Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Planoverganger for toglinjer


Svein M

Anbefalte innlegg

Planoverganger for toglinjer er en stor risiko. Ofte er de sikret med lys og bom. Andre tenkbare løsninger er f.eks at toget bare kjører i 5 km/t og planovergangen er bare sikret med lyssignal. Denne tråden er laget for å diskutere forskjellige løsninger på dette problemet.

Endret av Svein M
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det blir lite effektivt med tog dersom toget skal ned i gangfart då toget bruker lang tid på å bremse ned, deretter skal heile togets lengde passere planovergangen, før toget igjen kan akselerere.

I norge er det 3500 planovergangar, det vil medføre ei kraftig redusert gjennomsnittsfart. 

 

Eit anna spørsmål er om det hjelp særleg mykje å redusere hastigheita på toget ned til 5 km/t. 

Det er stor fare for at mange vil ha mindre respekt for toget, og at fleire vil krysse planovergangen sjølv om det kjem tog fordi dei reknar med å ha nok tid før toget kjem fram.

Og sjølv om toget berre køyrer i 5 km/t, så er det fortsatt snakk om over 200 tonn som beveger seg i 5 km/t. Det er fortsatt snakk om store krefter i sving.

 

I dag er det krav om at toget skal redusere farta til 10 km/t dersom bomanlegget ikkje fungerer. Dette er både eit sikkerheitstilak for å kompansere for at sikringa av planovergangen ikkje fungerer, men kanskje vell så viktig så er det motivasjon til å få reparert planovergangen så raskt som mogleg då ei slik fartsreduksjon medfører store forsinkelsar i togtrafikken.

 

Den beste måten å sikre planovergangar på er ved å fjerne planovergangen til fordel for undergang eller bru. Men dette medfører større utgifter og er nok neppe økonomisk gjennomførbart ved alle overgangar.

 

 

Det enklaste og lettast gjennomførbare sikringstiltaket ved planovergangar trur eg hadde vært å skilte planovergangane på same måte som vanlege vegkryss, utan eigne skilt for planovergangar.

Så i staden for å skilte planovergangen slik:

sf-20051007-1219-138-1-01.gif

Så burde ein konsekvent skilta slik:

sf-20051007-1219-204-01.gif

 

Eg er klar over at skiltet planovergang ikkje har eksakt lik betydning som stoppskiltet, men eg er overbevist om at det vil være heilt innafor å tvinge køyretøy til å stoppe opp foran planovergangen, før ein forsikrar seg om at det er klar bane, og deretter krysser jernbanesporet.

 

Tilsvarande bør eventuelle lyssignal være i form av vanlege trafikklys med raudt, gult og grønt lys slik at dette er lett gjenkjenneleg som trafikkregulering. Og ikkje i form av trafikklys med to lys der det øverste er raudt og det nederste er kvitt, eller den typen med to horisontale raude lys som blinker, som er den vanlegaste forma for lysregulering ved planovergangar (og tunnel/bru).

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...