Gå til innhold

På tide å trekkje oljefondet ut av olje


Anbefalte innlegg

Det er eit paradoks at oljefondet, som skal berge velferdsstaten når oljeinntektene tek slutt, har store investeringar i oljeselskap og obligasjonslån til oljeselskap. Det kan verke som om forvaltarane trur at oljeinntektene kjem til å ta slutt når vi går tomme for olje. "Steinalderen tok ikkje slutt på grunn av steinmangel", sa den saudiske oljeministeren ein gong.

 

I går sendte Fitch ut ei åtvaring om forhøga risiko i oljesektoren pga kraftig vekst i salet av elektriske bilar drive av fall i batteriprisar og fallande prisar på fornybar energi. Dei baserer åtvaringa på ein vekst i salet av elektriske bilar på 32,5% i året: https://www.fitchratings.com/site/pr/1013282

 

Dei siste åra har veksten i sal av elektriske bilar vore på 60% i året på verdsbasis, og denne veksten ser ut til å halde fram i 2016. Ingenting tyder på at veksten kjem til å bremse ned til 32,5%. Heller at han går fortare, for det er verkeleg ingen god grunn til å kjøpe ein eksosbil når elektriske bilar med god rekkjevidde er billigare enn eksosbilar rundt 2020. I tillegg vil dei fallande batteri- og straumprisane prisane òg ha konsekvensar for andre transportmiddel. Mild hybridisering av skip løner seg allereie, trass i låg oljepris og få avgifter, og for somme typar skip er det trivielt å gjere fordi dei allereie har diesel-elektrisk drift. Full elektrifisering kan komme fort når batteria vert billige nok.

 

Sjølv innan luftfarten er det mykje eksperimentering rundt elektriske konsept om dagen. Mange lette motorar kan akselerere mykje luft litt, og optimere luftstraumen rundt flyet. Det er mykje meir effektivt enn å akselerere lite luft mykje på to eller fire punkt under vengja. Sjå til dømes http://lilium-aviation.com/ eller eThrust-konseptet til Airbus og Rolls Royce.

 

Alt dette til saman kan gjere at oljeforbruket snur frå ein vekst på ca 1% årleg til eit raskare fall enn nokon klarar å førestille seg. Då går prisen same veg. Det same gjer lønsemda i bransjen.

 

Eg trur ikkje oljeinntektene tek slutt fordi det vert slutt på olje, men fordi etterspurnaden går ned so fort, og prisen vert so låg, at det ikkje løner seg å hente han opp. Tyskland brukar milliardar av euro kvart år på subsidiar til kolindustrien, fordi alternativet er titusenvis av arbeidsledige over natta. Mange land kjem til å gjere det same med sin oljeindustri, og eg fryktar at Noreg vert eitt av dei. Då er det veldig dumt om det går same veg med våre oppsparte midlar som med oljeinntektene. Verda går ikkje tom for olje. Det er kjende utvinnbare oljereservar nok til å halde produksjonen oppe på dagens nivå i 50 år. Ingen trur at oljeforbruket kjem til å halde seg so høgt som i dag i 50 år til.

 

Banksikringsfondet eig ikkje bankaksjar. Det ville vere veldig dumt om reservane som skal garantere sparepengane våre i tilfelle bankkollaps var bunde opp i investeringar i bankane som kollapsar. Av same grunn bør ikkje oljefondet investere i selskap som driv med olje eller oljeleiting. Fondet må tole at oljeinntektene forsvinn.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...