Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

På utkikk etter god og påliteleg skylagring med ende-til-ende-kryptering

Garegaupa

Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

Per i dag brukar eg Jottacloud for å synkronisere viktige filer og mapper mellom to PC-ar, samstundes som eg då har ein sikkerheitskopi i skya i tilfelle noko skulle skje.

Eg må seie at eg har mine aversjonar mot å ha private data liggjande ute på nettet slik, sjølv om eg ikkje har noko å skjule og sjølv om Jottacloud truleg i utgangspunktet er sikker nok. Difor har eg i det siste vore på utkikk etter ei skylagringsteneste med ende-til-ende-kryptering av data. Eg forstår der er fleire slike å ta av, men eg har etter litt leiting landa på desse to:

Tresorit

Sync.com

Eg tykkjer båe desse ser bra ut, og er litt i tvil om kven av dei eg skal velje. Tresorit har den fordelen at dei ligg i Europa (Sveits) i motsetnad til Sync.com som er eit kanadisk selskap. På den andre sida så har (så vidt eg kan lese meg til) Sync.com ein stor fordel i at du alltid kan gjenopprette sletta filer, noko Tresorit per i dag ikkje har. Skulle ein vere så uheldig å klare å verte utsett for ein cryptolocker så vil dette kunne vere absolutt avgjerande for å få attende filene sine intakte.

Per i dag så held eg nok ein knapp på Sync.com, men eg ville gjerne høyre om der er nokon her på forumet som har erfaring med nokon av desse tenestene, eller eventuelt andre forslag. Eg har tidlegare vurdert SpiderOak, men eg har lese meg til ein del på nettet som gjer meg noko skeptiske til sikkerheitsnivået deira.

Det eg ynskjer er å kunne få til ei automatisk synkronisering/sikkerheitskopiering av dei mappene der eg har dokument og bilete, slik som eg har sett det opp med Jottacloud per i dag. Å ha tilgang til filene via nettlesar, via mobiltelefon og/eller å kunne dele filer med andre er uinteressant for meg. Eg vil berre vite at eg har dei viktige filene mine på båe PC-ane mine, samt at eg har ein (godt kryptert og sikra) sikkerheitskopi utanfor huset. Så vidt eg kan sjå så har både Tresorit og Sync.com den funksjonaliteten eg treng i så måte.

Alle innspel i høve til kva eg bør gå for vert mottekne med takk!  :wee:

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Ta en titt på duplicati, den krypterer filene når du laster dem opp på feks, jotta. Jeg leker litt med den selv nå :)

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...