Gå til innhold

Milliardkontrakt: Norske Nel leverer 448 hydrogenstasjoner til USA


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Bare sjekk posten til Sturle som jeg svarte på, 3382 solgte i fjor. I følge denne kilden:

https://insideevs.com/there-is-only-6500-hydrogen-fuel-cell-cars-in-the-world-half-in-california-report/

Er det over halvparten av alle solgte siden 2013. Sør-Korea er ikke nevnt, men de alene ligger an til å rulle ut noen tusn Nexo i år.

 

Litt under 50% auke, og langt under dei salsmåla produsentane sette seg. Toyota Mirai skulle til dømes selje 7000 i året, men har berre klart å komme seg opp til 2689 i 2017. Honda Clarity FCEV selde 524 bilar og Huyndai selde 169 hydrogenbilar i 2017. Ingen andre modellar var på marknaden i 2017. Dersom dei rullar ut nokre tusen Nexo på hydrogen i år, er det offentlege innkjøp i Sør-Korea som står for mesteparten.

 

2017 vart ikkje det året hydrogenbilar tok av. Det vert nok heller ikkje 2018. Erfaringar frå Danmark syner at det ikkje er infrastrukturen det står på, slik produsentane lenge hevda. Det må vere noko anna. Kanskje du kan fortelle kvifor du ikkje har kjøpt nokon av dei tre hydrogenbilane på marknaden, Del?

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ja, det kan jeg. Umoden teknologi, og mangel på infrastruktur. Du kunne like gjerne spurt hvorfor jeg ikke har batteribil, samme svar. Nå har jeg vel også mange ganger sagt at jeg ikke ser på Norge som et naturlig sted å starte med hydrogen, noen andre land kan for en gangs skyld brenne av sine skattepenger. Likevel er vi ledende på teknologien via Nel. Faktisk er hydrogen en teknologi jeg ser for meg kan være interessant å jobbe med en gang i framtiden. Derfor er jeg personlig svært interessert i å finne ut om det har livets rett. Kan godt hende hydrogen aldri blir et godt alternativ til batteribil, men mange her er litt raske til å konkluderte mener jeg.

 

Jeg ser potensiale i hydrogen, men er enig i at dagens energieffektivitet ikke er god nok, og at hydrogenproduksjon må baseres på fornybart dersom det skal ha noe for seg.

 

Du bør dobbelsjekke prosenten din over. Den er vel over 100% feil ;-)

Lenke til kommentar

Ja, det kan jeg. Umoden teknologi, og mangel på infrastruktur. Du kunne like gjerne spurt hvorfor jeg ikke har batteribil, samme svar. Nå har jeg vel også mange ganger sagt at jeg ikke ser på Norge som et naturlig sted å starte med hydrogen, noen andre land kan for en gangs skyld brenne av sine skattepenger. Likevel er vi ledende på teknologien via Nel.

Nei, Noreg er ikkje leiande på hydrogenbilteknologi. Vi har mykje erfaring med elektrolyse av vatn, fordi det var på den måten vi produserte hydrogen til ammoniakkproduksjon (til gjødselproduksjon) fram til vi fekk kapasitet til å flytte krafta gjennom kraftleidningar frå kraftverka. Då gjekk vi over til å produsere hydrogen frå olje og gass i staden, og er no verdsleiande på grønvasking av hydrogen til transport. Ja, det kan produserast ved elektrolyse, men det er ikkje slik vi faktisk produserer hydrogen her i landet.

 

Infrastrukturen for elektrisk straum er mykje betre enn han nokon gong kjem til å verte for hydrogen. Elbilar er ikkje berre mogen teknologi, dei er ofte meir teknologisk avanserte enn tilsvarande eksosbilar.

 

Du bør dobbelsjekke prosenten din over. Den er vel over 100% feil ;-)

Litt vanskeleg å vite kva prosent du referer til når du ikkje siterer, men dokumenter gjerne med tal. I 2016 vart det registrert 2312 hydrogenbilar i verda, i 2017 vart det registrert 3382. Auken frå 2016 til 2017 er 46,28%. Eg har ikkje globale tak for tidlegare år, men i Europa var 2015 det klårt beste året for hydrogenbilar med 189 nyregistreringar. Då var mange framleis entusiastiske, men interessa for hydrogen i Europa tydeleg dabba av i takt med at utvalet av elektriske bilar har vorte stadig betre. Blant kommande modellar er det jo òg mykje bra, i motsetnad til hydrogenbilar. Det er framleis akkurat tre modellar til sals.

 

For å setje salstala i perspektiv: I 2017 vart det registrert tre gonger fleire Nissan Leaf på Island enn hydrogenbilar i heile Europa totalt. Tesla brukar under 4 dagar på å produsere og selje like mange batteribilar som det vert selt hydrogenbilar i heile verda på eit år. Det er i realiteten ingen marknad for hydrogenbilar utanfor California og Japan, og sjølv der er det snakk om promille.

 

Ikkje mange ser hydrogen som eit reelt alternativ til batteri. California, Japan og Danmark prøver å skape noko ved å gje hydrogenbilar fordelar framfor batteribilar, men for folk flest oppveg ikkje rabatten ulempene med høgare driftskostnad og tidsbruken til hydrogenfylling. I California er det til og med vanleg å selje bilane med gratis fylling av hydrogen, slik at den ekstra tidsbruken er einaste ulempe.

Endret av Sturle S
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...