Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Utviding av terrasse med spabad


Anbefalte innlegg

Hei. 

 

Som tittelen sier skal eg utvide min terrasse og bygge inn spabad. 

Ønsker noen innspill utenfra, om det er andre måter å bygge på enn det eg har sett for meg i hodet mitt. 

 

Nåværende terrasse er 30kvadrat, men tenker og utvide med 20-25 til. 

Utfordringer er at terrenget stiger, og lurer da på om eg må heve terrassen med tre-fire trappetrinn for og så bygge et nytt platå. 

 

Her ønsker eg gjerne innspill på hva/hvordan dere ville ha gjort det? 

Platå til spabad er ferdig, men badet er ikke innkjøpt enda. 

post-194230-0-94030900-1529855834_thumb.jpg

Endret av Anty2225
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du har vell ikkje noke anna realistiske valg enn å heve den nye delen av terrassen uansett?

Alternativet er jo å enten grave/sprenge deg ned i terrenget med det arbeidet og kostnaden som høyrer med. Eller å heve den gamle delen av terrassen, med dei problema med verandadør og tilkomst generelt.

 

Eg antek derfor at du vil ha innspel på om du skal heve plattingen så høgt at spabadet ligg nedfelt i den nye plattingen, eller om du heve den nye delen med berre eit trinn slik at spabadet omtrent står på plattingen?

 

 

Det einaste umiddelbare rådet som eg vil gi deg er at du vurderer nøye kvar du hever den nye delen. Ikkje berre sjå deg blind på den openbare løysninga som er å bygge fyrste trappetrinn der den gamle plattingen startar.

Det er to forhold som du bør vurdere:

Dersom hevinga skjer nesten rett ved spabadet så blir det ekstra høgt å klatre for å kome seg inn og ut av spabadet.

Då vil du også drastisk redusere faren for å ramle i trappa dersom du har eit stort flatt området rundt sjølve spabadet. Slike spabad er fine å bruke også om vinteren, og kombinsasjonen av mørke, snø, våte bein, (kanskje eit par glas vin) og trappetrinn rett ved spabadet er litt småskummel.

 

Og motsatt, dersom du startar trappetrinna for langt inne på det som er dagens terrasse så vil du få eit mindre åreal på nedste delen til anna terrasse bruk slik som utemøblar og grill.

 

 

 

PS. Sidan du snakkar om 3-4 trinn så ville eg absolutt vurdert å ikkje bygge trappetrinn i heile bredda. Då kan du f.eks. bygge inn eit stort trinn som kan brukast som innebygd sitteplass, du kan felle inn ei fordjupning som du kan bruke til blomsterkrukke, eller du kan lage ei luke inn til eit tett kryprom der det er plass til å oppbevare putene til utemøblane, eller kanskje andre praktiske småting som hagespader og grillkol.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...