Gå til innhold

Tips til rebusløp i New York


Anbefalte innlegg

I september skal kona og eg reise saman med eit vennepar til New York.  

Eg fekk ein fiks ide om at eg skulle lage eit lite rebusløp/skattejakt for resten av reisefølget.  Litt av typen: Finne kjent "ting" i NYC og få eit tall, finne neste "post", få nytt tall, og så til slutt "dekode" talrekka til ein god restaurant eller noko slikt som ein slags premie.

 

Planen min var å vere med på fleire av postane, men på nokre ta "alternative ruter" for å komme først fram og følge med korleis dei løyser oppgåvene.  Eg har tenkt at dei skal få små gåter som leiar dei til landemerker, og når dei sender meg ein selfie på eit landemerke får dei ein ny del av løysinga (eit nytt clue).

Kanskje kan turen ta dei til Top of the Rock, Blåkvalen inne i Museum of Natural History (så kan me bruke litt tid der til å også kikke på andre ting saman), "kviskrebogane" inne i Grand Central Station, etc.

 

Er det nokon som har tips til andre landemerke, kjende og ukjende som kunne vore fine å ta med? Fins det td noko spanande å sjå etter i High Line parken?  Ein fiffig detalj i Battery Park?

 

TIps mottas med takk!

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...