Gå til innhold

Maskiningeniør og elektroingeniør. Hjelp!


Anbefalte innlegg

Snart ferdig på videregående. Men er usikker på hva jeg skal gå videre. Vet at jeg vil bli ingeniør men så er det jo så mange forskjellige typer. Håper noen kan fortelle meg litt om elektroingeniører og maskiningeniører. Hva driver dem med, ulike retninger, jobbmuligheter osv. Har også sett litt på droneingeniørutdanning i Tromsø.

Endret av Anonym123456123
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Både maskiningeniørar og elektronigeniørar jobbar i hovedsak med prosjekteringsarbeid der dei planlegg korleis maskiner eller el-installasjonen skal leggast opp for å fungere mest mulig effektivt. I tillegg til å utvikle nye løysningar.

Elektronigeniøren vil nok oftare også ha oppgåver med service, support og kundeoppfølging. Dette er også aktuelt for maskiningeniørar men i mindre grad.

 

Både maskiningeniør, elektroingeniør og byggingeniør er sikre ingeniørvalg. Bygg og elektro er nok hårfint meir etterspurt, men så er det også langt fleire ingeniørar som har den fordjupninga. Det er ikkje like mange maskiningeniørar i landet.

 

 

Når det gjeld droneingeniør så er det vanskelig å spå behovet då utdanninga er ny. Akkurat no er det nok få som leitar etter droneingeniørar, rett og slett fordi ein ikkje veit at det finst.

Personleg så trur eg også at det vil knytte seg litt usikkerheit rundt framtidas droneregelverk, eg trur at langt fleire bransjer vil ta i bruk droner, men eg trur også at dei alle fleste etterkvart vil bruke autonome droner som krev lite dronespesifikk kompetanse av brukaren. Men kven veit, nokon skal tross alt bygge desse dronene også.

Eg har også ein liten misstanke om at ein maskiningeniør med dronesertifikat vil kunne være like bra som droneingeiør.

Fordelen med at droneingeniørutdanninga er så ny er at ved å være tidleg ute så har du ein unik muligheit til å finne deg eit eksklusivt arbeidsområde der du er nesten åleine om å ha spisskompetanse.

Du vil også ha lik ingeniørbakgrunn som alle andre nyutdanna ingeniørar, så du vil også kunne ta deg jobb innanfor andre ingeniørfagfelt sjølv om du ikkje har spissa deg mot akkurat det fagfeltet (mange bedrifter vil heller ha mange forskjellige ingeniørar som jobbar i lag, enn eit lag med heilt lik kompetanse).

 

Og skulle du ende opp som nyutdanna droneingeniør, og finner ut at du heller burde gått for maskin- eller elektroningeniør, så treng du ikkje meir en 90 studiepoeng for å bygge på og få enda ein bachelorgrad sidan du har alle ingeniørgrunnfaga frå før. 90 studiepoeng er overkomeleg å ta på eit år om du vil.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...