Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Endre skattekort


TheodorBjork

Anbefalte innlegg

Det er ikkje alltid så lett å forutsjå kva som skjer i løpet av året. Skattekortet skal ein helst korrigere i desember, sånn at det er klart for neste år. Inntekt, frådrag, sparing, renter osv. kan endre seg i løpet av dei 12 månadane skatterkortet skal gjelde for. Ved mindre avvik på eitt eller fleire av punktene så betyr det ikkje stort. Det er veldig vanleg å få nokre tusen tilbake eller måtte betale nokre tusen i restskatt. Er du ung og ikkje har betalt skatt så lenge eller har den heilt store inntekta, så forstår eg at nokre tusen i restskatt er kjipt, men når du får ei gjennomsnittleg inntekt så betyr ikkje det all verden. Den beste måten å unngå restskatt eller å få tilbake på skatten er å prøve å halde opplysningane på skattekortet så riktig som mogleg. I første omgang i desember, og deretter kan du følgje med gjennom året. Ser du i oktober at du har betalt for mykje eller for lite så kan du bestille nytt skattekort for det året for å korrigere det medan du enno er innanfor dei 12 månadane. Ser du at skatten blir feil så kan du òg la det gå sin gang og heller betale restskatt eller få tilbake på skattemeldinga neste år.

 

Blir det større endringar i løpet av året så kan du vurdere å bestille nytt skattekort med den nye informasjonen som grunnlag. Eksempel på dette kan vere at du kjøper bustad i mai og betalar mange tusen i renter ut året, eller at du får ny jobb med høgare inntekt.

 

Tabellane fungerer godt til å ta høgde for endringar i inntekt, men dei skal fungere for heile landets befolkning, og då må det bomme litt her og der. Tabellen er òg berekna ut frå totalbiletet, som inkluderer renter, frådrag og den slags. skjer det endringar på gjeldsrenter, frådrag, sparing og liknande i løpet av året så vil ikkje tabellen justere seg etter det. Den vil kun justere betalt skatteprosent etter kva du har i brutto frå månad til månad.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...