Gå til innhold

Lønn ved å jobbe i kommunen vs privat


Anbefalte innlegg

Hei

 

Jeg vurderer å bytte jobb fra privat sektor til kommunen. Jobben er innenfor økonomi. 

 

Tilbudet i kommunen er ca. 120.000 kr lavere enn nåværende arbeid. 

 

Hvordan kan jeg best mulig regne hvor mye lønnen i kommunen er ift privat når man tar hensyn til afp, pensjon ol? For 120.000 er ganske stor forskjell. 

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Det er ingen enkel måte å rekne ut dette på.

Det du må gjere er å samanlikne pensjonsspareavtalen som du har i din nåværande jobb med AFP-vilkåra som gjeld akkurat no.

Deretter må du prøve å gjere eit estimat på kva som er din forventa levetid og når du ser for deg å gå ut i pensjon, dette for å ha eit likt grunnlag som du kan rekne på.

 

Husk også at du må ta stilling til at sjølv om den offentlege AFP ordninga gir gunstig pensjon, så har den avtalen ein del krav for at du kan benytte AFP, blant anna krav til kor lenge du må ha jobba og størrelse på stillinga når du går av med pensjon. Er du utanfor krava så får du ikkje AFP i det heile tatt og må nøye deg med vanlig alderspensjon.

 

 

Mitt beste råd for å vurdere pensjonsordningane er å sjå på ein pensjonskalkulator som f.eks på NAV sine sider.

Når eg leika med kalkulatoren og la inn ein 30 åring med årslønn på 500k som står til han er 67 år så utgjorde AFP forskjellen 39 000 kr ekstra utbetalt i året.

Men kva dette er verdt når du samanliknar årslønn i det offentlege mot årslønn i det private er ikkje så enkelt. Antagelegvis så er vell det enklast å tenke at denne 30 åringen er forventa å leve til han blir 73 i følge SSB sine prognosar, noke som betyr at han kjem til å heve pensjon i 6 år. Då utgjer AFP 39 000 x 6 år = 234 000 kr meir i pensjonsutbetalingar.

Skal vi då sjå på årslønna og deler disse 234 000 kronene likt utover dei 37 åra som han skal jobbe fram til han går av med pensjon så betyr det at ein privat ansatt må sette til side 6324 kr meir kvart år for å ha like mykje å leve for som ein tilsvarande person med AFP.

 

 

Så prøv å sette det opp på den måten med dine eigne tal. Blir spennande å sjå kva du ender opp med.

For min del ender eg opp med at AFP utgjer ca 8300 kr ekstra i året dersom eg står i jobb til 67 og lever like lenge som SSB antydar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...