Gå til innhold

Automatiker i kommune lønn?


OPL

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Kommunen har ikkje lønnstrinn slik som staten har.

EL og IT er ein av partane som har avtale med KS (kommunesektoren), denne avtalen heiter hovedtariffavtalen 2018-2020.

 

Ei automatiker stilling er ei stilling som i utgangspunktet er plassert i kapittel 4 og er ei stilling som krever fagbrev samt 1 år med fagskule? I så tilfelle er du garantert ei minimumslønn på 359 800 kr, samt høgare lønn for kvart andre år du har i ansiennitet fram til 10 år, og deretter eit nytt løft ved 16 års ansiennitet. 

Dette er det lavaste som kommunen kan betale deg utan å bryte tariffavtalen, men merk også at det ikkje er satt ei øvre lønn.

Har du meir kompetanse enn dette, enten i form av utdanning eller erfaring så vil du kunne ha rett til meir lønn.

Mange kommunar vil ofte legge lønningane på den lavaste tarifflønna, eller berre litt over, men enkelte stadar kan du også få ein god del meir alt etter lokal konkuranse på arbeidsmarknaden og tilpassing til lokale lønnsforhold.

 

 

I praksisk vil alle kommunar ha ei eiga øvre grense for kva dei kan tilby i lønn, då det bør foreligge heilt spesielle grunnar for at ein automatikar skal få høgare lønn enn arbeidstakarar som har høgare utdanning, meir erfaring eller større ansvar.

 

For å finne ut kva som er det meste kommunen kan tilby deg så må du rett og slett ringe kontaktpersonen for å spørre, eventuelt søke på jobben og spørre på intervjuet.

 

PS. Det er ofte litt forhandlingsrom på lønna, så du må rekne med at når du får til svar at kommunen kan tilby opp til ei viss årslønn, så er det ofte litt ekstra å forhandle på.

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Kupper tråden litt.

 

Har selv en fagarbeider(fagbrev) stilling i kommunen, gikk i sommer opp til 16års ansiennitet, har nå ca 100.000 over garantilønn i forhold til tabellen 4.1 Garantilønn og lønnstillegg for ansiennitet – tabell pr. 1.5.2018

 

Jeg regner med at neste år kommer jeg til å bli tilbudt en stilling med litt mer ansvar. Jeg vet ikke om det er mye å forhandle på i forhold til mer lønn, men hva er andre ting man kan forhandle om for å kunne stille bedre til sener? Feks om å komme i en høyere stillingsgruppe eller lignende?

Lenke til kommentar

Du kan alltid forhandle om meir lønn garantilønna er ikkje eit lønnstak.

Det du nok ikkje kan forhandle på er lovnadar om andre stillingar, dette på grunn av kvalifikasjonsprinsippet som det offentlege følger.

Det som går ann å forhandle på er arbeidsordningane, feks betalt matpause, kortare arbeidsdag, ei ekstra ferieveke, og liknande.

Lenke til kommentar

Jeg føler de ikke viste om/glemte det store hoppet jeg fikk sist med ansiennitet hoppet, var på nesten 40.000kr på en allerede god/ok kommunelønn. Det er vel som du sier at det er en garantilønn, og ikke noe tak, men er vel begrensa hvor høyt man komme og når man bare har et fagbrev?

 

Jeg skjønte ikke helt hva du mente med at jeg ikke kan forhandle på lovnader dom andre stillinger? Jeg tenkte bare at jeg kunne forhandle om å komme opp i en høyere gruppe, feks opp til Stillinger med krav om fagbrev og 1-årig fagskoleutdanning, selv om jeg ikke har fagskoleutdanning. 

 

Kan man forhandle inn ekstra ferieuke i kommune, den vil være med så lenge man er i den stillingen?

 

Og er det noe at når man først har ei lønn i kommune, så kan dem ikke sette deg ned så lenge du selv ikke velger en ny stilling med lavere lønn?

 

Jobber du innen økonomi i kommune?

Lenke til kommentar

Nei, jobbar ikkje med økonomi.

 

Det som gjeld lovnader om andre stillingar, så er dette noke som kommuna ikkje kan gjere fordi dei er forplikta til å tilsette den til ei kvar tid beste søkaren. Det betyr at sjølv om du gjer ei slags form for avtale om at du skal få ei stilling som f.eks formann neste gong den stillinga blir ledig, så vil kommunen fortsatt være forplika til å tilsette ein anna kandidat foran deg dersom den personen er meir kvalifisert.

Å forhandle om framtidige stillingar er derfor eit blindspor, for sjølv om sjefen din har alle intensjonar om å forfremme deg så er det vanskelig dersom du ikkje er den best kvalifiserte.

 

Å be om å få ei anna stillingskode kan være ein måte å få opp lønna på, men det er ikkje ein heilt stoverein måte å gjere det på dersom du ikkje har kvalifikasjonane.

Derimot så kan arbeidsgiver gi deg høgare lønn enn garantilønna i den stillingskoda du har no.

Det kan være fleire grunnar for at arbeidsgiver vil gi deg høgare lønn enn garantilønna, dei vanlegaste grunnane er for å behalde og rekruttere arbeidskraft. Sjølv om kommunen gjerne vil lønne på minimiumsnivå, så må dei av og til tilby høgare lønn for å få tak i kvalifisert arbeidskraft, særleg i områder der det er eit stort privat marked som også konkurrerer om den same arbeidskrafta.

Tilsvarande så vil kommunen kunne strekke seg litt lenger lønnsmessig dersom du er på veg over i ein anna jobb på grunn av lønn, det er tross alt billegare å betale deg litt ekstra enn det er å tilsette ein ny person som skal lærast opp.

 

Dersom det skal forhandlast om ei ekstra ferieveke så er det enten som form av ein kollektiv avtale der alle fagforeiningane står bak det same kravet på vegne av alle kommunale tilsette, eller du kan avtale det som ei særavtale som er personleg for deg. Kva som skjer dersom du byttar stilling vil kome ann på kva som er avtalt. Mest vanleg er det nok at det er ei personleg løysning som følger deg så lenge du er tilsett hos same arbeidsgiver. Unntaket må være dersom argumentasjonen for å få ei ekstra ferieveke er sterkt knytta til den stillinga som du har.

 

Det er ingenting som formelt hindrar kommunen i å sette ned lønna, men det er ikkje veldig vanlig.

Ein typisk grunn for lønnsnedgang er omstrukturering der ein mellomleiar blir degradert til vanlig tilsett fordi kommunen effektiviserer.

I teorien kan ein også få redusert grunnlønna utan å endre stilling, men det er så uvanleg at det eigentleg er uhøyrt. Fagforeiningane vil heller ikkje godta lønnsnedgang utan at det foreligg svært gode grunnar for det. I private virksomheiter skjer det støtt og stadig, men då som eit alternativ til å seie opp folk, det kan typisk være enklare at alle går ned 5% i lønn enn at 5% får sparken.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...