Sturle S Skrevet 11. juli 2017 Del Skrevet 11. juli 2017 Total inntekt til staten var 127,9 milliarder.Då reknar du litt spesielt. Du tek til dømes med utbyte frå Statoil, som reduserer verdien av Statoil tilsvarande (11 mrd). Det ville vere meir naturleg å rekne med verdien av staten sin eigardel i Statoil. I tillegg tek du med miljøavgifter, utan å rekne med miljøkostnadane. Klimakostnadane åleine er i ferd med å verte høge. Berre spør forsikringsselskapa. I tillegg kommer verdien i sysselsetting av et par hundre tusen personer.Dei kunne vore sysselsett i andre næringar. Ikkje minst kunne pengane vore investert i andre næringar. Vi har billionar av kroner investert i Nordsjøen, og dei pengane kastar stadig mindre av seg. Det er på tide å slutte å vurdere dårlege og svært risikable prosjekt som Aasta Hansteen, berre fordi det er olje eller gass, og vurdere om pengane og arbeidskrafta kan investerast betre i lønsame prosjekt. Det er ikkje slik at "fordi staten tener pengar på olje og gass, vil alt vi kan kaste pengar etter innan olje og gass løne seg for all framtid". Mange av prosjekta staten kastar pengar etter er reine tapsprosjekt under heilt normale føresetnader, og eg er redd landet går konkurs før politikarane innser det. Berre høyr på dei. Ingen privat investor som tok heile risikoen sjølv ville risikert pengane sine på eit prosjekt som Aasta Hansteen. Når staten tek all risikoen, som i dette tilfellet,er det ikkje rart at selskapa grip sjansen. Det kan jo gå i pluss. Glem heller ikke at oljeprisen hittil har vært høyere i 2017 enn den var i 2016, dermed vil vi sannsynligvis tjene mer på oljen i år.Det spørs. Prisen er ikkje so mykje høgare. Hugs at vi pøsar ut rekordmykje på leitesubsidiar. "Nei, du byggjer typisk opp lønsame verksemder i krisetider. Alt er betre enn å sysselsette nyttige folk på tapsprosjekt ute i Nordsjøen." Den logikken kan brukes til å bygge ut oljefelt nå som det er krise i oljebransjen, for å kunne tjene penger på det når oljeprisen går opp igjen. Dersom oljeprisen går opp att. Du kan ikkje leggje til grunn at han gjer det, når stadig meir peikar i retning av at han vil halde seg under 50 USD i lang tid framover, og sannsynlegvis gjere nye brå fall om få år. No held han seg rett under 50 pga kutt frå OPEC. Det fører på nytt til at andre tek over marknaden OPEC hadde før. No har til og med India importert si fyrste oljelast frå USA. Den utviklinga er ikkje OPEC interessert i. Dei kjem til å reversere kutta i von om å riste av seg USAnske skiferoljeprodusentar, og ta ein større del av marknaden sjølv. Berre vent og sjå. Samstundes har vi store incitament for at folk skal kjøpe elbilar i staden for eksosbilar. Det er direkte motarbeiding av oljeprisen. Dersom veksten i salet av elbilar på verdsbasis held fram, er oljeprisen under 25 USD om ti år. Prisen kan bryte saman om berre fem år. 1 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå