Ivarko Skrevet 5. mai 2019 Del Skrevet 5. mai 2019 Villeiande marknadsføring og andre urimelege handelspraksisar MålMålet med denne tråden er blant anna å gjere folk meir merksam på ulike formar for villeiande marknadsføring og andre urimelege handelspraksisar. Dette vil forhåpentlegvis føre til at færre forbrukarar vert lurt. Eg vil òg vise at slike urimelege handelspraksisar kan få konsekvensar for dei ansvarlege og at det nyttar å klage. Innlegg bør innehalde grunngjeving på kvifor du meiner noko er villeiande og gjerne dokumentasjon. Ta ein skjermdump eller bilete av marknadsføringa, og legg ved kor marknadsføringa fann stad som til dømes lenke til nettsida eller kva for butikk og kor i landet. Målet her er ikkje å heve terskelen for å delta i tråden, men å unngå korte innlegg som «Butikknamn driv ulovleg marknadsføring» utan vidare forklaring på kvifor. Eg oppmodar til sakleg debatt om ulike formar for urimeleg handelspraksis og rundt konkrete sakar. ForbrukartilsynetForbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet) er ein offentleg tilsynsmyndigheit og arbeider med å førebygge og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre formar for ulovleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Forbrukartilsynet kan fatte vedtak og pålegga økonomiske reaksjonar mot dei som bryt lova. Frå marknadsføringslova § 6:Urimelig handelspraksis er forbudt.En handelspraksis er urimelig dersom den strider mot god forretningsskikk overfor forbrukere og er egnet til vesentlig å endre forbrukernes økonomiske atferd slik at de treffer beslutninger de ellers ikke ville ha truffet. Her er nokre nyttige lenker:Marknadsføringslova: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-01-09-2Forskrift om urimeleg handelspraksis (svartelista): https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2009-06-01-565Forbrukartilsynet sine vedtak: https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtakSend tips eller klage til Forbrukartilsynet her: https://www.forbrukertilsynet.no/tips-eller-klageForbrukartilsynet si vegleiing om prismarknadsføring: https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/forbrukertilsynets-veiledning-prismarkedsforingForbrukartilsynet si vegleiing til finansavtaleloven § 46 – krav til opplysningar ved marknadsføring av lån og kreditt: https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/veiledning-finansavtaleloven-§-46-krav-opplysninger-markedsforing-lan-kreditt Dette er nokre av sakane Forbrukartilsynet har fatta vedtak i: Anna Rasmussen arrangerte fleire ulike konkurransar på Facebook i perioden 13. mars – 25. mai 2018. Etter konkurransetida var over blei innlegga sletta frå Facebook utan at det var trekt vinnarar eller utdelt premiar. Forbrukartilsynet sendte brev til selskapet og ba om dokumentasjon på at det var trekt vinnarar og at det var utdelt premiar. Først etter brevet frå Forbrukartilsynet blei det trekt vinnarar og delt ut premiar. Å avhalde konkurransar utan å dele ut premiar er på svartelista over urimelege handelspraksisar. Forbrukartilsynet fatta vedtak om brotsgebyr på kr 100 000 til Anna Rasmussen AS.https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-951-anna-rasmussen Forbrukartilsynet har fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt mot Telenor mot å rette telefonmarknadsføring til eksisterande kundar som har reservert seg i Reservasjonsregisteret og tilby desse ytingar som ikkje er tilsvarande dei som kundeforholdet bygger på. Ved brot på vedtaket utløysast tvangsmulkt på kr 30 000 per lovstridige oppringing te forbrukarar som er reservert mot telefonsal, anten i Reservasjonsregisteret eller direkte hjå Telenor.https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-105-telenor-norge Forbrukartilsynet fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt mot Hafslund Strøm AS mot å rette telefonmarknadsføring til forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal. Ved brot på vedtaket utløysast ein tvangsmulkt på kr 30 000 per lovstridige oppringing.https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-207-hafslund-strom Skobutikken Crossway i Stenersgata 10 i Oslo marknadsførte «opphørssalg» utan at butikken vart lagt ned eller flytta. Dette er forbode etter svartelista. Forbrukartilsynet fatta vedtak om brotsgebyr på kr 100 000 mot Brand House AS som er driftsselskapet bak Crossway.https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-70 Maktabi Mahmoud marknadsførte «avviklingssal» i teppeforretninga Maktabi over ein toårsperiode gjennom blant anna annonsar i Aftenposten, marknadsføring på ei Facebook-side og marknadsføring i butikkvindauget. Forbrukartilsynet fatta vedtak om brotsgebyr på kr 200 000.https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/markedsradets-vedtak/mr-2017-275-maktabi-mahmoud Gsport.no hadde i ein kampanje marknadsført med mellom anna «opptil 50 %» kor det var stort fokus på den største oppnåelege rabatten, skrive med raud signalfarge og kvit ytterkant, medan den vesentlege «opptil»-avgrensinga var skrive med mindre skrift og ingen effektar. Realiteten er at ei rekke av varene hadde lågare avslag enn marknadsføringa fokuserte på, og enkelte produkt har vore nedsett med berre 9 %. Når det då ikkje er oppgitt førpris eller anna opplysning om storleiken på avslaget, er dette egna til å villeie forbrukarar. Forbrukartilsynet fatta vedtak om tvangsmulkt på kr 1 000 000 for brot på Forbrukartilsynets vedtak av 27. mai 2016.https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-2215-gresvig 3 Lenke til kommentar
Ivarko Skrevet 5. mai 2019 Forfatter Del Skrevet 5. mai 2019 Verkter.no køyrer no ein kampanje kor dei marknadsfører ei rekke produkt med «Topptilbud». Det er ikkje vist korkje førpris eller kor mykje prisen er redusert i prosent. Kampanjen omfattar rundt 100 produkt. Når noko kallast for «topptilbod» skal ein kunne rekne med produktet ikkje har vore seld til lågare pris dagane og vekene før. Under finn de ei liste over produkt eg har funne som eg tykkjer ikkje samsvarer med Verkter.no si marknadsføring. Eg har ei kort forklaring av prisen, samt lenker til produktsida hjå Verkter.no og prishistorikken hjå Prisjakt.no. I spoiler finn de skjermdump av sistnemnde sider. Skjermdumpane er henta den 05.05.2019. Kampanjen finn de her: https://www.verkter.no/verktoy-kampanjer.html 1. Makita HR2470 borhammar Verkter.no sin pris er per i dag kr 1585. Prisen har vore mellom 1540 og 1624 sidan 20.12.2018, med unntak av tre korte periodar på 1 dag kor prisen var høvesvis kr 2099, 1975 og 1975. https://prisjakt.no/product.php?pu=1635322 https://www.verkter.no/borhammer-makita-hr2470-2-7-j-sds-plius.html 2. Bosch GSR 12V-15 skrutrekker sett Verkter.no sin pris er per i dag kr 1677. Prishistorikken viser at Verkter.no har seld produktet til kr 1948 og 1988 ved fleire høve, men kun i korte periodar på 1-2 dagar om gongen. Utover dette har ikkje produktet vore i sal til over kr 1698. https://prisjakt.no/product.php?pu=2924102 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-12v-15-12-v-1x2-0-1x4-0-ah-batt-39-tilbehor.html 3. Bosch GSR 18V-60 C, 3x5,0 Ah batteri Verkter.no sin pris er kr 4335 per i dag og har vore det sidan 28.03.2019. Prisen før dette var kr 4608. Reduksjonen er dermed på knappe 6 %. I tillegg har produktet vore i sal omtrent like lenge som det har vore seld til «førpris». https://prisjakt.no/product.php?pu=4470054 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-18v-60-c-18-v-3x5-0-ah-batt.html 4. Bosch GCM 12 SDE gjærsag Verkter.no sin pris er kr 7799 per i dag. Prishistorikken viser at frå 21.02.2019 har Verkter.no seld produktet til mellom kr 7652 og 7868, med unntak av to korte periodar på 2 og 4 dagar kor produktet har vore seld til mellom kr 9322-9411. https://prisjakt.no/product.php?pu=3311600 https://www.verkter.no/kapp-og-gjaersag-bosch-gcm-12-sde.html 5. Makita eksenterslipar DBO180Z utan batteri Verkter.no sin pris er kr 2178 per i dag. Dette er den høgaste prisen produktet har vore seld til hjå Verkter.no med unntak av to dagar for to år sidan kor det vart seld til kr 2251. https://prisjakt.no/product.php?pu=4356030 https://www.verkter.no/eksentersliper-makita-dbo180z-18-v-uten-batteri-og-lader.html 6. Milwaukee skrutrekker M18 BDD-0 utan batteri Verkter.no sin pris er kr 1693 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 13.03.2019. Dersom ein ser vekk frå korte periodar på 1 dag kor produktet har vore seld til kr 2013 og ein periode på 7 dagar kor det har vore seld til kr 1798, har produktet ikkje seld til meir enn kr 1708 sidan 29.11.2018. https://prisjakt.no/product.php?pu=4348736 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-milwaukee-m18-bdd-0-18-v-uten-batteri-og-lader.html 7. Bosch GSR 12V-15 FC Flex Set Verkter.no sin pris er kr 1912 per i dag. Høgaste pris sidan 04.07.2018 er kr 1975 (1 dag). https://prisjakt.no/product.php?pu=4344506 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-12v-15-fc-flex-set-12v-2x2-0-ah-batt.html 8. Bosch GTM 12 JL gjærsag Verkter.no sin pris er kr 6221 per i dag. Med unntak av to korte periodar på 1-2 dagar, har produktet ikkje vore i sal til høgare enn kr 6277 sidan 17.01.2019. https://prisjakt.no/product.php?pu=1816964 https://www.verkter.no/bordsirkelsag-kapp-og-gjaeringssag-bosch-gtm-12-jl.html 9. Bosch GSR 12V-15, 2x1.5 Ah batteri Verkter.no sin pris er kr 1122 per i dag. Høgaste pris sidan 22.01.2019 er kr 1132. https://prisjakt.no/product.php?pu=1717156 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-12v-15-12-v-2x1-5-ah-batt.html 10. Makita DK1497 verktøysett Verkter.no sin pris er kr 2043 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. https://prisjakt.no/product.php?pu=3303812 https://www.verkter.no/verktoysett-makita-dk1497-df347d-td126d-14-4-v-2x1-3-ah-batteri-g-serie.html 11. Bosch GWS 19-125 CI vinkelslipar Verkter.no sin pris er kr 1991 per i dag. Høgaste pris sidan 01.02.2019 er kr 2008. https://prisjakt.no/product.php?pu=3519573 https://www.verkter.no/vinkelsliper-bosch-gws-19-125-ci.html 12. Bosch GKS 190 sirkelsag Verkter.no sin pris var kr 1342 den 27.04.2019. Høgaste pris sidan 21.09.2018 er kr 1425. Dette produktet er ikkje merka med «Topptilbud» lenger, men var det den 27.04.2019. Utifrå høgaste pris i denne perioden er prisavslaget på knappe 6 %. https://prisjakt.no/product.php?pu=471233 https://www.verkter.no/sirkelsag-bosch-gks-190-professional.html 13. Bosch ASB hekk- og grassaks Verkter.no sin pris er kr 1330 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 28.11.2018 er kr 1341. https://prisjakt.no/product.php?pu=551833 https://www.verkter.no/hekk-og-gressaks-bosch-asb-10-8-li-set-batteridrevet-20-cm-lengde.html 14. Makita GA5030R vinkelslipar Verkter.no sin pris er kr 645 per i dag. Høgaste pris sidan 23.02.2018 er kr 713. Ser ein bort frå tre høve kor prisen var kr 852 og 733 i 1-2 dagar, er kr 713 høgaste registrerte pris sidan 01.01.2016. https://prisjakt.no/product.php?pu=3465414 https://www.verkter.no/vinkelsliper-makita-ga5030r.html 15. Makita DF331DSAJ Verkter.no sin pris er kr 1305 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 04.12.2018 er kr 1316. https://prisjakt.no/product.php?pu=3463971 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-makita-df331dsaj-10-8-v-2x2-0-ah-batt.html 16. Bosch ALS 30 løvblåsar/-sugar Verkter.no sin pris er kr 1106 per i dag. Høgaste pris sidan 25.10.2018 er kr 1114. https://prisjakt.no/product.php?pu=3010427 https://www.verkter.no/lovblaser-suger-bosch-als-30.html 17. Makita DUH523SY busksaks Verkter.no sin pris er kr 2137 per i dag. Høgaste pris sidan 02.11.2018 er kr 2155. https://prisjakt.no/product.php?pu=2799335 https://www.verkter.no/busksaks-makita-duh523sy-batteridrevet-52-cm-lengde.html 18. Bosch GDX 18V-200 C solo Verkter.no sin pris er kr 2547 per i dag. Første pris blei registrert den 05.02.2019 til kr 3442. Etter 6 dagar vert prisen sett ned til kr 2732. Etter 7 dagar vert prisen sett ned enda meir til kr 2472 (lågare enn dagens pris). Etter 32 dagar på tilbod, vert prisen sett opp att til kr 2732 i 8 dagar før dagens kampanjepris, som no har vart i 36 dagar. I tillegg er prisavslaget berre på knappe 7 % av «førpris». https://prisjakt.no/product.php?pu=4912169 https://www.verkter.no/slagmuttertrekker-bosch-gdx-18v-200-c-solo-18-v-uten-batteri-og-lader.html 19. Bosch ROTAK 32 grasklippar Verkter.no sin pris er kr 1120 per i dag. Høgaste pris sidan 15.03.2019 er kr 1162. Prisavslaget rekna utifrå høgaste salspris i den perioden er knappe 4 %. https://prisjakt.no/product.php?pu=824117 https://www.verkter.no/gressklipper-bosch-rotak-32-1200-w-elektrisk.html 20. Bosch GKS 18V-57 Verkter.no sin pris er kr 1834 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 29.01.2019 er kr 1850. https://prisjakt.no/product.php?pu=4354135 https://www.verkter.no/batteridrevet-sirkelsag-bosch-gks-18-v-57-uten-batteri-og-lader.html 21. Milwaukee M12 BDD XKIT-202C Verkter.no sin pris er kr 2532 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 17.01.2019 er kr 2555. https://prisjakt.no/product.php?pu=2766027 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-milwaukee-m12-bdd-xkit-202c-12-v-2x2-0-ah-batt.html 22. Makita DTW800Z slagmuttertrekkar Verkter.no sin pris er kr 3726 per i dag. Dette har han vore sidan prisen først blei registrert den 15.01.2019. https://prisjakt.no/product.php?pu=4528576 https://www.verkter.no/slagmuttertrekker-makita-dtw800z-18-v-uten-batteri-og-lader.html 23. Bosch GEX 125-1 AE eksenterslipar Verkter.no sin pris er kr 1119 per i dag. Med unntak av ein kort periode på 2 dagar, har prisen ikkje vore høgare enn 1132 sidan 19.02.2019. Dette produktet er ikkje merka med «Topptilbud» lenger, men var det den 27.04.2019. https://prisjakt.no/product.php?pu=273365 https://www.verkter.no/eksentersliper-bosch-gex-125-1-ae.html 24. Fiskars X21 kløyveøks Verkter.no sin pris er kr 690 per i dag. Høgaste pris sidan 02.11.2018 er kr 695. Prisavslaget frå høgaste pris i den perioden er på 0,72 %. https://prisjakt.no/product.php?pu=3406508 https://www.verkter.no/kloyveoks-fiskars-x21-l.html 25. Hitachi DS18DJL skrutrekkar Verkter.no sin pris er 1509 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 14.04.2018 er kr 1521. Prisavslaget utifrå høgaste pris i den perioden er knappe 0,8 %. https://prisjakt.no/product.php?pu=2913405 https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-hitachi-ds18djl-18-v-2x1-5-ah-batt.html 1 Lenke til kommentar
Ivarko Skrevet 9. mai 2019 Forfatter Del Skrevet 9. mai 2019 Megaflis.no si villeiande prismarknadsføringBakgrunnPå produktsidene til Megaflis, er det i tillegg til salsprisen opplyst «vår normalpris». Sjå bilag 70. Når ein les ordet «normalpris», tenker ein gjerne at produktet normalt sett vert seld til denne prisen, men kan bli sett ned i korte periodar i høve tilbod.Etter eg oppdaga eit produkt som ifølge prisjakt.no aldri hadde vore i sal til «normalpris» før, bestemte eg meg for å undersøke fleire produkt. Funna var overveldande. Det viser seg at Megaflis, dersom data frå prisjakt.no stemmer, driv omfattande villeiing med deira bruk av ordet «normalpris». Eg har laga ei liste med 67 produkt som eg meiner er klåre døme på villeiande prismarknadsføring. Denne lista er langt frå uttømmande. Det er blant anna ei rekke produkt kor den første prisen blei registrert på prisjakt.no i slutten av november 2018. Felles for desse er at første registrerte pris er «normalpris», og dagen etter vert produkta sett ned i pris. Eg har difor mistanke om at den villeiande prismarknadsføringa gjeld desse produkta òg. Mange av produkta på megaflis.no er heller ikkje å finne på prisjakt.no og difor vanskeleg å kontrollere.Megaflis gjennomførte ein salskampanje frå 2. januar til 13. januar 2019. I kampanjeavisa deira, sjå bilag 68, nyttar Megaflis følgjande språk i si marknadsføring:- Side 1: «SALG» og «OPPTIL 40% PÅ ENORME MENGDER VARER»- Side 2: «MegaFlis tømmer lagrene for å få plass til kommende nyheter. Vi senker enorme mengder produkter med mellom 15-40%. Utgangsprisen er vår normalpris som du finner på megaflis.no eller i våre butikker. Her kan du planlegge dine kupp og gjøre dine valg.»- Side 4: «Aldri sett lavere priser – benytt sjansen NÅ!» og «Aldri før har MegaFlis senket prisene så mye på så mange produkter. Noen få produkter kan ha vært billigere tidligere men aldri har så mange varer blitt solgt til lavere priser enn nå.»- Side 6: «Gjør et kupp på merkevarer!»- Side 14: «Spar tusenvis – du har sjansen frem til 12. januar»- Side 16: «Unik mulighet til å gjøre et kupp!»- Side 18: «Løp og kjøp – 11 dager med historisk lave priser!»På framsida til megaflis.no, sjå bilag 69:- «SISTE SJANSE! SALGET AVSLUTTER SØNDAG 13/1 PÅ MEGAFLIS.NO»- «Nedtellingen har startet!»På produktsidene, sjå bilag 70:«Kun 13 timer 23 min 14 sek igjen av kampanjen!»NormalprisI forkant av salskampanjen blei 66 av produkta på lista mi sett opp til «normalpris» den 25. desember 2018. Før dette hadde 31 av produkta (bilag 1-31) aldri vore i sal til «normalpris». 35 av produkta (bilag 32-66) hadde vore i sal til «normalpris» i korte periodar eller for lenge sidan, men aldri lenge nok til å kunne kalle det «normalpris». Eitt av produkta (bilag 67) på lista blei ikkje sett opp i dette høvet og har difor aldri vore i sal til «normalpris» før salskampanjen.Etter salskampanjen vart prisen sett opp til «normalpris» for alle produkta. Knapt éin dag etterpå er 37 av produkta sett ned i pris att. Innan fem dagar er ytterlegare 13 produkt sett ned. 34 av produkta på lista er i sal til lågare pris etter kampanjeperioden enn i løpet av han.Produkt 66 er eit godt døme på produkt som vert seld til «normalpris» i korte periodar, ofte på 3 dagar, medan prisen er sett ned mesteparten av tida, gjerne i periodar på 3-4 veker. Produkt 10 er eit døme på produkt som ikkje har vore i sal til normalpris før 25. desember 2018. Dette produktet, er marknadsført med ein «normalpris» på kr 9259. Første pris registrert hjå prisjakt.no er 17.06.2015. Frå denne datoen og fram til 25. desember er høgaste pris som prisjakt.no har registrert på kr 6507. Produktet har difor berre vore i sal i 8 dagar og det er ikkje lenge nok til at Megaflis kan kalle det «normalpris». I tillegg er dette produktet eit godt døme på produkt som ikkje er seld til historisk låg pris.Historisk låge prisarI kampanjeavisa (bilag 68) finn ein språk som «Aldri sett lavere priser – benytt sjansen NÅ!» og «Aldri før har MegaFlis senket prisene så mye på så mange produkter. Noen få produkter kan ha vært billigere tidligere men aldri har så mange varer blitt solgt til lavere priser enn nå.» på side 4 og «Løp og kjøp – 11 dager med historisk lave priser!» på side 18.Av dei 67 produkta på lista mi, er det berre 10 kor prisjakt.no ikkje har registrert lågare pris hjå Megaflis før kampanjeperioden. Dei resterande 57 har sett lågare pris. 51 av desse mindre enn to månadar før kampanjestart. Dette er ikkje «noen få produkter», slik Megaflis hevdar i si marknadsføring. Obs! Det er store bilete i spoiler.- Framsida på Megaflis.no: - «Vår normalpris» og nedtelling (bilag 70): - Kampanjeavis (bilag 68): - Kampanjeavis side 1: - Kampanjeavis side 2: - Kampanjeavis side 3: - Kampanjeavis side 4: - Kampanjeavis side 5: - Kampanjeavis side 6: - Kampanjeavis side 7: - Kampanjeavis side 8: - Kampanjeavis side 9: - Kampanjeavis side 10: - Kampanjeavis side 11: - Kampanjeavis side 12: - Kampanjeavis side 13: - Kampanjeavis side 14: - Kampanjeavis side 15: - Kampanjeavis side 16: - Kampanjeavis side 17: - Kampanjeavis side 18: - Kampanjeavis side 19: - Kampanjeavis side 20: Produkter: - Produkt 1: Berryalloc grand avenue penny lane aluloc - Produkt 2: Bosch bajonettsag psa 18 li solo - Produkt 3: Grohe concetto 1-greps servantarmatur m/oppløft og ecojoy - Produkt 4: Grohe cosmopolitan-eco servantarmatur m/oppløft - Produkt 5: Grohe eurosmart cosmopolitan servantarmatur med oppløft - Produkt 6: Gustavsberg nautic standard toalettsete hvit - Produkt 7: Gustavsberg nordic standard toalettsete hvit - Produkt 8: Gustavsberg nordic³ toalettsete - Produkt 9: Hansgrohe axor carlton 2-greps dusjarmatur krom - Produkt 10: Hansgrohe axor starck dusjarmatur m/termostat og omskifter. til innbygging - Produkt 11: Hansgrohe axor uno termostatarmatur - Produkt 12: Hansgrohe croma 100 vario dusjsett 65 cm krom - Produkt 13: Hansgrohe crometta 85 1jet dusjsett - Produkt 14: Hansgrohe ecostat select badekar-/dusjarmatur - Produkt 15: Hansgrohe ecostat select dusjarmatur krom - Produkt 16: Hansgrohe focus e2 1-greps dusjarmatur - Produkt 17: Hansgrohe raindance s 240 showerpipe comfort - Produkt 18: Hansgrohe raindance select 150 dusjsett krom - Produkt 19: Hansgrohe raindance select showerpipe 300 dusjsett inkl. dusjarmatur - Produkt 20: Hansgrohe raindance select showerpipe 360 m/termostat - Produkt 21: Hansgrohe showerselect termostat m/ 2 uttak - Produkt 22: Hultafors vater gds 60 plast - Produkt 23: Hultafors vater hv 120 alum - Produkt 24: Hultafors vater hv 180 alum - Produkt 25: Hultafors vater hv 60 alum - Produkt 26: Ifø sign toalett 6832 m/universallås lav modell hvit - Produkt 27: Nilfisk multi ii 30 t inox vsc eu tørr- og våtsuger - Produkt 28: Pressalit toalettsete raja 430 hvit - Produkt 29: Thermex cardiff kjøkkenhette vegghengt m/motor 90cm - Produkt 30: V&b o.novo toalettsete og lokk u/softclose - Produkt 31: V&b subway compact toalettsete hvit - Produkt 32: Bahco vater plast 600mm - Produkt 33: Berryalloc grand avenue champs elysees aluloc - Produkt 34: Bosch støvsuger pas 18 li solo - Produkt 35: Flexit baderomsvifte 100f p m/snorbryter - Produkt 36: Flexit baderomsvifte 125f standard - Produkt 37: Flexit baderomsvifte 125f th timer/fukt - Produkt 38: Flexit baderomsvifte silent eco 125 m/bevegelsessensor og timer - Produkt 39: Flexit baderomsvifte silent eco 125 m/timer og fuktstyring - Produkt 40: Flexit baderomsvifte silent eco 125 standard - Produkt 41: Grohe essence new servantbatteri høy modell - Produkt 42: Gustavsberg nautic 5530 veggskål - Produkt 43: Gustavsberg nautic 5500 m/skjult s-lås 3/6l for liming - Produkt 44: Gustavsberg nordic³ kjøkkenkran m/høy tut og avstengning - Produkt 45: Hansgrohe croma 160 showerpipe - Produkt 46: Hansgrohe crometta e240 dusjsett inkl. termostat - Produkt 47: Hansgrohe crometta s240 dusjsett inkl. termostat - Produkt 48: Hansgrohe ecostat comfort kar-/dusjtermostat - Produkt 49: Hansgrohe raindance e 120 air 3jet/unica d 65 cm sett - Produkt 50: Hansgrohe raindance select dusjsett inkl. dusjarmatur - Produkt 51: Hansgrohe raindance select e 120 dusjsett 65 cm hvit/krom - Produkt 52: Hansgrohe raindance select e 120 dusjsett 65 cm krom - Produkt 53: Hansgrohe raindance select s 120 dusjsett 65 cm krom - Produkt 54: Pergo sensation long plank country eik - Produkt 55: Thermex decor 787 kjøkkenhette 70cm hvit led - Produkt 56: Thermex decor 787 kjøkkenhette 70cm sort led - Produkt 57: Thermex decor 787 kjøkkenhette 70cm rf led - Produkt 58: Thermex decor kjøkkenhette 920 ii rf fh - Produkt 59: Thermex vertical kjøkkenhette modell london 900 mm - Produkt 60: Thermex york ii lux kjøkkenhette skapintegrert 60cm - Produkt 61: V&b omnia classic veggskål m/c+ - Produkt 62: V&b omnia veggskål - Produkt 63: V&b subway 2.0 toalettsete m/quick-release og soft-close compact - Produkt 64: V&b subway veggskål ver.2 m/c+ - Produkt 65: Mitsubishi kirigamine hara 6.6 varmepumpe - Produkt 66: Mitsubishi kaiteki varmepumpe 6600 hvit - Produkt 67: Gustavsberg nautic kjøkkenarmatur m/ lav støpt tut 1 Lenke til kommentar
Ivarko Skrevet 11. mai 2019 Forfatter Del Skrevet 11. mai 2019 Forbrukartilsynet: https://www.forbrukertilsynet.no/postnord-far-rekordstort-gebyr-sms-spam PostNord får rekordstort gebyr for SMS-spam 09.05.2019 — Forbrukertilsynet har fattet vedtak mot PostNord på 600 000 kroner i overtredelsesgebyr for å ha sendt SMS med markedsføring til hundretusenvis av forbrukere, uten å ha innhentet gyldig samtykke. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå