Gå til innhold
Spørsmål om koronaviruset? Still spørsmål her ×

Er det for enkelt å teste seg for korona?


torbjornen

Anbefalte innlegg

Kommunelegen i Kinn kommune (Florø) i Sogn og Fjordane meiner det er for enkelt å teste seg, og får støtte frå laboratoriet i Helse Førde der kapasiteten er i ferd med å bli sprengt. Frå firda.no:

 

Sitat

 

På laboratoriet i Førde hopar det seg opp av koronaprøver: – Vi er på maks no

MAKSA KAPASITETEN: Laboratoriet i Førde har utnyttar alt dei kan når dei no analyserer koronaprøver.

MAKSA KAPASITETEN: Laboratoriet i Førde har utnyttar alt dei kan når dei no analyserer koronaprøver. Foto: Camilla Aasen Bøe (arkiv)

Publisert:08. september 2020, kl. 20:13

Kommuneoverlegen i Kinn meiner ein må gå tilbake til selektiv testing. Han får støtte frå laboratoriet i Helse Førde.

 
DEL
  •  
  •  
  •  

– No køyrer vi så mange testar per dag at vi har utnytta alt vi har, seier Reidar Hjetland, avdelingssjef og overlege ved Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde.

Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, meiner ein bør tilbake til selektiv testing av korona før laboratoriet tar knekken.

– Vi er i ferd med å knekke kapasiteten på laboratoriet. No har vi halde på med å teste så mange over lang tid, og det er berre eit spørsmål om når det vil hope seg opp på laboratoriet og vi får lengre ventetid på prøvesvara, seier Dale.

Dette kan skape ein uheldig situasjon om det skulle komme eit utbrot i området, meiner Dale.

– Dette kan gjere at den dagen vi treng svar på prøvene fort, ved eit utbrot, kan det vere at vi har drepe all kapasiteten på laboratoriet og overbelasta systemet. Det er då det er viktig å få svar fort, seier han.

1721 prøver analysert til no i september

Det bildet kommuneoverlege Dale skildrar blir bekrefta av avdelingssjef og overlege ved Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Reidar Hjetland.

– Vi er på maks no. Eg veit ikkje om dette er berekraftig på sikt, seier han.

Blant kommunane i Sogn og Fjordane er det berre sjukehuset i Førde som har moglegheita og utstyret til å analysere koronaprøvene. Der er det sju bioingeniørar som hovudsakleg jobbar med desse analysane.

Så langt i september har Helse Førde analysert 1721 koronaprøver.

– Det er både maskiner utstyr og personale som er pressa av denne pågangen, seier Hjetland.

I tillegg vert andre prøver som dei analyserer sett på vent.

– Vi har også andre prøver som vert analysert her, og på grunn av pågangen er vi nøydde til å nedprioritere dei. Dei vert utførte, men vi må utføre dei sjeldnare. Dette medfører lengre svartid på enkelte prøver, seier han.

TILBAKE TIL SELEKTIV TESTING: Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, meiner ein bør tilbake til selektiv testing av koronaviruset før ein tar knekken på kapasiteten på laboratoriet.

TILBAKE TIL SELEKTIV TESTING: Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, meiner ein bør tilbake til selektiv testing av koronaviruset før ein tar knekken på kapasiteten på laboratoriet. Foto: Linda Regina Bruvik

Bekymra for forsyning

Hjetland er også bekymra for at dei går tom for materiale som dei treng for å analysere prøvene.

– Vi har kjemiske substansar som vert brukt i ein slik analyse. Dette er noko som blir bestilt frå internasjonale leverandørar. Vi har eit avgrensa lager med dette. Vi risikerer rett og slett å bruke det opp.

Å få tak i nytt utstyr er heller ikkje lett.

– Alle laboratorium i heile verda treng dette. Det kan fort oppstå eit leveranseproblem. Eg er bekymra for forsyninga slik testsituasjonen er no, seier han.

– Held vi på slik kan vi få ein vanskeleg situasjon

Før dei på laboratoriet kan starte med å analysere prøven må dei registrerast i systemet. Dette er det sekretærane som gjer.

– Den siste tida har talet på prøver blitt mangedobla. Dette har medført eit ekstra press på sekretærane våre, og det oppstår gjerne ein flaskehals når dei skal registrere prøvene, seier Hjetland.

Han har tydleg merka forskjell på arbeidsmengda etter at regjeringa opna for at alle som ville kan teste seg. Per no klarar dei som oftast å svare testarane same dag som prøven er tatt.

– Det tar totalt fem til seks timar å få analysert ein prøve, og det hender at vi ikkje får moglegheita til å gje svar same dagen, seier Hjetland.

For han og kollegaene på laboratoriet hadde det vore betre å gå tilbake til ei meir selektiv testing slik som kommuneoverlegen i Kinn ønsker.

– Frå vår synsvinkel ville det vore best. No ut over hausten startar sesongen for luftvegsjukdommar og influensaen kjem. Vi kjem til å vere i ein vanskelegare situasjon då om vi skal halde på slik. Og om eit utbrot kjem her vil det å kunne gi svar på prøvene raskt vere veldig viktig i smittesporinga.

 

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
torbjornen skrev (1 time siden):

Kommunelegen i Kinn kommune (Florø) i Sogn og Fjordane meiner det er for enkelt å teste seg, og får støtte frå laboratoriet i Helse Førde der kapasiteten er i ferd med å bli sprengt. Frå firda.no:

 

Bak betalingsmur. Ellers er dette akkurat som forutsagt. Erna leker krig i Baltikum og bruker sinnsykt med penger på kuler og krutt. Alt sammen i en idiotisk maglomanisk geopolitisk ambisiøs utenrikspolitikk. Sete i sikkerhetsrådet. General sekretær i NATO. Store bidrag til NATOS stående respons styrke og fylkes kommuner som ikke har penger. Kommunale avgifter på opp mot 25.000, kr per husstand. Økte avgifter som rammer de som har minst. Sinnsyke betalings ordninger for bompenger og generellt så trange kår at det begynner å åpne seg store gap mellom fattig og rik i dette landet. Nå skal høyre stramme grepet og øke straffene til folk og hvis du skal inn i landet må du ha penger. Høyre med rattet. Dette er hva vi får. Sykehus på minimum. Lokale helse tilbud nedlagt. Økte avgifter. Skattelette for de rike. Mer kuler og krutt og strengere straffer. Hva er det som gjør at Norge skal se slik ut?

Endret av Oddvardm
Lenke til kommentar
Gjest 1cd54...482
Oddvardm skrev (19 minutter siden):

Bak betalingsmur. Ellers er dette akkurat som forutsagt. Erna leker krig i Baltikum og bruker sinnsykt med penger på kuler og krutt. Alt sammen i en idiotisk maglomanisk geopolitisk ambisiøs utenrikspolitikk. Sete i sikkerhetsrådet. General sekretær i NATO. Store bidrag til NATOS stående respons styrke og fylkes kommuner som ikke har penger. Kommunale avgifter på opp mot 25.000, kr per husstand. Økte avgifter som rammer de som har minst. Sinnsyke betalings ordninger for bompenger og generellt så trange kår at det begynner å åpne seg store gap mellom fattig og rik i dette landet. Nå skal høyre stramme grepet og øke straffene til folk og hvis du skal inn i landet må du ha penger. Høyre med rattet. Dette er hva vi får. Sykehus på minimum. Lokale helse tilbud nedlagt. Økte avgifter. Skattelette for de rike. Mer kuler og krutt og strengere straffer. Hva er det som gjør at Norge skal se slik ut?

Ikke glem at solberg ga gates noen milliarder til å utvikle en vaksine mot en global pandemi... i 2017

Anonymous poster hash: 1cd54...482

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...