Zeph Skrevet 19. april 2019 Del Skrevet 19. april 2019 I industrien og sikkert andre sektorar er det brukt digitale vedlikehaldssystem som skal ivareta nødvendige arbeidsoppgåver og sørge for at innrapporterte feil blir behandla og gjort noko med. Eg har kun erfaring med SAP. Finnes noko liknande til privat bruk? Eg er først og fremst på jakt etter noko som kan systematisere vedlikehald, hushaldningsarbeid og den slags som ein ynskjer utført med eit visst intervall, samt mogelegheit for å legge inn enkeltbehov for korrektive oppgåver, og saker og ting som dukkar opp og skal gjerast. Eksempel på faste rutinar kan vere vask av bad, bil, rense luftfilter, male hus osv. Eksempel på korrektive oppgåver kan vere å reparere eit øydelagd møbel, montere ei taklist eller ein sak du skulle få sjekka på bilen. I dag skriv eg ned oppgåver det er behov for å få utført litt her og der, sender ofte meg sjølv ein epost og lar den ligge uopna inntil eg har utført det. Systemet skal nok primært køyre på PC, eventuelt mobil (Android), gjerne saumlaust på begge plattformar. Når eit vedlikehaldsbehov oppstår må systemet varsle på eit eller anna vis og gjenta varselet dagleg eller med eit anna intervall inntil du kvitterer ut at det er gjort. Du kan sjølvsagt kvittere ut utan å ha utført oppgåva, men då er heile poenget vekke, så eg trur det skal gå greit. Korrektive eller enkeltoppgåver vil eg gjerne kunnet setje ein valgt dato for når det skal vera utført. Tidsfristen vil eg velje basert på kor tidkrevjande oppgåva er og kor akutt behovet er. Når fristen går ut kan eg eventuelt setje ein ny dato lengre fram i tid. Finnes noko sånt? Å må kjøpa programvare er heilt i orden så lenge det fungerer og ikkje er uhorveleg dyrt. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå