Gå til innhold

Norge skal få hydrogenferge: Arbeidet fortsetter som før [Ekstra]


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Sprøtt korleis farene med hydrogen vert bagatellisert og samanlikna med LNG. Flytande hydrogen og flytande naturgass er ca det same, ikkje sant? Begge er flytande gassar som er lettare enn luft og brennbare når dei går over i gassform?

 

Det vert som å likestille 230 V med 23 000 V, fordi begge deler er spenning. Du kan leggje 230 V inn i eit hus, og det går som regel greitt sjølv om kunden fiklar med det. Han kan få seg ein karamell og det kan oppstå brann, men det går som regel greitt. 23.000 V er spenning det òg, so det er lett å tenkje at dersom 230 V går bra, so går 23.000 V bra. Men i realiteten kan det gå forferdeleg mykje verre med 23.000 V enn med 230 V.

 

Slik er det òg med LNG og LH2. Med LH2 er det både meir som kan gå gale og konsekvensane når det går gale er forferdeleg mykje verre. LH2 krev eit heilt anna regime for kontroll og kvalitetssikring i alle ledd, samt tiltak for å redusere konsekvensane av ulukker. For ein av hydrogenstasjonane som har eksplodert i USA dei siste åra var årsaka at dei hadde brukt feil type stål i ein ventil. Hydrogen lek ut gjennom nesten alt, spesielt stål som inneheld karbon, so stålkvaliteten må dei ha full kontroll på. Med naturgass hadde det ikkje vore noko problem. Både fordi ventilen hadde vore tett for metan, fordi gasskontrentrasjonen ikkje hadde vorte høg nok til detonasjon ved tilsvarande lekkasje, og fordi ein eventuell detonasjon ikkje kunne vorte like kraftig.

 

Eg vonar hydrogenbransjen snart sluttar å bagatellisere tryggleiksproblema med hydrogen, og heller tek dei seriøst. Ingen elektrikar ville gjort noko tilsvarande med høgspent, og det gjer i sin tur til at folk flest forstår at dei ikkje bør klatre i høgspentmastene. Eg føler meg ikkje det spor tryggare når norske sokalla "ekspertar" på hydrogen hevdar dei ikkje ein gong er kjende med dei mange eksplosjonane på hydrogenfyllestasjonar, til dømes. Folk må få vite kva risiko som er med bruk av hydrogen, og kva ein bør gjere for å minimere risikoen for både seg sjølv og anlegg med hydrogen.

 

Ein kan lære mykje av industrien, der dei har lang erfaring med hydrogeneksplosjonar og tiltak for å både minimere risiko for ulukker og konsekvensar når dei oppstår. Der er det verkty av mjukt stål for ikkje å lage gneistar, forbod mot bruk av mobiltelefonar eller anna elektrisk utstyr i stor omkrins, sjølvsagt forbod mot all bruk av open eld, røntgen av alle røyr og koplingar to gonger i året for å avsløre eventuelle sprekkar osb. Eg reknar med det vert tilsvarande tiltak ombord på denne ferja, eller skal vi akseptere høgare risiko på ei ferje?

  • Liker 3
Lenke til kommentar

Hydrogen i gassform går rett til værs, da er plassering på taket av ferjen fornuftig.

Flytende hydrogen vil renne ned på grunn av tyngdekraften, da er det viktig å stenge slik at det ikke kan renne ned på bildekk eller inn i salong eller ganger.

 

Mange bilister gidder ikke å slå av bilmotoren når de sitter i bilen under overfarten, vil ferjen ha nok mannskap til å stoppe all tomgangskjøring på bildekket?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...