Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Kaby Lake vs. Ryzen for Gaming


MKap

Anbefalte innlegg

Har planar om å bygga ein PC som skal brukast primært til gaming i ikkje altfor fjern framtid. Har ein grov idé for det meste av builden, men er usikker på val av prosessor. Då eg byrja med research i vinter var i5 eit ganske openbart val. Sidan då har AMD teke opp konkurransen med Ryzen, samstundes som eg ser at den generelle oppfatninga om at i7 ikkje gir noko ekstra ytelse ved gaming har endra seg (om det er pga. forskjellar mellom Skylake og Kaby Lake eller andre ting veit eg ikkje).

 

Dei mest aktuelle prosessorane akkurat nå er desse: https://www.prisjakt.no/product.php?j=4020337,4162310,4020355,4236769,4236770,4162311

  • Intel i5 7600K
  • Intel i7 7700k
  • AMD Ryzen 5 1600
  • AMD Ryzen 5 1600X
  • AMD Ryzen 7 1700
  • AMD Ryzen 7 1700X

Er ikkje veldig begrensa når det gjeld budsjett, men trur eg klarar meg med 1080p/60hz, og kjem antakeleg til å kombinera det med GTX1070. Prioriterer derfor at det skal vera ein "god deal" - dvs. god balanse mellom pris og utskiftingsintervall. Det er ein fordel at det er mogleg å overklokka. Kjem nok ikkje til å gjera det i fyrste omgang, men kan godt vera eg får lyst til å prøva meg på det etter kvart.

 

Argumenta eg har komme fram til sjølv så langt:

Intel

  • Har gjennomgåande høgare klokkefrekvens enn Ryzen, som vel stadig er det som har mest å seia for spelytelse
  • Slepp kanskje nokre barnesjukdommar

AMD

  • Fleire kjerner. Antakeleg betre enn Intel til det meste som ikkje er spel. Kanskje høgare ytelse på ein del framtidige spel som kan nytta meir enn 4 kjerner.
  • Nyare socket. Tenker at det reduserer sannsynet for at eg må bytta hovudkort den dagen prosessoren skal skiftast ut.
  • Alle modellane er ulåste så langt eg har forstått. Forøvrig praktisk at 1600 og 1700 kjem med vifte når eg ikkje har planar om å overklokka med ein gong.

Tenker at Ryzen 7 gjerne er det dårlegaste alternativet, sidan klokkefrekvensen på dei er lågare enn Ryzen 5 (som igjen er lågare enn på Intel), samtstundes som det er spørs kor mykje eg får ut av 8 kjerner istadenfor 6 i overskueleg framtid (dvs. levetida til prosessoren).

 

Innspel?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du kan også vurdere A320 hovedkortene for Ryzen om du ikke tenker å overklokke. Koster 650-850ish og flere av dem har støtte for 3200MHz-minne slik B350-kortene har.

 

Hadde jeg kjøpt idag hadde jeg kjøpt Ryzen 1600, 16 gb 3200 MHz og et A320-hk :)

 

Hvis han ikke skal overklokke, så bør han velge 1600X spør du meg, grunnet høyere klokkehastighet stock. Ryzen trenger den extra ytelsen det gir, iallefall om man skal ha et GTX 1080 kort eller bedre. Sammen med et GTX 1060 kort, så spiller det mindre rolle så klart.

Endret av Betroz
Lenke til kommentar

Takk for alle innspel så langt!

 

Det er litt meningsløst å gå for 1080@60 på en så bra maskin. 120Hz+ er mye mer behagelig og er den nye standarden for gamere. Det er heller ikke spesiellt mye dyrere med en god 120Hz skjerm enn en god 60Hz skjerm.

Tenker å gå for IPS-panel, sidan eg er meir glad i RPG og eventyrspel enn competitive fps (sjølv om det sikkert blir litt CS og Siege innimellom). Køyrer settings så høgt som mogleg, men er usikker på kor stor forskjell eg ser etter å ha gama på ein potet i fleire år :p

 

Hva slags skjermkort vurder trådstarter? for bør vel ha GTX 1080 eller bedre for å få glede av intel kabylake.

Ellers er jo AMD mere en god nok.

Antakeleg 1070. Skal ikkje utelukka 1080 heilt, men spørs, som nemnt, om det utgjer ein forskjell eg klarer å sjå.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...