er høgare enn avgifta på diesel!  Heller ikkje at LPG får høgare avgift enn diesel.  Diesel vert mykje brukt av tyngre køyrety, som står for nesten all vegslitasje.

Delelektrifisering med hybridtog er bra. Når elektrifiseringa kjem langt nok kan mellomvogna med dieselgenerator bytast med ei batterivogn.

Satsinga på forskning og elektrifisering av ferjer på fylkesvegnettet og hurtigbåtar er òg svært bra. Det er godt at regjeringa har klart å finne so mykje pengar til det i eit korona-budsjett.

Bob-bob: 100 millionar til hydrogen er vekkasta pengar. Her har dei høyurt for mykje på misjonærane frå den evangeliske hydrogenkyrkjelyden, men heldigvis er 100 millionar alt for lite til at det vil vere økonomisk fornuft i noko som helst av hydrogenprosjekt. ASKO fekk 50 millionar for fire hydrogenlastebilar for nokre år sidan. Lastebilane skulle vere på vegen i 2018, men vart eit par år forseinka. Den fyrste av dei, HY10427, skulle vore på EU-kontroll innan 3. september i år. Sidan ASKO ikkje har klart å få bilen EU-godkjend, reknar eg med at det prosjektet ikkje går spesielt bra.

CO2-lagring har eg heller ikkje mykje tru på. Fornybar energi kjem til å erstatte fossil før dei har klart å komme skikkeleg i gang. Då er det betre å produsere kol frå biologisk materiale og avfall og lagre det. Ein kan hente ut mykje energi utan å brenne alt karbonet.

Manglar: Kvar er pengane til Stad skipstunnel?

Endret av Sturle S
  • Liker 5
Lenke til kommentar

Det å øke rekkeviddekravet til 75 km for ladehybrider er den rene galskap og viser at politikken baseres på lobbyvirksomhet fra masekoppene i Elbilforeningen, myter og renspikket ignoranse. Med folks kjøremønster så er det et naturlig knekkpunkt for elrekkevidde hvor ytterligere økning i batterikapasitet gir minimalt(og i visse tilfeller negativ) miljøgevinst. Det er ikke nok med 19,2 milliarder i årlige elbilincentiver uten et eneste regnestykke på hva man får igjen, nå skal enda mer samfunnskost hives i toalettet fordi man har en politisk ledelse som aldri har tatt i en kalkulator.

Naiviteten er fullkommen når man innbiller seg at de store bilprodusentene vil ta hensyn til særregler innført av lille Norge. Konsekvensen er at færre ladehybrider blir attraktive og at istedet for at man får veldig mye miljøgevinst med lite incentiver så blir folk kjørende med gammal diesel eller at statskasse og lommebok må til med uhorvelige beløp for et helektrisk alternativ.

PS! Tysklands statsleder var best i klassen i matematikk og innehar en doktorgrad i fysikk. Her i landet blir man som politiker sett rart på om man har realfagskompetanse utover ungdomsskolen. Det bør være et tankekors for alle som fortest mulig vil kvitte seg med oljeindustriens overflødighetshorn til fordel for "et eller annet grønt skifte".

Endret av uname -l
  • Liker 2
Lenke til kommentar

Flaut å se at havvind får 0, og hydrogen får 100 millioner mens land i nærheten kaster seg på for å bli verdensledende i disse to segmentene som går som hånd i hanske. 

Vi kunne vært verdensledende med topp kompetanse for solceller i dens bede start, men regjeringen kødda seg bort der, og nå virker det som om de gjør det samme med havvind og hydrogen i tillegg. 

Lenke til kommentar
26 minutes ago, uname -l said:

Det å øke rekkeviddekravet til 75 km for ladehybrider er den rene galskap og viser at politikken baseres på lobbyvirksomhet fra masekoppene i Elbilforeningen, myter og renspikket ignoranse. Med folks kjøremønster så er det et naturlig knekkpunkt for elrekkevidde hvor ytterligere økning i batterikapasitet gir minimalt(og i visse tilfeller negativ) miljøgevinst.

Du latar som om du veit veldig mykje om folk sine køyremønster.  Kan hende 50 km er eit knekkpunkt for ditt eige køyremønster, men du er ikkje representativ.  For oss ville 50 km vore for lite til at sjølv tur-retur jobb kunne vore gjort elektrisk.  Heller ikkje turar til butikken og køyring etter skulen, fordi det er for kort tid til å lade opp bilen under middagen (som uansett er ei dårleg tid å lade bilen på, fordi forbruket då er på deg høgaste).  Det tek 7 timar å lade ein Outlander PHEV heilt opp frå ein 10A-kurs.  På ein hurtigladar tek det 25 minutt å lade til 80%, men det vert dyrt for å køyre fire mil elektrisk.

Bilindustrien på kontinentet snakkar om den kommande "hybridgate", fordi dei veit at ladehybridar ikkje vert køyrt på langt nær like mykje elektrisk som dei offissielle utsleppstala tilseier.  Difor er ladehybridar uteletne i mange land sine nye tiltakspakkar for elbilar.  Ladehybridar gjer òg krav på mykje meir infrastruktur, sidan dei må ladast mykje oftare for å ha effekt.  Køyrer eg 65 km til nabobygda for å handle varer eg ikkje får tak i her, må eg lade lenge på ein ladestasjon der for å kunne køyre meir enn halve turen på straum.  Nesten alle elbilar klarer fint tur-retur utan å lade.

Quote

Naiviteten er fullkommen når man innbiller seg at de store bilprodusentene vil ta hensyn til særregler innført av lille Norge.

Dei var raske med å tilpasse seg kravet til 50 km elektrisk rekkjevidde.  Kvifor trur du dei vil vere seinare med å tilpasse seg 75 kWh?  I verste fall må dei setje inn opp til 50% større batteri, men mange har allereie modellar klare som dei leverer til andre marknadar med tilsvarande krav.  Honda Clarity PHEV, til dømes.  75,2 km elektrisk rekkjevidde (EPA, meir med WLTP).  Kvifor er ikkje den til sals i Noreg?

Quote

PS! Tysklands statsleder var best i klassen i matematikk og innehar en doktorgrad i fysikk. Her i landet blir man som politiker sett rart på om man har realfagskompetanse utover ungdomsskolen. Det bør være et tankekors for alle som fortest mulig vil kvitte seg med oljeindustriens overflødighetshorn til fordel for "et eller annet grønt skifte".

Tyskland er eit av landa som nyleg har forsterka elbil-fordelane utan å ta med ladehybridar.

Endret av Sturle S
  • Liker 3
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (2 minutter siden):

Dei var raske med å tilpasse seg kravet til 50 km elektrisk rekkjevidde.  Kvifor trur du dei vil vere seinare med å tilpasse seg 75 kWh?

Norge har ingen bilprodusenter, og er et lite marked. Det er utlandet som bestemmer utformingen til PHEV produktene. 

Eneste PHEV med nye regler som havner innenfor disse kravene er Polestar 1 og Toyota RAV4 (såvidt). Altså fjerner man ekstremt mange som ellers fungerer for svært mange mennesker med mindre krav for daglig rekkevidde enn deg selv, som på ingen måte er representativ. Rart at du bruker det argumentet mot noen, også bruker du deg selv for å forklare ditt behov og fordrer at ditt behov liksom er representativt? Wow. 

Lenke til kommentar
4 minutes ago, Sturle S said:

Honda Clarity PHEV, til dømes.  Kvifor er ikkje den til sals i Noreg?

Honda gjør det veldig dårlig i Norge. Jeg syns Clarity er en spennende bil, og særlig PHEV. Har fått gode omtaler også, og personlig liker jeg det spesielle designet, den skiller seg ut. Men bilen er vel først og fremst en compliance car som blir solgt i CA.

Lenke til kommentar
1 minute ago, kremt said:

Nettopp.  Ladehybridar med plenty elektrisk rekkjevidde finst som compliance-bilar i andre land, men dei kjem ikkje til Noreg fordi norske avgifter ikkje legg opp til det.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

RAV4 phev kommer til å selge i bøtter og spann. Kanskje primært for gruppen 60+. Og det er jo en veldig god bil. Er Clarity en REX, eller ordinær ladehybrid? Rex biler har alltid gjort det dårlig i Norge pga hinsides prising, bla husker jeg Volt og Ampera nesten ikke solgte.

Lenke til kommentar

Ok, jeg gidder ikke å begi meg inn på enda en diskusjon basert på at Sturle har 100 mil til hytta og 70 km til butikken. Jeg og andre har forelagt tall og statistikk over folks kjøremønster ved flere anledninger. At det gang på gang går inn det ene øret og ut det andre får man bare ta til etterretning.

Sturle S skrev (1 time siden):

Dei var raske med å tilpasse seg kravet til 50 km elektrisk rekkjevidde. 

Ja, fordi det er kravet veldig mange steder i verden med hundrevis av millioner bilkunder. Derfor bør vi legge oss på det samme i stedet for å komme med fantasikrav for vår bittelille befolkning. 

Sturle S skrev (1 time siden):

Tyskland er eit av landa som nyleg har forsterka elbil-fordelane utan å ta med ladehybridar.

Ladehybrider har opptil €6750 i avslag og redusert moms. Elbiler har opptil €9000. I tillegg har man et 95 grams-regime som hovedsaklig er teknologinøytralt. En statsleder med doktorgrad i fysikk overlater dermed metodikken til bilprodusenter som faktisk kan dette, mens i Norge sitter det poltikere med grunnfag i hekling&veving og detaljstyrer teknologi. Et paradoks.

Endret av uname -l
  • Liker 2
Lenke til kommentar
22 minutes ago, uname -l said:

Ok, jeg gidder ikke å begi meg inn på enda en diskusjon basert på at Sturle har 100 mil til hytta og 70 km til butikken. Jeg og andre har forelagt tall og statistikk over folks kjøremønster ved flere anledninger. At det gang på gang går inn det ene øret og ut det andre får man bare ta til etterretning.

Ja, vi har diskutert dette før.  Dersom alle køyrer eksakt som gjennomsnittet kvar dag, kan lade batteriet fullt opp på 20 minutt og har nesten ingen avvik frå dette går det fint opp.  Då vil òg ein elbil med 100 km rekkjevidde rekkje fint til 95% av køyringa.  Problemet er at ingen er som gjennomsnittet.  Det veit både politikarane og bilindustrien.

22 minutes ago, uname -l said:

Ja, fordi det er kravet veldig mange steder i verden med hundrevis av millioner bilkunder. Derfor bør vi legge oss på det samme i stedet for å komme med fantasikrav for vår bittelille befolkning. 

Mange bilar er produsert for marknadar med strengare krav enn Noreg og klarer 75 km fint.  Til dømes USA-versjonen av Toyota RAV4, Honda Clarity PHEV, Polestar 1, Karma Revero og BMW i3 REx.  Opel Ampera, som no er ute av produksjon, klarer òg det kravet fint.  Kor mange ladbare hybridar er det som klarer 50 km, men ikkje 75 km?  Tek vi utgangspunkt i denne lista over modellar produsert for USA er det to modellar, men desse bilane er produsert for USA.  Bilprodusentane puttar gjerne inn større batteri når det trengst for å gjere bilen lettare å selje.  Mange av desse finst i Noreg i variantar med større batteri og betre elektrisk rekkjevidde.  Dei kjem til å komme med større batteri når kravet vert strengare.  BMW 530e har til dømes elektrisk rekkjevidde på 61 km i Noreg, som er nesten det dobbelte av rekkjevidda i USA (32 km).  Mercedes GLE 350 har heile 99 km elektrisk rekkjevidde i Noreg.  Det er ein god illustrasjon av at bilprodusentane gjerne tilpassar modellane til ulike marknadar.  Batteristorleik er ei billig tilpasning som òg er eit godt salsargument i mange andre land:

https://cdn.motor1.com/images/custom/phev-car-range-compared-for-us-20200709.png

22 minutes ago, uname -l said:

Ladehybrider har opptil €6750 i avslag og redusert moms. Elbiler har opptil €9000. I tillegg har man et 95 grams-regime som hovedsaklig er teknologinøytralt. En statsleder med doktorgrad i fysikk overlater dermed metodikken til bilprodusenter som faktisk kan dette, mens i Norge sitter det poltikere med grunnfag i hekling&veving og overstyrer teknologibeslutninger. Et paradoks.

Subsidiemodellen fungerer veldig dårleg fordi mange bilar vert registrert i Tyskland og eksportert direkte vidare til land med norsk modell.  Vi har forresten òg null i CO2-avgift for bilar med lågt utslepp, men grensa går ved 87 gram.  Heilt teknologinøytralt.

  • Liker 3
Lenke til kommentar
1 hour ago, kremt said:

RAV4 phev kommer til å selge i bøtter og spann. Kanskje primært for gruppen 60+. Og det er jo en veldig god bil. Er Clarity en REX, eller ordinær ladehybrid? Rex biler har alltid gjort det dårlig i Norge pga hinsides prising, bla husker jeg Volt og Ampera nesten ikke solgte.

REx-bilane er relativt dyre pga høg elektrisk rekkjevidde, samstundes som avgiftsfordelen er den same som bilar med kort elektrisk rekkjevidde.  Då desse kom var avgiftene dei same om ladehybriden gjekk 10 km eller 100 km elektrisk.  Ved å berre ha eitt hopp i avgiftene ved kort elektrisk rekkjevidde, favoriserer vi bilar med elektrisk rekkjevidde rett over grensa.  Hadde vi lagt lista ved 200 km eller hatt ein ny knekk i avgiftene der, trur eg REx-bilar hadde fått ein renessanse.  Då er bensinmotoren ein rekkjeviddeforlengar i praksis, ikkje berre ein ekstra motor.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
34 minutes ago, Sturle S said:

Subsidiemodellen fungerer veldig dårleg fordi mange bilar vert registrert i Tyskland og eksportert direkte vidare til land med norsk modell.  Vi har forresten òg null i CO2-avgift for bilar med lågt utslepp, men grensa går ved 87 gram.  Heilt teknologinøytralt.

Blir ikke Norge en del av EU kvoten fra 2021? Nå kan det nok fortsatt bli registrert mange biler i Tyskland i 6 måneder før de blir eksportert. Da kan man vel spare ca 10 tusen € og fortsatt få fradrag for tysk mva ved kjøp fra forhandler der nede.

Lenke til kommentar
Sturle S skrev (44 minutter siden):

Ja, vi har diskutert dette før.  Dersom alle køyrer eksakt som gjennomsnittet kvar dag, kan lade batteriet fullt opp på 20 minutt og har nesten ingen avvik frå dette går det fint opp.  Då vil òg ein elbil med 100 km rekkjevidde rekkje fint til 95% av køyringa.  Problemet er at ingen er som gjennomsnittet.  Det veit både politikarane og bilindustrien.

Fint at man nå kan diskutere ladehybrider med utgangspunkt i befolkningens faktiske kjøremønster og ikke oppkonstruerte scenarier fra en eller annen gudsforlatt plass.

Ja, det er variasjon rundt gjennomsnittet, men 50 km er mye mer enn gjennomsnittet og det er rimelig å anta at den elrekkevidden fanger opp veldig mange(Jeg mener jeg fant ut av statistikken i et tidligere innlegg at det gjaldt veldig mange, men jeg har glemt hvor nå. Burde kanskje bokmerket det siden det samme besvarte spørsmålet popper opp med jevne mellomrom).

Og det er ikke sånn at man har en haug biler med forskjellige egenskaper som fordeles tilfeldig ut på kundene. Folk kjøper den bilen som passer sitt eget behov og økonomi. Hvis det eneste man gjør er å kjøre 15 mil mellom A og B så er elbil best. Det du ser ut til å glemme er at det allerede ligger et incentiv i å ha en dekkende elrekkevidde for dagligbehovet når man sparer 90% i drivstoff på å kjøre på strøm. Med andre ord så har man allerede en fungerende mekanisme og trenger ikke en politiker som sier "DU trenger 75 km elrekkevidde". Men man må altså gjøre et valg og da er det naturlig å ligge på den grensen som er satt i andre land. Det er helt meningsløst å sette en grense som ekskluderer omtrent alt av ladehybrider.

Sturle S skrev (44 minutter siden):

Mange bilar er produsert for marknadar med strengare krav enn Noreg og klarer 75 km fint.  Til dømes USA-versjonen av Toyota RAV4, Honda Clarity PHEV, Polestar 1, Karma Revero og BMW i3 REx. 

Greit å få seg en ny definisjon på "mange". Av de bilene du nevner der er to rene eksotiske nisjebiler og én som ikke produserers lengre. Det man har i Norge som tilfredsstiller kravene er to luksus-SUV'er fra Merce og BMW pluss Toyota RAV4 Prime(laange ventelister).

Hvilke markeder er det strengere krav? Kina har 50 km på ladehybrid. USA har et litt annet system, men skattekreditten makser ut på litt under 50 km om man regner fra kWh. Noe forresten figuren din viste.

Endret av uname -l
Lenke til kommentar
2 minutes ago, uname -l said:

Fint at man nå kan diskutere ladehybrider med utgangspunkt i befolkningens faktiske kjøremønster og ikke oppkonstruerte scenarier fra en eller annen gudsforlatt plass.

Vi veit ingenting om faktisk køyremønster, berre eit gjennomsnitt som ikkje seier mykje om variasjonen.  Då måtte vi ha sensorar i bilane som faktisk sjekkar.  Det har bilane.  Det er difor sjefen for Bosh åtvarar mot "hybridgate".  Kjem faktiske forbruksdata ut, vert det ei mykje større skandale enn "dieselgate". 

2 minutes ago, uname -l said:

Greit å få seg en ny definisjon på "mange". Av de bilene du nevner der er to rene eksotiske nisjebiler og én som ikke produserers lengre. Det man har i Norge som tilfredsstiller kravene er to luksus-SUV'er fra Merce og BMW pluss Toyota RAV4 Prime(laange ventelister).

Det kjem fleire til Noreg med det nye avgiftsregimet.  Berre vent.  Folk klagde på det same då vi sette grensa ved 50 km, men det retta seg fort opp.  Som eg nettopp har illustrert set bilprodusentane gjerne inn større batteri for å tilfredsstille spesielle krav.  Vi får det minste som tilfredstiller kravet.

2 minutes ago, uname -l said:

Hvilke markeder er det strengere krav? Kina har 50 km på ladehybrid. USA har et litt annet system, men skattekreditten makser ut på litt under 50 km om man regner fra kWh. Noe forresten figuren din viste.

Eg har ikkje oversikt over gjeldande krav i ulike land.

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (5 minutter siden):

Vi veit ingenting om faktisk køyremønster, berre eit gjennomsnitt som ikkje seier mykje om variasjonen. Då måtte vi ha sensorar i bilane som faktisk sjekkar.

Det er rimelig å anta at når 75% av kjøreturene er under 10km så vil 50 km elrekkevidde være dekkende for de fleste. Noe annet er ren kverulering hvor man ikke kan godta noe som helst om man ikke har implementert en sensor i hver eneste bil som finnes.

Sturle S skrev (9 minutter siden):

  Det er difor sjefen for Bosh åtvarar mot "hybridgate".  Kjem faktiske forbruksdata ut, vert det ei mykje større skandale enn "dieselgate". 

Dette har ikke noe med kjøremønster å gjøre, men at Tyskland har et fyllemønster som ikke er gunstig pga vanvittige strømpriser og lite fornuftig firmabilordning. Her i Norge har vi billig strøm og firmabilordningen er lettere å gjøre noe med enn å prøve å vedta seg vekk fra fysiske realiteter.

Sturle S skrev (11 minutter siden):

Det kjem fleire til Noreg med det nye avgiftsregimet.  Berre vent.  Folk klagde på det same då vi sette grensa ved 50 km, men det retta seg fort opp.  Som eg nettopp har illustrert set bilprodusentane gjerne inn større batteri for å tilfredsstille spesielle krav.  Vi får det minste som tilfredstiller kravet.

Du har ikke vist noe som helst annet enn at BMW 530 har kommet i en ny generasjon med større batteripakke. Det tok nærmere 3 år  å få til.  Biler er designet hvor hvert eneste gram og hver eneste millimeter er viktig. Naivt å å tro at bilprodusentene vil snu seg rundt og redesigne bilen med en 50% større batteripakke for minimarkedet i Norge.

Lenke til kommentar
11 minutes ago, uname -l said:

Det er rimelig å anta at når 75% av kjøreturene er under 10km så vil 50 km elrekkevidde være dekkende for de fleste. Noe annet er ren kverulering hvor man ikke kan godta noe som helst om man ikke har implementert en sensor i hver eneste bil som finnes.

Du veit ingenting om det er mogeleg å lade der køyreturen på 10 km startar.  Har du køyrt til hytta og batteriet er tomt, kan det verte mange køyreturar på 10 km før du får lada.  Same om du har komme heim frå jobb og skal køyre ungar på trening eller på butikken for å handle.  Dersom 80% av dei korte køyreturane er i den kategorien, er det svært lite å spare på en ladehybrid.  Det som er heilt sikkert er at det er urimeleg å anta at alle køyrerturar på 10 km kan køyrast elektrisk.

11 minutes ago, uname -l said:

Dette har ikke noe med kjøremønster å gjøre, men at Tyskland har et fyllemønster som ikke er gunstig pga vanvittige strømpriser og lite fornuftig firmabilordning. Her i Norge har vi billig strøm og firmabilordningen er lettere å gjøre noe med enn å prøve å vedta seg vekk fra fysiske realiteter.

Vi har det same problemet i alle land.  Når arbeidsgjevar betaler bensinen, men du sjølv må betale straumen når du ladar heime, er det få som ladar.

11 minutes ago, uname -l said:

Du har ikke vist noe som helst annet enn at BMW 530 har kommet i en ny generasjon med større batteripakke. Det tok nærmere 3 år  å få til.  Biler er designet hvor hvert eneste gram og hver eneste millimeter er viktig. Naivt å å tro at bilprodusentene vil snu seg rundt og redesigne bilen med en 50% større batteripakke for minimarkedet i Norge.

Trur du verkeleg at BMW er so fullstendig korka at dei ikkje har teke høgde for at krava vert strengare for kvart år som går?  Då hadde selskapet vore konkurs for lenge sidan.  Dersom det er sant kjem heile styret til å ryke på neste årsmøte.

  • Liker 4
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (23 minutter siden):

Du veit ingenting om det er mogeleg å lade der køyreturen på 10 km startar.  Har du køyrt til hytta og batteriet er tomt, kan det verte mange køyreturar på 10 km før du får lada. 

Ok, så vi er tilbake på disse veldig representative eksemplene dine igjen. Hva om alle småturene man har er på en hytte uten strøm og med flatt batteri? Vel da ville jeg helt klart foretrukket noe med en bensinmotor framfor å være miljøvennlig og sulte i hjel.

Sturle S skrev (25 minutter siden):

Det som er heilt sikkert er at det er urimeleg å anta at alle køyrerturar på 10 km kan køyrast elektrisk.

Det er det ingen som antar heller. Antagelsen er at med 50 km elrekkevidde så vil de fleste 10 km-turer gå elektrisk. Det er gjennomsnittlig forbruk som teller.

Sturle S skrev (27 minutter siden):

Vi har det same problemet i alle land.  Når arbeidsgjevar betaler bensinen, men du sjølv må betale straumen når du ladar heime, er det få som ladar.

Da tilpasser man firmabilordningen til en miljøvennlig teknologi.

Sturle S skrev (27 minutter siden):

Trur du verkeleg at BMW er so fullstendig korka at dei ikkje har teke høgde for at krava vert strengare for kvart år som går?  Då hadde selskapet vore konkurs for lenge sidan.  Dersom det er sant kjem heile styret til å ryke på neste årsmøte.

BMW tar høyde for hva de store markedene(EU/Kina/USA) gjør. Styret får sparken om de baserer hele selskapets strategi på symbolske politikersprell fra miniputter som Norge, Marshalløyene og Vatikanstaten.

Forresten noe i et tidligere innlegg av deg jeg glemte å kommentere. Men det trengs egentlig ikke.

Sturle S skrev (3 timer siden):

 Det tek 7 timar å lade ein Outlander PHEV heilt opp frå ein 10A-kurs.  

Ladehybridar gjer òg krav på mykje meir infrastruktur, sidan dei må ladast mykje oftare for å ha effekt. 

Lenke til kommentar
4 hours ago, Sturle S said:

Mykje bra her. Årsavgift for elbilar er heilt i orden, og gjer det mindre attraktivt å berre sitje på ein elbil ein knapt brukar fordi det ikkje kostar noko. No kostar det i alle fall litt, og vonaleg kjem då litt fleire brukte elbilar ut på marknaden.

Jeg har ikke tenkt slik på det før, men det er kanskje en viss rimelighet i at når en får momsfritak, så må en bidra litt. Kanskje en da ikke skal se det som et momsfritak men en momsutsettelse. Men utover det synes jeg avgifter bør legges til bruk.

4 hours ago, Sturle S said:

Auka rekkjeviddekrav til ladbare hybridar er svært bra. Vi veit frå før at press på bilprodusentane fungerer, og at dei er raske til å tilpasse modellane til nye krav.

Jeg synes det burde vært en egen lavere avgiftsklasse for bil med "hjelpemotor". Det er vel bare BMW i3 REx som passer i den beskrivelsen i den viste listen. Strengt tatt vil vel de fleste som ikke klarer seg med en ren elbil kunne klare seg med en slik bil. Altså ikke i3 størrelse, men skalert tilsvarende den.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
18 hours ago, uname -l said:

Ok, så vi er tilbake på disse veldig representative eksemplene dine igjen. Hva om alle småturene man har er på en hytte uten strøm og med flatt batteri? Vel da ville jeg helt klart foretrukket noe med en bensinmotor framfor å være miljøvennlig og sulte i hjel.

Eg veit ikkje korleis bensinmotor skal kunne hjelpe deg her.  Dersom du er talentlaus nok til å køyre batteriet flatt i ein slik situasjon, og tydelegvis heller ikkje hugsar å kjøpe mat, har du heilt sikkert ikkje hugsa å fylle bensintanken heller. 

Bilprodusentane har detaljerte data om kvar einaste bil og veit kva som er representativt.  Slik satistikk ynskjer ikkje bilprodusentane å dele med andre.  Du og enkelte andre kjem med store teoretiske utlegningar om kvifor ladbare hybridar heilt sikkert har mykje lågare utslepp enn WLTP seier, fordi dei berre brukar bensinmotoren annankvar jul og påske.  Dersom dei reelle utsleppa faktisk var lågare enn WLTP seier, er eg 100% sikker på at bilprodusentane gjerne hadde delt informasjonen.  Volvo gjorde det før i ein kort periode då berre entusiastar kjøpte ladbar hybrid.  Sidan bilprodusentane ikkje lenger deler slike data, kan du vere 100% sikker på at dei reelle utsleppa er høgare enn det WLTP seier, og dermed veldig mykje høgare enn det du og enkelte andre teoretiserer om.

Edit: Og der kom rapporten som gjev meg rett: https://www.tu.no/artikler/ny-rapport-ladbare-hybridbiler-kjorer-stort-sett-fossilt/500503

Quote

Det er det ingen som antar heller. Antagelsen er at med 50 km elrekkevidde så vil de fleste 10 km-turer gå elektrisk. Det er gjennomsnittlig forbruk som teller.

Og det trur eg ikkje er rimeleg å anta.  Eg veit frå eiga erfaring at mange av mine eigne korte turar kjem rett etter eller i samband med ein mykje lengre tur, og utgangspunktet er ofte ikkje heimen.  Når eg fyrst reiser vekk, har eg gjerne fleire ærend der.

Quote

Da tilpasser man firmabilordningen til en miljøvennlig teknologi.

Eg har tidlegare argumentert for at ein kan basere avgiftene på faktisk køyremønster på bensin og straum, men då treng vi ei lov som pålegg produsentane å dele data.  Til dømes ved at dei rapporterer ved kvar EU-kontroll.  Då kan ladbare hybridar betale full avgift, og få att prosentvis so mykje dei har gått på straum.  Det vil føre til eit visst press frå firmaet som eig bilen om at eigaren må lade heime.  Det er mykje problematisk her.  Arbeidsgjevar kan til dømes kompensere brukaren for straumen han brukar til å lade heime, men kan berre gløyme å få att mva for den straumen.  Bensin får han att mva for.

Quote

BMW tar høyde for hva de store markedene(EU/Kina/USA) gjør. Styret får sparken om de baserer hele selskapets strategi på symbolske politikersprell fra miniputter som Norge, Marshalløyene og Vatikanstaten.

Dersom du meiner at avgiftsendringar berre er ei symbolsk handling, forstår eg ikkje kva du grin over.

Eg har forresten sjekka – av dei få EU-landa som gjev fordlear til PHEV (utanom generelt lågare avgift pga lågare utslepp der innslagspunktet varierer mellom 0 og 140 gCO2/km) er det berre Tyskland som stiller krav til elektrisk rekkjevidde.  Kravet i Tyskland er 40 km.  Elles finst det mange rare fordelar, som i Danmark der du får 1700 kroner pr kWh batteri.  Då kan du gjerne forklare meg kvifor dei fleste modellar til sals i Noreg har lagt seg rett over 50 km, om ikkje norske krav har noko med saka å gjere?  Tyskland er ein mange gonger større marknad, so kvifor ikkje 40 km, dersom dei får sparken for å bry seg om å selje bilar i Noreg?

Kjelde: https://www.eafo.eu/countries/european-union/23640/incentives

Endret av Sturle S
  • Liker 4
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...