Garegaupa Skrevet 17. november 2017 Del Skrevet 17. november 2017 Hei, folkens! Me skal totalrenovere huset til neste år, og i den samanheng så kjem eg til å få lagt opp nettverksuttak i såpass mange rom at der nok vert behov for eit patchepanel og ein switch for å få "kabalen" til å gå opp. I den samanheng så vurderer eg å skaffe eit 19" rackskåp til å ha dette i, og så på same tid få hiva inn Altibox FMG heimesentral og Futurehome Smarthub i same skåpet for å få dette ut av vegen og ut av syne. Det eg lurar på er om dette kjem til å påverke WiFi- og Z-Wave-signala såpass negativt at det ikkje er verdt det? Det hadde vore greitt å sleppe å ha fullt av boksar, nettverkskablar og straumleidningar slengjande rundt ikring og heller fått samla alt inni eit slikt skåp, men går det ikkje så går det ikkje. Eg har søkt ein del på nettet og funne litt varierande erfaringar frå dei som har prøva dette, så eg tenkte eg ville høyre kva for erfaringar folk her på forumet har gjort seg med tilsvarande installasjonar? Ein annan ting er at dei 19" rackskåpa eg har sett på har rimeleg låg WAF... Eg veit ikkje heilt kor i huset dette kjem til å verte montert enno, men er det nokon som veit om nokon rackskåp som er litt meir behagelege for augo enn dei "industrielle" variantane ein stort sett finn når ein søkjer etter dette? Lenke til kommentar
tingo Skrevet 17. november 2017 Del Skrevet 17. november 2017 Hvis du skal ha WAF, ikke bruk et ferdig rack. Bygg noe som passer (har rack-format innvendig) og som kan skjules (i tre for eksempel?) Husk også på at rack-utstyr normalt lager støy, det påvirker ofte WAF negativt. Husk også behovet for kjøling / luftflyt. Lykke til! 2 Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 20. november 2017 Forfatter Del Skrevet 20. november 2017 (endret) Hei, tingo! Ja, du er nok inne på noko der. Eg har sett litt meir på saker og ting, og å byggje noko i tre kan absolutt vere ein ide. Høgare WAF, som du seier, og tre bør ikkje blokkere signala på den same måten som eg reknar med at metall vil. På den andre sida har ein støyutfordringane som du nemner. Slik sett burde eg vel fått heile greia ned i kjellaren, men det er neppe optimalt for WiFi- og Z-Wave-signala... Kanskje eg heller bør tenkje i retning av å ha Altibox-sentralen og smarthus-sentralen midt i huset ein plass, og så gøyme vekk patchepanel, switch og anna i kjellaren? Eg hadde som sagt håpa på å samle alt på ein plass, men eg ser vel meir og meir at det vert vanskeleg å få til ei estetisk akseptabel løysing på dette i ein del av huset der ein oppheld seg mykje... Endret 20. november 2017 av Garegaupa Lenke til kommentar
TommyL Skrevet 20. november 2017 Del Skrevet 20. november 2017 Kjøp et eget accesspunkt og slå av wifi på Altibox. Problem løst. 1 Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 20. november 2017 Forfatter Del Skrevet 20. november 2017 Det kunne nok løyst ein del av utfordringa mi, ja, då kunne eg "pakka vekk" Altibox-sentralen utan å tenkje på signalstyrken. Like fullt så må aksesspunktet òg stå ein plass, så det einaste eg slik sett oppnår er å måtte kjøpe ein "dings" til som vert ståande framme i staden for Altibox-sentralen. Dessutan sit eg òg att med Z-Wave-sentralen til smarthus-systemet. Den bør òg vere plassert rimeleg sentralt i huset så langt eg kan skjøne. Det spørs om den enklaste og mest estetisk akseptable løysinga vert å ha desse to sentralane montert på veggen borti eit hjørne på gangen, og så heller ha eit heilt vanleg rackskåp i kjellaren der ingen ser det likevel. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå