Gå til innhold

Korleis kan vi bevare velferdsstaten?


Anbefalte innlegg

Norge er eit fantastisk land. Vi har høg levestandard og små skilnader mellom fattige og rike. Vi har mange velferdsgoder som gir hjelp til dei som treng det mest, dei gamle, dei sjuke, dei arbeidslause, dei fattige osv. Mange tek desse godene for gitt, men i den tida vi lever i er det desto viktigare å stå opp for dei svake i samfunnet, og kjempe mot dei som ønskjer eit kaldare og meir usosialt samfunn. Korleis kan vi best hegne om dei verdiane som har gjort Norge til eit velståande land? Korleis kan vi best bevare velferdsstaten både i eit kort og eit langt perspektiv?

 

I eit kort perspektiv bør Norge føre ein rettferdig omfordelingspolitikk, der dei rike betaler meir i skatt, samstundes som ytingar til svakare stilte aukar. Gode skattepolitiske tiltak er til dømes auke i formueskatten og gjeninnføring av arveavgifta. Det bør bli dyrare å eige og køyre bil. Vidare må vi auke inntektene til dei som har lite. Studentar bør få meir i lån og stipend. Arbeidslause bør få meir dagpengar. Sjuke bør få meir uføretrygd. Satsen for arbeidsavklaringspengar bør aukast. Minstepensjonistar bør få auka kjøpekraft. Vi må bruke meir pengar på fellesskap, på skule, helse og eldreomsorg. Eigenandelstak 1 og 2 for medisinske utgifter og fysioterapi bør reduserast. Bustøtte bør aukast. Dette har vi råd til, dersom vi prioriterar rett. Å erstatte velferdsytingar med borgarløn er også ein god tanke.

 

I eit langt perspektiv er det to ting som er viktige. For det første må bruken av oljepengar ned no, og sparast til framtidige generasjonar. Med tanke på korleis samfunnet utviklar seg, til dømes den komande eldrebølgja, utfasing av fossilt brensel, er det fullstendig uansvarleg å bruke så mykje oljepengar som vi gjer idag. For det andre må vi redusere graden av innvandring kraftig, ettersom det vil koste ufatteleg mykje å integrere desse på ein god måte. Veldig mange innvandrarar går idag på velferdsytingar. Med mindre innvandring vil vi spare store utgifter, som kan bli brukt til å utjamne skilnader mellom etniske nordmenn. Vi kan heller støtte utanlandske naudlidande der dei er i nærområda.

 

Kva parti vil så i størst grad føre ein velferdspolitikk som skissert over? Venstresida har gode tankar om sosial utjamning, men ein altfor naiv innvandringspolitikk. Frp har ein god innvandringspolitikk, men har elles ein politikk som aukar skilnadene i samfunnet. Vi manglar altså eit parti som både vil støtte sosial utjamning og streng innvandring. I den tida vi lever i, står vi overfor ei rekkje kritiske utfordringar. Vi er ein del av ei klode, som ligg i dødskramper, truga av klimakrise, overbefolking og ekstremisme. Som verdsborgarar har vi sjølvsagt eit medansvar, til dømes å redusere utslepp av CO2. Som nordmenn bør det likevel vere vår førsteprioritet å vere oss sjølve nok, ta vare på vår velferd så godt vi kan så lenge vi kan. Vi må vere rause med våre eigne landsmenn, og restriktive mot framandkulturelle lukkejegarar!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Som nordmenn bør det likevel vere vår førsteprioritet å vere oss sjølve nok, ta vare på vår velferd så godt vi kan så lenge vi kan. Vi må vere rause med våre eigne landsmenn, og restriktive mot framandkulturelle lukkejegarar!

Kvifor gi pengar til norske lukkejegarar??

 

La kvar og ein take vare på si eiga velferd (vera seg sjølve nok), vere rause med sine eigen familie, og restriktiv med frammade lukkejegarar (uansett kva språk dei pratar).

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Korleis kan vi best hegne om dei verdiane som har gjort Norge til eit velståande land? Korleis kan vi best bevare velferdsstaten både i eit kort og eit langt perspektiv?

Sterk nedbygging av velferdsstaten og en kraftig reduksjon i hvilke oppgaver offentlig sektor har. Og da mener jeg tiltak som virkelig monner, ikke bare en reduksjon i utgiftsveksten som man har sett med de blåblå. Kutt i sykelønnen og karensdager, aldersgrense og strengere krav for uføretrygd, fjerne AFP, legge ned departementer og direktorater, slå sammen flere kommuner f.eks.

 

Det du tar til ordet for i ditt innlegg vil bety en massiv utvidelse av velferdsstaten som er det motsatte av hva vi trenger i en tid med sterkt økende utgifter grunnet en aldrende og mer pleietrengende befolkning. Skatteøkningene du foreslår vil heller ikke være langt på nær nok til å dekke inn kostnadene, og kan fort føre til mindre inntekter for staten da de vil gi færre sysselsatte og lavere økonomisk vekst. Å øke skattene når de allerede er blant de høyeste i verden er ikke spesielt klokt.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Kva parti vil så i størst grad føre ein velferdspolitikk som skissert over? Venstresida har gode tankar om sosial utjamning, men ein altfor naiv innvandringspolitikk. Frp har ein god innvandringspolitikk, men har elles ein politikk som aukar skilnadene i samfunnet. Vi manglar altså eit parti som både vil støtte sosial utjamning og streng innvandring. I den tida vi lever i, står vi overfor ei rekkje kritiske utfordringar. Vi er ein del av ei klode, som ligg i dødskramper, truga av klimakrise, overbefolking og ekstremisme. Som verdsborgarar har vi sjølvsagt eit medansvar, til dømes å redusere utslepp av CO2. Som nordmenn bør det likevel vere vår førsteprioritet å vere oss sjølve nok, ta vare på vår velferd så godt vi kan så lenge vi kan. Vi må vere rause med våre eigne landsmenn, og restriktive mot framandkulturelle lukkejegarar!

Norge er eit fantastisk land. Vi har høg levestandard og små skilnader mellom fattige og rike. Vi har mange velferdsgoder som gir hjelp til dei som treng det mest, dei gamle, dei sjuke, dei arbeidslause, dei fattige osv. Mange tek desse godene for gitt, men i den tida vi lever i er det desto viktigare å stå opp for dei svake i samfunnet, og kjempe mot dei som ønskjer eit kaldare og meir usosialt samfunn. Korleis kan vi best hegne om dei verdiane som har gjort Norge til eit velståande land? Korleis kan vi best bevare velferdsstaten både i eit kort og eit langt perspektiv?

 

 

 

Gratulerer, du er nå medlem av klubben som faktisk har forstått realitene. Det er dessverre få av oss.

 

Masseinnvandring gjør at

 

-Kriminaliteten er mye høyere enn den trenger å være

-Velferdsstaten rakner om noen tiår

-At vår felles norske kultur rakner

-Deretter vil nasjonen Norge vakle noen tiår etterpå. I verste fall kan vi risikere voldelige konflikter og alvorlig snakk om løsrivelse ifra sørøstlandet

-Og det blir stadig vanskeligere å oppnå klimamålene

 

 

Uten masseinnvandring og kun kjærlighetsekteskap og kvalifisert arbeidskraft ville Norge nå hatt en befolkning på litt over 4 millioner.

 

Det er land som Norge som har mulighet til å løse utfordringene menneskeheten står overfor. Vi kan ikke løse de utfordringene, som f.eks en femdobling av Afrikas befolkning, dersom vi også går i underskudd og blir dratt tilbake i tid.

  • Liker 3
Lenke til kommentar

Det du tar til ordet for i ditt innlegg vil bety en massiv utvidelse av velferdsstaten som er det motsatte av hva vi trenger i en tid med sterkt økende utgifter grunnet en aldrende og mer pleietrengende befolkning. Skatteøkningene du foreslår vil heller ikke være langt på nær nok til å dekke inn kostnadene, og kan fort føre til mindre inntekter for staten da de vil gi færre sysselsatte og lavere økonomisk vekst. Å øke skattene når de allerede er blant de høyeste i verden er ikke spesielt klokt.

 

Vi må naturlegvis ha balanse i budsjettet, men det betyr ikkje at vi skal nedprioritere dei som har minst til fordel for dei som har mest. Tal frå TBU viser at dei økonomiske skilnadene har auka med 9.7% under dagens regjering (http://www.tv2.no/a/8948736/). Forskjellsforskar Rolf Aaberge seier: " Stort sett er det to grunner til at inntektsulikhetene har fortsatt å øke de siste 15 årene. Den ene grunnen er innvandring. Den andre er at de rikeste i Norge har fått mer i inntekt, både på grunn av olja, og på grunn av skattereformer som har gitt lavere skatt." (https://www.faktisk.no/artikler/VL/hvorfor-oker-forskjellene-i-norge)

 

Det eg tek til orde for er først og framst å reversere denne utviklinga ved å auke skattenivået særleg for dei rike, auke velferdsytingane til svakare stilte, samt føre ein streng innvandringspolitikk. Så kan graden av desse endringane diskuterast i lys av budsjettet, men det sentrale er at vi tek grep for å få ned dei sosiale skilnadene i samfunnet.

 

Kvifor gi pengar til norske lukkejegarar??

La kvar og ein take vare på si eiga velferd (vera seg sjølve nok), vere rause med sine eigen familie, og restriktiv med frammade lukkejegarar (uansett kva språk dei pratar).

 

Det er ein skilnad på å vere fødd i Norge, og dermed vere ein del av vårt fellesskap og ein felles rett på våre naturressursar, kontra å vere utanlandsk og kome hit for å profittere på våre velferdsgoder. Vår oljerikdom er noko alle har del i, ikkje berre dei rikaste, men alle statsborgarar av Norge. Det betyr naturlegvis ikkje at nordmenn skal ha rett til å snylte på trygdeordningane, men dette har NAV sitt kontrollsystem god kontroll på.

 

Den store majoritet av folk som nyttar seg av NAV-ordningar, er menneske med reelle behov, anten det er arbeidsløyse, sjukdom eller alderdom. Dette er lagnadar som kan råke alle, og som fellesskapet har eit ansvar for å forsørge. Dersom alle skal ta vare på seg sjølve, vil vi få eit kaldt og lite medmenneskeleg samfunn, med store klasseskilnader og alle problem som følgjer med stor fattigdom. Det er inga sjølvfølgje at alle har familie som kan hjelpe, og uansett ville dette føre til stigmatisering. Det er vel og bra at familien trør til når ein kjem i ein uheldig livssituasjon, men det kan aldri erstatte det sosiale tryggleiksnettet som folketrygda utgjer.

Lenke til kommentar

Vi må naturlegvis ha balanse i budsjettet, men det betyr ikkje at vi skal nedprioritere dei som har minst til fordel for dei som har mest. Tal frå TBU viser at dei økonomiske skilnadene har auka med 9.7% under dagens regjering (http://www.tv2.no/a/8948736/). Forskjellsforskar Rolf Aaberge seier: " Stort sett er det to grunner til at inntektsulikhetene har fortsatt å øke de siste 15 årene. Den ene grunnen er innvandring. Den andre er at de rikeste i Norge har fått mer i inntekt, både på grunn av olja, og på grunn av skattereformer som har gitt lavere skatt." (https://www.faktisk.no/artikler/VL/hvorfor-oker-forskjellene-i-norge)

 

 

Det eg tek til orde for er først og framst å reversere denne utviklinga ved å auke skattenivået særleg for dei rike, auke velferdsytingane til svakare stilte, samt føre ein streng innvandringspolitikk. Så kan graden av desse endringane diskuterast i lys av budsjettet, men det sentrale er at vi tek grep for å få ned dei sosiale skilnadene i samfunnet.

Det gjør du, og resultatet av dine forslag vil ikke bli lavere forskjeller eller økte skatteinntekter for staten, kun rekordstor bruk av oljepenger, mer underskudd, mer statsgjeld og dermed dårligere levestandard for alle i fremtiden. Du kaller det å nedprioritere de svakeste, men ingen av forslagene mine vil påvirke de aller svakeste, tvert imot vil de få det bedre når deres trygder og pensjoner er trygge. 

 

En annen sak er at Norge allerede har blant de laveste sosiale og økonomiske ulikhetene i verden, så hvorfor dette endeløse maset om enda mindre forskjeller når dette vil ha liten effekt og sende oss ut i økonomisk ruin?

Lenke til kommentar

Det er ein skilnad på å vere fødd i Norge, og dermed vere ein del av vårt fellesskap og ein felles rett på våre naturressursar, kontra å vere utanlandsk og kome hit for å profittere på våre velferdsgoder. Vår oljerikdom er noko alle har del i, ikkje berre dei rikaste, men alle statsborgarar av Norge. Det betyr naturlegvis ikkje at nordmenn skal ha rett til å snylte på trygdeordningane, men dette har NAV sitt kontrollsystem god kontroll på.

Det er ein skilnad på å vere fødd på denne Jordkloden, og dermed vere ein del av vårt fellesskap og ein felles rett på våre naturressursar, kontra å vere en Alien og kome hit for å profittere på våre velferdsgoder.

 

Eller

 

Det er ein skilnad på å vere fødd på Vestlandet, og dermed vere ein del av vårt fellesskap og ein felles rett på våre naturressursar, kontra å vere frå andre steder og kome hit for å profittere på våre velferdsgoder. Vår oljerikdom er noko alle Vestlendingar har del i, ikkje berre dei rikaste. Det betyr naturlegvis ikkje at Vestlendingar skal ha rett til å snylte på trygdeordningane, men dette har NAV på Vestlandet sitt kontrollsystem god kontroll på.

 

:)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...