Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Finnes det 8 cm ventilasjonsvifter for bad?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Før du monterer vifte så må du også tenke over kva som blir resultatet av å endre frå naturleg til mekanisk ventilasjon.

 

Kvar går kanalen? Er det ein eigen kanal kun for ditt bad som leder rett ut over tak?

Om kanalen går andre stadar så kan du få problemer når du med mekanisk vifte trykker varm fuktig luft inn i kanalen som då blir avkjølt kondenseres ein anna plass i kanalen der du kan få vannskader.

Det er også problematisk dersom du deler ventilasjonskanal med andre rom eller andre boliger i f.eks. eit sameige.

Då kan du ende opp med at lufta blir pressa ut på kjøkkenet eller naboens bad i staden for å gå ut dersom det plutselig kjem opp ei vifte på ein ny plass.

 

 

Andre ting du må tenke på at særlig i eldre hus så er lufteventilen ein del av ventilasjonen i huset. Ei typisk løysning for naturleg ventilasjon i eldre bygg er at det kjem inn kald luft frå ventilar i underliggande etasjer, og at denne lufta blir varma opp og stiger opp til badet der den går gjennom baderomsventilen, og at du på den måten får god utskifting av lufta og dermed godt inneklima.

 

Mange baderomsvifter inneheld spjeld som betyr at ventilen blir heilt tett når vifta ikkje står på, og sidan vifta vil bråke litt så blir vifta kun brukt når du dusjar. Då vil heile huset få dårlegare inneklima sidan det ikkje lenger fins naturlege ventilar som slepp ut lufta.

 

 

Så sjølv om det er fristande å montere vifte for å få vekk den fuktige lufta på badet raskt og effektivt, så er det viktig at du tenker over korleis ei mekanisk vifte vil endre den natulege trekken, og om det fortsatt vill bli god ventilasjon i resten av boligen/byggningen når du har montert inn vifte.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...