Gå til innhold

Fortvilte hydrogenbileiere med bønn til Rotevatn

Anbefalte innlegg

Sturle S skrev (2 minutter siden):

Bilen skulle vore EU-kontrollert den 29. februar, men det vart han ikkje.  Sikkert for dyrt å reparere alle feila, eller at eigaren valde 1000 kroner i vrakpant framfor 1090 kroner til EU-kontroll.

Haha! Det er jo helt fantastisk at du faktisk antar at bilen ble solgt for vrakpant, og at årsaken var at produktet ikke fungerer lengre fremfor at det er vanskelig å eie en hydrogenbil i Norge for tiden. 

Hydrogenbilene i Norge må isåfall fungere på en annen måte enn produkter utenfor landet? ?

Endret av oophus3do
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
On 3/31/2020 at 12:58 PM, Sturle S said:

På grunn av forseinkinga er det forresten ei endring til som ikkje dukka opp hjå meg før no: HY10202, ein Toyota Mirai, vart avregistrert den 26. mars etter 1242 dagar med skilt.  Bilen skulle vore EU-kontrollert den 29. februar, men det vart han ikkje.  Sikkert for dyrt å reparere alle feila, eller at eigaren valde 1000 kroner i vrakpant framfor 1090 kroner til EU-kontroll.

Då er vi nede i 141 HY-registrerte norske personbilar. :-)

I går vart HY10190, ein Hyundai ix35 vart avregistrert etter 1235 dagar med skilt.  Då er vi nede i 140 HY-registrerte norske personbilar.  I mars var det 5 avregistreringar og ingen nyregistreringar, med atterhald om ein dags forseinking i mine data.

Eg har justert litt på oppdateringsfrekvensen til scriptet mitt, slik at det sjekkar fire registrerte og ein uregisrtert bil i timen.  Dermed kjem det seg no gjennom alle dei registrerte på 1,5 dagar og dei uregistrerte på 15.  Då tek det lengre tid å oppdage nye bilar og bilar som evt vert registrert på nytt, men førebels har ingen avregistrerte hydrogenbilar fått skilt på nytt.  Utanom fire Toyota Prius Hydrogen og to Mercedes F-Cell som var i landet til testing, har berre ein norsk HY-registrert bil vorte utført frå landet sidan 2007, so hydrogenbilane ser ut til å ende sine dagar hjå hoggaren, delebilar, på løer eller liknande.

Endret av Sturle S
  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Daimler legg offisielt ned all vidare utvikling av hydrogendrift for personbilar, fordi det er for dyrt samanlika med batteri:

https://electrek.co/2020/04/22/daimler-ends-hydrogen-car-development-because-its-too-costly/

Då er det berre Toyota-BMW-samarbeidet og Hyundai att.  (Gløym Audi – morkonsernet VW har offentleggjort sitt standpunkt.)  Utanom to personar som ser ut til å framleis ha trua (men sjølve køyrer elbil), er det vel ingen i Noreg som trur at personbilar på hydrogen nokon sinne vert noko anna enn ein kuriositet for sære klimafornektarar som nektar å køyre miljøvennleg.

Førebels er det massevis av subsidiar å hente for større køyrety, men snart tek nok midlane slutt der òg.  Tesla Semi kjem på slutten av året, dersom Tesla får bygd fabrikken ferdig og starta produksjonen i desse korona-tider.  Dersom Nikola Motors, som stadig utset sin produksjonsstart, kjem i gong, er det med batteribilar fyrst.  Eg tvilar på at det kjem ein hydrogen-variant.  I so fall forsvinn han fort pga manglande interesse.

  • Liker 2
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (2 timer siden):

Fordi de går inn i en JV med Volvo og skal lage et firma for formålet rundt utviklingen av brenselceller. 

https://www.volvogroup.com/en-en/news/2020/apr/news-3640568.html

Sturle S skrev (2 timer siden):

Då er det berre Toyota-BMW-samarbeidet og Hyundai att.  (Gløym Audi – morkonsernet VW har offentleggjort sitt standpunkt.)  Utanom to personar som ser ut til å framleis ha trua (men sjølve køyrer elbil), er det vel ingen i Noreg som trur at personbilar på hydrogen nokon sinne vert noko anna enn ein kuriositet for sære klimafornektarar som nektar å køyre miljøvennleg.

https://www.audi.com/en/experience-audi/models-and-technology/alternative-drive-systems/h-tron.html

De har oppdatert denne siden flere ganger siden VW annonserte at de skulle kutte midler til utvikling av brenselceller. Du liker jo å lyve om det å si at de har kuttet det helt ut, men utviklings-sjefen er ikke helt enig med CEO'en som spiller på BE ballen i media for tiden. 

Sturle S skrev (2 timer siden):

Førebels er det massevis av subsidiar å hente for større køyrety, men snart tek nok midlane slutt der òg.  Tesla Semi kjem på slutten av året, dersom Tesla får bygd fabrikken ferdig og starta produksjonen i desse korona-tider.  Dersom Nikola Motors, som stadig utset sin produksjonsstart, kjem i gong, er det med batteribilar fyrst.  Eg tvilar på at det kjem ein hydrogen-variant.  I so fall forsvinn han fort pga manglande interesse.

Tesla Semi vil ha havlparten av rekkevidden på sitt enorme 1MWh batteri som f.eks Nikola Two som i kombinasjon har 2MWh tilgjengelig energi til fremdrift. Ikke bare har den mer rekkevide, men også mer nyttelast. 

https://www.intelligentliving.co/hydrogen-fuel-drone/

Energitetthet betyr noe, som vist i kilden over her. Jaggu går det kjapt med utviklingen av brenselcellene også, når de slår rekorder på rekorder hele tiden.

  • FC Drone med nyttelast på 5kg kjører 331 minutter.
  • BE Drone med nyttelast på 5kg kjører 60 minutter. 

En liten godbit: https://www.h2-view.com/story/coronavirus-facemasks-delivered-by-hydrogen-powered-drone/

Det er fler og fler solfarmer om dagene som kjøper hydrogen-droner for overvåking av panelene pga den overlegne oppetiden til dronene. 

Endret av oophus3do
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Hanhijnn skrev (7 minutter siden):

Ble for dyrt for Mercedes også...

De skal lage et nytt firma i samarbeid med Volvo, og Volvo spytter inn $6,5b for å få tilgang til Daimlers erfaring fra nettopp det prosjektet. Litt samme strategi vi har sett Toyota gjøre med Mirai for nytten det har gitt til brenselceller for husvarme, og lastebiler samt hydrogen-trucker og busser. 

Endret av oophus3do
  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...
On 4/1/2020 at 1:01 PM, Sturle S said:

I går vart HY10190, ein Hyundai ix35 vart avregistrert etter 1235 dagar med skilt.  Då er vi nede i 140 HY-registrerte norske personbilar.  I mars var det 5 avregistreringar og ingen nyregistreringar, med atterhald om ein dags forseinking i mine data.

På tide med ei oppdatering..

I april vart det for fyrste gong på nesten eit år registrert ein "ny" hydrogenbil!  Eg set "ny" i hermeteikn, fordi denne må ha stått hjå forhandlaren lenge.  Det er snakk om ein Toyota Mirai – ikkje bruktimportert – med understellsnummer frå 2018.  Kjøparen fekk han nok veldig billig eller vart grundig lurt.  (Mange vil nok hevde det siste uansett pris..)  Det vil seie at Toyota tydelegvis framleis har "nye" bilar på lager, so dei som har von om å få seld avskilta hydrogenbilar brukt kjem nok til å slite ei stund til.  Trass i at Hynion hevdar at det ikkje lenger er kapasitetsproblem på hydrogenstasjonen.  Det kan og hende at Toyota har gjeve opp å få seld bilen og registrert han sjølv.

I mai vart det ikkje registert nokon nye hydrogenbilar og fire er avregistrert.  Den eine avregistrerte, ein Hyundai IX35 er med 1716 registreringsdagar (4 år og 8 månadar) og 53453 km ein av dei hydrogenbilane som har køyrt lengst i Noreg.  Dei andre avregistrerte er to IX35 og ein Nexo.  Nexoen har vore registrert i 693 dagar medan dei to andre har vore registrert i 1163 og 874 dagar.  Ingen av dei har vore på EU-kontroll og fått registrert kilometerstand.

Pr 1. juni 2020 var det 137 norske personbilar med HY-skilt.  I tillegg er det tre hydrogenbilar som ikkje har passert EU-kontrollen innan fristen den 31. mai.  Dei vert nok snart avskilta.  Berre ein HY-registrert bil har frist for EU-kontroll i juni, men i august og september tenkjer eg det vert fart på avregistreringane.

  • Liker 1
  • Innsiktsfullt 2
Lenke til kommentar
On 6/3/2020 at 1:44 PM, Sturle S said:

I april vart det for fyrste gong på nesten eit år registrert ein "ny" hydrogenbil!  Eg set "ny" i hermeteikn, fordi denne må ha stått hjå forhandlaren lenge.  Det er snakk om ein Toyota Mirai – ikkje bruktimportert – med understellsnummer frå 2018.  [...]  Det kan og hende at Toyota har gjeve opp å få seld bilen og registrert han sjølv.

Huhei kor det går!  No har Toyota tydelegvis rydda lageret for gamle uselde bilar, for den 3. og 4. juni vart det registrert 5 Toyota Mirai til.  Bilane vart produsert i 2018 ser det ut til basert på serienummera, som er 5320, 5500, 6883, 7070 og 7295.  Toyota hevdar å ha produsert totalt 10500 ved årskiftet og produserte 2494 Mirai i 2019 og 2457 i 2018, dvs at bilar produsert i 2018 skulle ha serienummer 5299 til 7756.  Registreringsnummera på dei fem siste er HY10431 til HY10435.  Tippar dei anten er selde med gigantisk rabatt eller er registrert på forhandlaren.  Bilane har berre 500 km rekkjevidde.  Dei kan berre tankast to stader i landet og i stadig færre andre land.  Dei fleste nye elbilar har tilsvarande rekkjevidde, kan ladast ca over alt og hurtigladast på over 1000 stader berre i Noreg.

Om nokon vil betale 3 kroner pr bil for å sjekke kven bilane er registrert på (ta gjerne med HY10430 frå april i same slengen), kan de sende REGNR registreringsnummer i SMS til 2282.  Eg har ikkje mobiltelefon.

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (18 minutter siden):

Bilane har berre 500 km rekkjevidde.  Dei kan berre tankast to stader i landet og i stadig færre andre land

Kan du liste opp de landene de har mistet muligheten i å fylle på? 

Jeg ser kun vekst i utlandet, og ingenting annet. Spesielt leder Tyskland an med 2 uker mellom hver nye stasjon, og de er i ferd med å nå målet med 100 stasjoner før året er omme. Fint passende til spørreundersøkelser i landet rundt hvilken type bil de hadde kjøpt om alle kostet tilsvarende. 

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
On 6/5/2020 at 2:26 PM, Sturle S said:

Huhei kor det går!  No har Toyota tydelegvis rydda lageret for gamle uselde bilar, for den 3. og 4. juni vart det registrert 5 Toyota Mirai til.  Bilane vart produsert i 2018 ser det ut til basert på serienummera, som er 5320, 5500, 6883, 7070 og 7295.  Toyota hevdar å ha produsert totalt 10500 ved årskiftet og produserte 2494 Mirai i 2019 og 2457 i 2018, dvs at bilar produsert i 2018 skulle ha serienummer 5299 til 7756.  Registreringsnummera på dei fem siste er HY10431 til HY10435.  Tippar dei anten er selde med gigantisk rabatt eller er registrert på forhandlaren.  Bilane har berre 500 km rekkjevidde.  Dei kan berre tankast to stader i landet og i stadig færre andre land.  Dei fleste nye elbilar har tilsvarande rekkjevidde, kan ladast ca over alt og hurtigladast på over 1000 stader berre i Noreg.

Dette vert berre meir og meir påfallande.  Toytota held fram med å registrere Toyota Mirai produsert i 2018 som om det stod om livet:

HY10431 M1 2020-06-03 REGISTRERT   2020-06-03   TOYOTA MIRAI
HY10432 M1 2020-06-03 REGISTRERT   2020-06-03   TOYOTA MIRAI
HY10433 M1 2020-06-04 REGISTRERT   2020-06-04   TOYOTA MIRAI
HY10434 M1 2020-06-04 REGISTRERT   2020-06-04   TOYOTA MIRAI
HY10435 M1 2020-06-04 REGISTRERT   2020-06-04   TOYOTA MIRAI
HY10436 M1 2020-06-11 REGISTRERT   2020-06-11   TOYOTA MIRAI
HY10437 M1 2020-06-11 REGISTRERT   2020-06-11   TOYOTA MIRAI
HY10438 M1 2020-06-18 REGISTRERT   2020-06-18   TOYOTA MIRAI
HY10439 M1 2020-06-19 REGISTRERT   2020-06-19   TOYOTA MIRAI
HY10440 M1 2020-06-24 REGISTRERT   2020-06-24   TOYOTA MIRAI
HY10441 M1 2020-06-29 REGISTRERT   2020-06-29   TOYOTA MIRAI
HY10442 M1 2020-06-29 REGISTRERT   2020-06-29   TOYOTA MIRAI

 I dette tempoet kjem juni 2020 til å setje ny rekord for registrering av "nye" hydrogenbilar, men det er noko muffens her.  Skulle gjerne visst kven desse bilane vert registrert på, om det er Toyota sjølv eller om dei faktisk har funne nokon som vil betale.  Dei siste bilane som vart registrert har serienummer 5492 og 5352, som indikerer at dei vart produsert tidleg i 2018.

Kan det vere eit avgiftsmessig knep her?  Til dømes at bilane kan sleppe avgift i andre land dersom dei vert importert som bruktbilar?  Her er det jo ingen avgift for å registrere dei, og gamle er dei uansett.

Elles er det ikkje mykje nytt utover at det dukka opp 5 bilar med status "endelig avregistrert" den 17. juni.  Eg veit ikkje kva det tyder, men då reknar eg med at dei i alle fall er endeleg kondemnert.  Blant dei er den HY-registrerte personbilen i landet med lengst registrerte køyrelengde (85.676 km).  Dei tre bilane som hadde frist for EU-kontroll ved utgangen av mai er ikkje avskilta, men eigarane har nok fått brev i posten.

  • Liker 5
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (13 timer siden):

Dette vert berre meir og meir påfallande.  Toytota held fram med å registrere Toyota Mirai produsert i 2018 som om det stod om livet:

HY10431 M1 2020-06-03 REGISTRERT   2020-06-03   TOYOTA MIRAI
HY10432 M1 2020-06-03 REGISTRERT   2020-06-03   TOYOTA MIRAI
HY10433 M1 2020-06-04 REGISTRERT   2020-06-04   TOYOTA MIRAI
HY10434 M1 2020-06-04 REGISTRERT   2020-06-04   TOYOTA MIRAI
HY10435 M1 2020-06-04 REGISTRERT   2020-06-04   TOYOTA MIRAI
HY10436 M1 2020-06-11 REGISTRERT   2020-06-11   TOYOTA MIRAI
HY10437 M1 2020-06-11 REGISTRERT   2020-06-11   TOYOTA MIRAI
HY10438 M1 2020-06-18 REGISTRERT   2020-06-18   TOYOTA MIRAI
HY10439 M1 2020-06-19 REGISTRERT   2020-06-19   TOYOTA MIRAI
HY10440 M1 2020-06-24 REGISTRERT   2020-06-24   TOYOTA MIRAI
HY10441 M1 2020-06-29 REGISTRERT   2020-06-29   TOYOTA MIRAI
HY10442 M1 2020-06-29 REGISTRERT   2020-06-29   TOYOTA MIRAI

 I dette tempoet kjem juni 2020 til å setje ny rekord for registrering av "nye" hydrogenbilar, men det er noko muffens her.  Skulle gjerne visst kven desse bilane vert registrert på, om det er Toyota sjølv eller om dei faktisk har funne nokon som vil betale.  Dei siste bilane som vart registrert har serienummer 5492 og 5352, som indikerer at dei vart produsert tidleg i 2018.

Kan det vere eit avgiftsmessig knep her?  Til dømes at bilane kan sleppe avgift i andre land dersom dei vert importert som bruktbilar?  Her er det jo ingen avgift for å registrere dei, og gamle er dei uansett.

Sjekket regnr på den første på lista di. Svaret kom kjapt:

HY 10431, TOYOTA:
Eier: TOYOTA KREDITBANK GMBH NORSK AVDELING AV UTENLANDSK FORETAK
DRAMMEN
Leasingtaker: ANNA ******* ******
(min anonymisering)

Neste EU-kontr: 06.2024
 
Ser ut til at bilene er gått inn i en leasingavtale.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Og der ga Uno-X opp. :rofl:

https://www.dn.no/energi/hydrogen/nel/dsb/uno-x-gir-opp-egen-hydrogensatsing/2-1-842461

NEL tek Enova-støtta og spring, står det i artikkelen, som òg nemner manglande kontrollar og ettersyn på hydrogenstasjonane i typisk NEL-stil.  Korleis går det med alle desse hydrogendrosjane som skulle komme i Bergen, @gamlefar?

Om ikkje dette er siste spikaren i kista for hydrogenbilar i Noreg, so veit ikkje eg.  Til no i juli er det forresten avregistrert to og ikkje registrert nokon nye hydrogenbilar.

  • Liker 1
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar
Sturle S skrev (4 timer siden):

Og der ga Uno-X opp. :rofl:

Ikke helt slik de uttaler seg om hydrogen-fremtiden.

Sitat

Har fortsatt tro på hydrogen

Til tross for at Uno-X gir seg med hydrogen, er daglig leder Jens Haugland positiv til fremtiden.

– Uno-X Energi tror fortsatt at hydrogen vil være en av løsningene for verden som må redusere utslippene av klimagasser, skriver Haugland i en melding.

De kommer nok til å starte på nytt, men denne gangen gjøre det samme som de andre med større planer. 

Selge og sørge for et behov sammen med stasjonene. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...