Gå til innhold

[Løst] Jobb, søknadsfrist 29. Mai. Reiser på ferie tidlig juni


Anbefalte innlegg

Jeg skal søke på en jobb i butikk som har søknadsfrist 29. Mai, jeg reiser på tur til utlandet tidlig juni og blir borte litt over en uke. Hvis jeg får jobbtilbud blir det jo veldig dårlig inntrykk å reise på ferie med en gang.

Hva burde jeg gjøre?

 

Jeg veit det er forskjell fra sjef til sjef og hva som blir gjort, men vil høre om noen har vært borti dette.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Kva form for arbeidsforhold er det du søker på?

 

For tilsetting i fast stilling, og særleg på større arbeidsplassar så tek prosessen litt tid.

Etter at fristen har gått ut skal sjefen gå gjennom søknadane for å foreta ei grovsortering, ofte skal også tillitsvalgte være med på den prosessen.

Deretter skal ein finne ut kven som er kandidatar for å få jobbintervju, denne prosessen kan bli forsinka ved at mange arbeidsplassar no går inn i feriemodus slik at ikkje alle nøkkelpersonane nødvendigvis er tilstades kvar dag.

Når dei personane er plukka ut vil ein normalt gå gjennom CV og innsendt dokumentasjon for å forsikre seg om at arbeidssøkaren ikkje har juksa med CV, vitnemål og eventuelle referansar som er oppgitt på førehand.

Deretter tek ein kontakt med arbeidssøkaren for å avtale tid for jobbintervju.

Også her vil det gå litt tid, og sidan mange jobbsøkarar har forpliktelsar frå før som f.eks. eit anna arbeidsforhold og liknande så er det ikkje gitt at sjølve intervjuet blir før fleire veker seinare.

 

 

Det er med andre ord svært liten sannsynlegheit for at du får høyre noke frå den potensielle arbeidsgivaren i løpet av den fyrste veka.

Og dersom du høyrer noke frå dei så er det mest sannsynleg for å avtale å gjennomføre jobbintervju lenger fram i tid.

 

 

Dersom du søker på ein sommarjobb eller jobb som ringehjelp så kan prosessen gå litt raskare, men på dei fleste faste stillingar så vil arbeidsgiver ta seg tid for å vurdere nøye kven som får jobbtilbud, då det å tilsette feil person fort kan koste bedrifta veldig mykje.

 

 

Eg ville derfor ikkje bekymra meg for å reise på feire i ei veke, men det kan være lurt at du gjer deg tilgjengeleg på telefon medan du er på ferie, eller i det minste passar på å ringe oppigjen i kontortida dersom du får tapte anrop frå den potensielle arbeidsgivaren.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...