Gå til innhold

Lyd og bilete ikkje synkronisert på YouTube og Netflix


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Heisann!

 

Eg har no i lengre tid vore plaga av at lyd og bilete ikkje er synkronisert når eg ser filmar på YouTube og Netflix. Lyden kjem nokre sekund etter det som skjer på skjermen (eg ville sagt 1-5 sekund alt ettersom, utan at eg har målt), og dette er veldig plagsamt.

 

Eg har same problemet på to PC-ar, ein stasjonær og ein berbar, båe to med oppdatert utgåve av Windows 10 Pro. Det skjer i to ulike nettlesarar (siste versjonar av Opera og Edge), og på to ulike Internett-linjer (på jobb og heime, og heime har eg 60/60 Mbit fiber). Skjermdrivarane er oppdaterte, den stasjonære har AMD-kort og den berbare har både Nvidia og Intel.

 

Sidan problemet oppstår "over heile fjøla" på denne måten så slit eg med å forstå kva som kan vere årsaka...

 

Eg har søkt mykje på Internett, og funne mange ulike forslag til løysingar, men ingenting av det har fungert for meg så langt. Difor tenkte eg at eg ville prøve meg med å høyre her, om der er nokon som har tilsvarande erfaringar og eventuelt forslag til løysing(ar)?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...