Gjest 45d70...b66 Skrevet 26. mai 2020 Del Skrevet 26. mai 2020 Hei, har fått tilbud om en telefonselger jobb der de driver med fastlønn + Provisjon. Den faste lønnen er på 60kroner timen, og provisjonen går fra 275-650kr pr salg, samt bonus hver uke/måned etter hvor mange salg du har klart, dette er da snakk om telefonabonnoment som skal være en vare som det er mulig å selge. Lurte vel egentlig bare på om dette er en bra lønn, og hvor mye du som har jobbet som telefonselger før har fått? Altså timeslønnen og provisjonen? :) Anonymous poster hash: 45d70...b66 Lenke til kommentar
Dubious Skrevet 26. mai 2020 Del Skrevet 26. mai 2020 Kan bli bra timeslønn om du selger mye Men, flere og flere reserverer seg mot telefonsalg Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 26. mai 2020 Del Skrevet 26. mai 2020 Det er mykje usikkerheit i eit slikt jobbtilbod. Fyrst og fremst fordi det er avhengig av kor mange salg du kan rekne med å få. Talet på salg du får gjennomført kjem ann på både kor flink du er som selgar (og kor samvittigheitsfull du er), produktet du selg, om du sjølv får ta ei beslutning om kva målgruppe det er mest hensiktsmessig å ringe til eller om du får ei ringeliste som du må gå gjennom frå topp til botn. Ein anna faktor er korleis salg blir registrert, er det slik at du må selge til kunden direkte på fyrste telefonsamtalen og at dersom kunden ringer oppigjen etter litt betenkningstid så får du ikkje salget registrert på deg? Eller får du uttelling for alle kundar som du har vært i kontakt med uavhengig av når dei gjennomfører bestillinga? 60 kr timen i fastlønn er openbart latterlig lite, du vil være heilt avhengig av provisjonen for å få ei hensiktsmessig lønn. Du bør være oppmerksom på at det du får i bonus er ekstra pengar men det er ikkje lønn. Du vil dermed ikkje få pensjonsoppsparing på bonusen, og bonusen vil heller ikkje telle med i dagpengegrunnlag. I tillegg bør du merke deg at utbetaling av bonus er 100% avhengig av arbeidsgivers godvilje, arbeidsgiver kan når som helst ombestemme seg eller sette andre kriterier for bonusutbetaling. Bonus er med andre ord ei ordning som du for all del må takke ja til, men du må ikkje rekne den med i privatøkonomien før du faktisk har fått den utbetalt. Ei stor utfordring med ein slik selgarjobb er at du vil kunne rekne med å få til dels store svingningar i lønnsutbetalinga, så for å få husholdningsøkonomien til å gå opp så må du være ekstra flink til å styre privatøkonomien din ved å holde tilbake på forbruket i månedar med god utbetaling for å ha igjen pengar til dei dårlegare månedane. Det som kan være fornuftig er å samanlikne med kva du kan rekne med å få som lønn i ein jobb med vanleg timesbetaling. Dersom du ser på standardoverenskomsten til handel og kontor så er det avtalt at i bedrifter som følger tariff at ein arbeidstakar som er over 18 år, (men utan krav om vidaregåande opplæring) så skal arbeidstakaren ha minst 26 671 kr i måneden eller 164 kr timen. Merk her at eg samanliknar med dårlegaste alternativet i tariffen. Mange får høgare lønn enn det som er minstekravet etter overenskomsten, og har du utdanning og/eller større grad av sjølvstendigheit i stillinga så skal du ha meir i lønn etter tariffen. Det er dermed ikkje utenkeleg at du kan rekne med å få minst 164 kr timen om du hadde jobba på eit vanleg call senter utan salg og provisjonslønn. Ettersom provisjonen er oppgitt til å være mellom 275 og 650 kr per salg så vil eg gjette på at mesteparten av salga ligg i det nedre sjiktet og at det er unntaka som gir høgast provisjon. Dersom eg for enkelheitsskuld runder av og seier at du kan rekne med ein provisjon på 300 kr i snitt per salg så betyr det at du må ha minst 1 salg per 3 time for å oppnå vanleg timelønn for slikt arbeid på 160 kr timen. Skal selgarjobben gi deg god lønn så må det være realistisk for deg å oppnå høgare provisjon enn eit salg per tredje time. Kor lett det er å få folk til å bytte mobilabonnement slik at du får salget registrert på deg kjenner eg ikkje til. Men eg reknar med at ettersom arbeidsgiver har lagt seg lønnsmessig på 60 kr timen pluss provisjon på 275-650 kr per salg så har arbeidsgiver rekna på ein tilsvarande måte som meg og konkludert med at eit salg per tredje time er å sjå på oppnåeleg for ein normalt god selgar. Hadde det vært realistisk å oppnå eit snittsalg på mykje meir enn dette for ein gjennomsnittleg selgar så hadde nok provisjonen vært lavare. (Personleg betraktning, eg har aldri slått til direkte på eit tilbod eg har fått over telefon. Dersom eg finn tilbodet interessant så sjekker eg prisar og eventuelt legg inn ei bestilling direkte frå nettsida). Det som kanskje er viktigast at du vurderer er om du trur at du har evnen til å "slå snittet" med å selge nok til å få ei god lønn, om du har andre alternativ, og eventuelt kor lenge er du låst til denne selgarjobben om du takkar ja til den. Lønnssamanlikninga med ein anna jobb er sjølvsagt berre relevant dersom det er realistisk å få ein anna jobb. Er dette einaste jobbtilbodet du har så er 60 kr/t pluss provisjon mykje meir enn 0 kr/t. 1 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå