Gå til innhold

43-55" TV som kan fungere som bilde


Anbefalte innlegg

Eg vurderer å skifte ut ein 46" Samsung LCD frå 2009. TV-en står midt i stova så eg vil ha ein som ikkje er alt for stor og aller helst ein som kan kamuflere seg som eit bilete når den er avslått. Eg er klar over at det blir eit lågt bilete på veggen, men alt er uansett betre enn alternativet, som er ein svart flekk på veggen.

 

Kva finnes på marknaden av denne type apparat? Einaste eg veit om per i dag er Samsung sin The Frame og LG Gallery. Sistnemnde finnes ikkje i noko under 55" så vidt eg kan sjå. Mtp. avstand til apparatet så kan me sikkert ha 55" og større, men eg vil ikkje at TV-en skal ta så stor plass i rommet. 55 kan vurderast, men helst noko nærare 43-46".

 

Finnes det i det heile tatt andre alternativ enn dei to og er biletkvaliteten brukbar?

 

Edit: Eg ser at The Frame kjem i ny versjon snart, denne gong med 49" i tillegg. Det er ein kurant storleik.

 

Har ev. andre apparat tilsvarande funksjon, men kanskje utan ramma? Eit alternativ er ein betre TV utan å bruke rammer. Det største poenget er skjermflaten.

 

Apparatet blir for øvrig ofte ståande på med PC i lengre tid om gongen, dersom innbrenning framleis er eit problem. Kan sjølvsagt aktivere skjermbeskyttar om nødvendig.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...