Gå til innhold

Kjøpe frisørsalong


Baardson

Anbefalte innlegg

 

Framleie er lov ihh til leiekontrakt på lokalet og fortsetter bare som før. Fast leie på 6200/mnd. Tjenesten jeg tilbyr er lokaler og en innarbeid kundekrets (svever litt) og alt av utstyr og jeg vil sørge for at alt er i orden og virker. Som de fleste vet så er det, eller hvertfall KAN være krevende å være arbeidsgiver, både økonomisk og på andre måter (kvinner er som de vet mye høy og lavt følelsesmessig, så jeg vil at de skal jobbe for seg selv. Jeg tror det vil virke stimulerende og at de føler de jobber for seg selv og ikke bare går der for å "dra timer". Kasseapparatmessig så klarer vel moderne apparater mange operatører. Det vil bli gammeldags timebestilling på telefon eller drop-in. (samme telefonnr. i over 40 år).

 

Men trur du ikkje at du bør modernisere konseptet litt?

 

At ho som har drevet salongen i 40 år og som no pensjonerer seg ikkje har funnet f.eks. nyutdanna frisører som er villige til å betale 130 000 kr er bekymringsfullt. Burde ikkje det å drive sin eigen salong være meir eller mindre draumen for alle (ny)utdanna frisørar?

 

I beste fall så er det kun eit image problem der yngre frisørar ser på salongen som ein salong som kun klipper eldre damer, men i så tilfelle er det ingen fordel å ikkje tilby nett/SMS-bestilling og kun ha den samme gamle fasttelefonen som det sikkert kun er dei gamle damene som har brukt salongen dei siste 20-30 åra husker.

 

 

Skal du stimulere til at frisørane skal kjenne seg som entreprenørar og ikkje som ansatte, så trur eg at du er heilt nødt til å fornye heile salongen. Som minimum lett oppussing innvendig og eit nytt navn.

Eg tviler på at du finner mange frisørar som ser på det som ein fordel å få jobbe i ein salong der arbeidsoppgåvene kun er farging av grått hår og å sette i hårrullar.

Det er på ingen måte sikkert at det er slik salongen og kundane er, men bilete som eg danner meg er av ein litt trist frisørsalong der kundane er på omtrent samme alder som ho som dreiv salongen. Slike plassar hadde eg antageligvis hadde gått rett forbi.

 

 

Eg trur ikkje du har så mykje å tape på å prøve sidan kostnaden er lav og verdien av utstyret er høgt, i alle fall ikkje om du setter deg ein litt streng tidsfrist for kor lenge du skal prøve å få lønnsomheit i drifta før du stenger og selg utstyret.

 

Men eg trur at dersom du skal ha ambisjonar om å gjere det godt i dette markedet så må du berekne eit brukbart oppussingsbudsjett, og du bør vurdere å kunne tilby deg å være arbeidsgivar for frisørane.

Eg legg også merke til det du skriv om at du ser på det som utfordrande å være arbeidsgiver på ein arbeidsplass som stort sett består av damer, men eg trur det blir langt verre å kun være utleigar.

Er det dine ansatte som krangler på arbeidsplassen så kan du som arbeidsgiver gå inn for å rydde opp i langt større grad enn dersom du berre er utleigar. 

 

I mange salongar der nyutdanna frisørar leiger seg ein stol for å drive for seg sjølv så er den største fordelen for leigetakaren at dei driver i ein etablert salong som både har frisørfaglig arbeidsmiljø, alle moderne fasilitetar, og eit fast kundegrunnlag.

Det kreves meir enn å berre leige ein stol i eit tomt lokale, og her trur eg du vil kjempe litt i motbakke for å klare å danne eit frisør-miljø då det kun er stolen og lokalet som du har å tilby.

Hadde du hatt frisørbakgrunn så kunne du i det minste ha fungert som utleigar og rådgivar om ikkje anna.

 

 

 

Min konklusjon blir derfor at du har tre valg:

 

1) Kjøp salongen og prøv i tre månedar. Etter tre månedar så har du fortsatt ikkje betalt meir i husleige enn differansen mellom eigentleg verdi av utstyret og det du betalte. På denne måten har du prøvd og ender opp med kun eit begrensa tap.

 

2) Kjøp salongen men gå langt sterkare ut. Her er risiko for tap langt større, men eg trur også at sannsynlegheita for at du lykkes er langt høgare. Bytt navn på salongen, bruk nokre hundre tusen på oppussing og samme sum på å ruste opp med datautstyr og heimeside.

Ta på deg ein større del av risikoen, sjølv om du ikkje ansetter frisørar som arbeidsgiver så bør du likevell kunne tilby hjelp til å drive ENK. Jo meir tid frisørane i ditt lokale kan bruke på å klippe hår, og jo mindre tid dei må bruke på papirarbeidet jo betre er det for begge partar. Det vil være langt lettare å få tak i frisørar dersom dei kjem til dekka bord, berre slike ting som at du kan ta eit ansvar for å koordinere prisane og inngå sammarbeidsavtalar mellom frisørane vil hjelpe til å gjere det meir attraktivt. Det er nok ikkje mange som held ut lenge på ein arbeidsplass der det er priskrig med kollegane kvar dag, og der ein alltid taper salgsinntektene av sjamposalget fordi den eine frisøren har spissare albuar og alltid er den som slår inn varene sjølv om det var ein anna frisør som hjalp kunden med å finne rette produktet.

 

3) Kanskje den beste løysninga. Finn ein frisør som du kan drive saman med.

Då kan du stille med pengane og lokalet, og frisøren stiller med kompetanse og arbeidskraft.

Går du inn åleine så sitter du potensielt på ein stor utgiftspost då du sjølv ikkje har nokon muligheit til å skaffe inntekter utan å få tak i leigetakarar. Har du ein frisør med på laget frå fyrste stund så kan ein i det minste klippe ein og anna kunde per dag i den vanskelige oppstartstida. Dette kan utgjere forskjellen på om ein har økonomi til å få etablert ei fast kundegruppe og faste leigetakarar.

 

Takk for innspill. Jeg har snakket med endel i bransjen og problemet er å skaffe arbeidskraft. Stabile og flinke folk er vanskelig å få tak i. Det er det som er catchen. Eier har prøvd å selge en stund og gått ned i pris fra 200 000 til nå 120 000. Jeg får gå i tenkeboksen noen dager :-)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Vurderer å kjøpe en frisørsalong.

 

Kanskje dette kan inspirere deg: Snekker-duoen Ihvan og Hassan har null frisørerfaring - nå har de åpnet salong

 

Og et tips: Ikke ta råd fra folk som aldri har tatt en sjanse i sitt liv. Vi trenger ikke flere statsansatte i dette landet. Skal du få til noe utover statens regulativ, så må du ta risiko. Lykkes du ikke, har du uansett erfaring du kan bygge videre på.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...