Megja123** Skrevet 30. april 2019 Del Skrevet 30. april 2019 Hei, i mars fekk eg beskjed om at eg blir meldt opp til fagprøve i Juni - og det er jo ingen problem. Einaste er at lærlingkontrakta mi ikkje går ut før i august. Har et fagbrev fra før som er ganske likt det jeg holder på med nå så er ganske sikkert på at eg klarer fagprøva på første forsøkt ( bank i bordet). Har også fått en jobb noen timer herfra, så eg må jo flytte vekk. Så det store spørsmålet er no, når jeg har tatt fagbrevet, er jeg fortsatt bundet til bedrifta fram til kontrakta går ut. Eller blir kontrakta opphevet når jeg består? Litt kjipt og sitte her noen uker ( har jo 4 uker ferie) når jeg bare kan bli ferig med en gang Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 30. april 2019 Del Skrevet 30. april 2019 Står det noke om dette i læringkontrakta? Standard læringkontrakter brukar å ha ein sluttdato og ein beskrivelse om at endringar eller heving kan skje etter opplæringslova §4-6. I opplæringslova står det: § 4-6. Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontraktEtter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål, eller til opplæringskontrakt med praksisbrevprøve som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan lærekontrakten mellom lærlingen og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve eller praksisbrevprøve som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten mellom praksisbrevkandidaten og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve som mål, eller til lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål. Lærekontrakten, opplæringskontrakten eller kontrakten om fagbrev på jobb kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Kontrakten om fagbrev på jobb fell bort dersom arbeidskontrakten fell bort. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb dersom a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet b) ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller c) lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa. Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta, skal lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan læretida avbrytast i samband med permisjon. Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter § 4-3, eller dersom fylkeskommunen finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søkje å skaffe lærlingane, praksisbrevkandidatane eller lærekandidatane ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta gjerast inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vore mangelfull. Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen. Unntak gjeld for lærlingar og praksisbrevkandidatar som har prøvetid etter § 4-5 tredje leddet. Her står det ganske klart at avtalen kan hevast dersom begge partar er enig om det. Ved bestått fagprøve så har nok ikkje opplæringsansvarleg interesse av å fortsette å gi deg opplæring. Så det ordner seg sikkert av seg sjølv. Det einaste som ein må passe på er at Fylkeskommunen blir orientert om at avtalen bli oppheva. Lenke til kommentar
Megja123** Skrevet 2. mai 2019 Forfatter Del Skrevet 2. mai 2019 Står det noke om dette i læringkontrakta? Standard læringkontrakter brukar å ha ein sluttdato og ein beskrivelse om at endringar eller heving kan skje etter opplæringslova §4-6. I opplæringslova står det: Her står det ganske klart at avtalen kan hevast dersom begge partar er enig om det. Ved bestått fagprøve så har nok ikkje opplæringsansvarleg interesse av å fortsette å gi deg opplæring. Så det ordner seg sikkert av seg sjølv. Det einaste som ein må passe på er at Fylkeskommunen blir orientert om at avtalen bli oppheva. Tusen takk for svar Såg no i lærekontrakta at læretida blir avslutta når eg har bestått fagbrevet Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå