Gå til innhold

Jobbe som brannkonstabel


Jmmh

Anbefalte innlegg

Hei der. Jeg lurer på om det er mulig å bli ansatt som brannmann/brannkonstabel uten utdanning ifra brannskolen. 

 

Venner og bekjente av meg sier at det er mulig å jobbe som brannmann kommunalt uten særlig utdannelse, og andre sier at det er meget strenge krav til ansettelse i kommunen samt som i andre etater, avdelinger.

 

Jeg på min side har "utdanning" via mye teoretisk og praktisk utdanning via Folkehøgskole, der vi tok en rekke kurs i brannslokking, forebygging, røykdykking osv...(Redning sikkerhet og ledelse) ved Risøy folkehøgskole. 

 

Håper noen har erfaring knyttet til dette og takker for svar.

 

 

 

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det varierer mykje frå brannvesen til brannvesen.

 

Per i dag finnes det ikkje eit ordniært utdanningssstem for å bli brannmann. Det er bestemt at ein skal få ein teknisk fagskule som skal være open for alle med fullført vidaregåande som skal utdanne framtidas brannmenn. Det var planlagt oppstart alt til hausten neste år, men denne prosessen er forsinka slik at det vil gå minst eit par år til.

 

Norske brannvesen baserer seg på eit system med internopplæring av nyansatte i eige brannvesen, før dei ansatte blir sendt på brannskulen for kursing. Kva ein får av kursing, og kor lenge ein må være ansatt før ein får gå kurs er avhengig av både brannvesenets prioriteringar og brannskulen sin utdanningskapasitet.

 

Det formelle minimumskravet for å kunne jobbe som brannkonstabel er at ein er minst 18 år og kan legge fram godkjent politiattest.

I tillegg til dette er det krav om helseattest. Kor god helse ein må ha (som minimum) varierer etter type tjeneste. For røykdykkarar er det strengare krav enn for sjåførar som igjen har strengare helsekrav enn ein brannkonstabel som ikkje er røykdykkar.

 

Alle brannvesen med fulltidsstillingar setter sine eigne minimumskrav for å kunne luke ut dei dårlegast kvalifiserte og på den måten få færre søkarar som skal vurderast. I praksis er det ingen fulltidsansatte brannkonstablar som ikkje har andre kvalifikasjonar enn lovas minimumskrav.

 

 

Dersom du er av rette typen og i tillegg har ein del kurs frå før så burde det være gode muligheiter for å få seg jobb, og deretter få tilbud om internopplæring og kursing på brannskulen.

 

Dei fleste brannvesen med fulltidstilsette krever at søkarane som minimum skal ha relevant yrkeserfaring eller fagbrev, samt førarkort klasse C (blålyslappen får ein ikkje ta utan å være tilsett i ein nødetat).

Ein bør også være i passelig alder for å ha gode muligheiter for å bli vurdert. Du bør helst være ein plass mellom 24 og 40 år, gamal nok til å ha blitt moden og kanskje godt etablert med familie, men samtidig ikkje så gamal at ein ikkje har mange år igjen i yrket.

 

I mindre brannvesen som kun har deltidsstillingar (typisk 0,5-2,5%) stilling vil krava kunne være lavare, men også små brannvesen treng tilsette som både kan kjøyre brannbilen og drive med røykdykking.

Som deltidsbrannmann er du heilt avhengig av å ha ein anna jobb då eit par prosent stilling ikkje gir særleg med utbetaling. )Denne dagjobben må i tillegg være både nært nok brannstasjonen til at du kan kome deg dit på eit par minutt og ein slik jobb der du kan legge ned arbeidet og springe frå jobben dersom alarmen går).

 

 

 

Kort oppsumert:

Det er mulig å få seg jobb som brannkonstabel utan å ha gått på brannskulen, faktisk er det forholdsvis få som går på brannskulen som privatperson i håp om å få jobb. Dei fleste blir tilsett fyrst og deretter utdanna.

 

Kor strenge krava til ansettelse er varierer alt etter kva kommune det er snakk om, brannvesenets behov for personell og lokal konkurranse om jobben.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...