Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Jobb, familie og nettstudie?


Anbefalte innlegg

Hei!

Er det noen som har erfaring med å ta et nettstudie (3-årig ingeniørbachelor i datateknikk UIT) samtidig som en jobber 80-100% og har familie?? Har prøvd å lage en timeplan, men å oppnå 35-40 timers studering per uke samtidig med turnusjobb og familie virker vanskelig!

Kom gjerne med erfaring eller tips til hvordan en kan løse dette!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg tok teknisk fagskole nettbasert, 2 år over 3 år, samtidig med full jobb og familie, mange andre i klassen var i samme situasjon, og det gikk tålig bra for de fleste. Tilogmed han som fikk tvillinger i starten på andreåret greide seg. Må jo ta helger og kvelder til hjelp, og familien må belage seg på tre år med slit. ?

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Har ikkje erfaring med dette sjølv, men det seier seg sjølv at dersom ein skal være 100% student og 100% i jobb, og i tillegg vil ha behov for å bruke tid på familien, så går ikkje det opp. Når du i tillegg har turnusjobb så vil du nok i tillegg få problem med at du må sove på tider der resten av familen har fri og er våkne, dette vil ytterlegare gjere det vanskeleg å få tilbringe tid med familien.

Det mest realistiske er å studere på deltid slik at du kalkulerer inn å bruke nokre semester ekstra på utdanninga.
Ettersom du jobbar 80-100% så kan det også være eit alternativ å få flytta arbeidstida slik at den 20% du ikkje jobbar utgjer fleire dagar i strekk, på den måten vil du kunne få gjort ein del på skippertakmetoden ved å sette av fleire fulle dagar til å berre jobbe med studiane. Ulønna permisjon for å få meir fritid vil også kunne være eit alternativ.

Det kjem også litt ann på kor lett du har for å ta til deg deg kunnskap. I enkelte fag vil det kunne være mulig å berre skumlese før eksamen og møte opp for å levere godt nok til å bestå. På sjølve bacheloroppgåva vil du ha i mykje mindre grad sjølv kunne bestemme deg for å bruke mindre tid på oppgåva.

Av denne grunn så vil du nok kunne komprimere dei anbefalte 35-40 timane ganske betrakteleg, det er anbefalt at ein fulltidsstudent skal ha studiar som dagjobb med full arbeidsdag, men er du litt effektiv og ikkje har ambisjonar om å gjere det betre enn å få bestått så kan du sleppe unna med å bruke mindre tid. Eg trur nok at sjølv om du berre får til 20 timar i veka i snitt så vil det kunne være nok.

Du bør også vurdere om du kan kombinere jobb og studier. Har du arbeidsoppgåver som gjer at du kan lese innimellom utan at det går utover jobben? Har du kanskje muligheit til å høyre på lydbok, enten ferdige lydbøker av fagstoffet eller lydbøker som du lager sjølv ved å lese høgt frå fagbøkene. Ved bruk av lydbøker vil du kunne presse inn litt studering medan du gjer andre ting, enten du er på jobb eller ute for å handle.

 

Eg tenker at du får berre prøve. Dersom du ser at tida ikkje strekker til så er det uproblematisk å melde seg av nokre eksamenar. Det er nok ikkje heilt realistisk å tenke at du skal klare dette på normaltid, men du kan ha det som utgangspunkt og heller redusere studiebelastninga litt etter behov.

Til slutt så vil eg understreke at det er svært viktig at du ikkje presser deg for hardt. Det er ein grunn til at vi har ei arbeidsmiljølov som setter klare maksgrenser for kor mykje det er lov til å arbeide. Som privatperson treng du ikkje å følge arbeidsmiljølova men du bør likevel tenke over den. Med så høg arbeidsbelastning så er det stor fare for å møte veggen slik at du ender opp med å bli sjukmeldt.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...