Gå til innhold

Runkeeper får Android-telefonen min til å krasje


Anbefalte innlegg

Heisann!

 

Eg har brukt Runkeeper no ei stund til å halde styr på tempo og distanse når eg er ute og joggar. På den gamle telefonen min (ein Sony Xperia Acro S) så begynte appen å skape store problem på slutten. Enten så hadde Runkeeper avslutta av seg sjølv medan eg var ute og jogga, eller så hadde heile telefonen starta om att eller slått seg av. Då denne telefonen begynte å verte gammal på denne tida så rekna eg med at det var dette som var problemet, og ikkje Runkeeper i seg sjølv.

 

Då eg kjøpte ny telefon (ein CAT S60) for litt sidan så rekna eg med at problemet ville vere løyst, men gleda vart diverre kortvarig... No er det akkurat same spetakkelet att, enten så har Runkeeper slått seg av i løpet av turen, eller så har heile telefonen starta seg om att. Den eine gongen så vart faktisk heile Android såpass rota til etter omstart (ikonar og appar vart sletta) at eg ikkje har våga meg på å bruke Runkeeper etter den tid.

 

Eg har søkt rundt på Internett etter ei løysing på dette utan å finne eit godt svar. Eg prøva å kontakte Runkeeper, men dei har ikkje stort meir å bidra med enn at eg måtte prøve å slette appen heilt og leggje han inn på nytt (og det har eg gjort, men problemet er like ille som før).

 

Eg kan tenkje meg å gå over til ein annan app som gjer same nytten (Runtastic, Endomondo eller noko anna), men når eg søkjer litt på Internett så verkar det som om der er ein del andre som har same problem med desse appane.

 

Er det nokon her som har nokon forslag, enten til ei løysing for å få Runkeeper til å fungere, eller eit tips til ein betre/meir stabil app?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...