Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

[Løst] Ulyd når ein vrir på rattet - 2008 Honda CR-V


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Kona og eg driv og ser på ein brukt 2008-modell Honda CR-V som me vurderer å kjøpe. Me prøvekøyrde bilen her om dagen, og han verkar å vere i veldig grei stand teknisk sett.

 

Likevel var der ein ting eg stussa på: Når eg prøva å køyre i sakte fart så kunne eg høyre ein ulyd når eg svinga, som tyktest verte sterkare dess meir eg vrei på rattet. Dette galdt både om eg svinga til venstre eller høgre. Det er vanskeleg å beskrive lyden, men det var som ei slags metallisk "skraping"/"knasing". Eigaren meinte denne lyden hadde vore der heile vegen, og bilen har vore på service med rimeleg greie intervall utan at eg kan sjå at nokon problem har blitt oppdaga/fiksa i den samanheng.

 

No er det slik at bilar er forskjellige, og nokon ting kan vere normalt for eit gjeve bilmerke sjølv om det ikkje høyrast slik ut. Difor tenkte eg at eg ville høyre om det er nokon her som har erfaring med CR-V og som har høyrt tilsvarande lydar ved svinging?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Kun lyd når du svinger 1 vei? I så fall er det sannsynligvis hjullager, ikke all verdens kostnad å bytte. Jeg har eid Honda i 10 år og kvaliteten er på topp men hjuloppheng er en svakhet, sikkert enda mer på en tung bil som CR-V

 

Men! 8 år gammel bruktbil med ulyd er et dårlig tegn og en eier som har ignorert dette gjør saken enda verre. Ikke kjøp før du vet hva dette er og hva det koster å fikse.

 

http://www.klikk.no/motor/bil/bruktbil/article798620.ece

 

"De er noen få gjengangere; slitasje på bremseskiver med høy kjørelengde og slakk i stag/armer i hjulopphenget."

Endret av damnation_InnleggNO
Lenke til kommentar

Hei, og takk for kjapt svar!
 

Eg tenkte òg i retning av hjullagar fyrst, men då eg testa så var lyden akkurat den same båe vegar, om eg svinga til høgre eller venstre. Eg begynte nesten å lure på om det kunne han noko med servopumpa å gjere? Eg høyrde ingenting under vanleg køyring, men lyden kan ha blitt maskert av motorlyd og vegstøy, men under køyring i gangfart på parkeringsplass var det tydeleg å høyre.

Lenke til kommentar

Hvis det er en "hvineaktig lyd" så kan det dreie seg om pumpe, men da kan det være nok med å korrigere nivået i beste fall, men dette vil jeg anta at noen hadde funnet ut av, enten tidligere eier eller verksted.

Hvis ikke, så lurer jeg på om du hører noen lyd om bilen står på tomgang og man dreier på rattet.

For hvis det er tilfelle så kan det kanskje være fjærbeinslagre (fjærebeinstopper)?

 

Men har ikke skrudd så altfor mye på Honda så vet ikke om dette er aktuelt på denne modellen eller ikke.. :-)

Endret av Duppsko89
Lenke til kommentar

Tja, det var ikkje akkurat kvining, det var meir som ein slags "skrapelyd" etter mine øyro. Litt vanskeleg å beskrive skikkeleg. Det var det som var så snedig viss det skulle vere servopumpa, for det minte ikkje om nokon lyd eg ville venta å høyre frå ei defekt/dårleg justert pumpe...

 

Eg prøva ikkje å dreie på rattet medan bilen sto stille, så eg tør eg ikkje seie om lyden ville oppstade då òg. Eg køyrde i gangfart då eg høyrde dette. Det eg har gløymt å nemne ovanfor er at det verka som om lyden auka dess lenger mot ytterpunkta eg dreia rattet...

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Jau, de har nok heilt rett alle saman, bør nok ein tur innom ein verkstad og få sjekka dette. Tvilar litt på at det er bremseskjold som subbar borti noko sidan lyden er eksakt den same uavhengig av kva veg eg vrei rattet, men ein kan aldri vite.

 

Desse bilane har framhjulstrekk til vanleg, og firehjulstrekk som koplar seg inn når framhjula tek til å spinne. Det kan absolutt tenkjast at det er drivakselledda som lagar lyden slik du føreslår, RegistrereMeg. Eg har ikkje høyrt det så tydeleg på andre bilar, og lyden var litt annleis enn eg ville ha forventa i så måte, men ulike bilar har sine særeigne personlegdomar...  :)

Lenke til kommentar

Enda en ting; om det er drivledd så kan man fremprovosere dette ved å legge helt over å kjøre rundt i sirkel.

Gi litt gass i 1. gir, hvis det kommer en "raklelyd/kneppelyd" (dette er kanskje ikke akkurat det du opplever) så er det trolig drivledd/drivknute.

Kommer det lyd når du svinger til venstre så er det trolig h. ytre drivledd, og omvendt.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Hei igjen!

 

Då har bilen vore innom bil-kunnig personell utan at dei kan finne noko feil, så då vart det handel på oss. Eg har nok høyrt ein uskuldig lyd som eg har tolka feil, men når ein skal bruke over hundre tusen på ein bruka bil så vil eg heller vere for forsiktig enn for godtruande.

 

Mange takk for all hjelp og alle gode innspel!  :thumbup:

Lenke til kommentar

Hei igjen!

 

Då har bilen vore innom bil-kunnig personell utan at dei kan finne noko feil, så då vart det handel på oss. Eg har nok høyrt ein uskuldig lyd som eg har tolka feil, men når ein skal bruke over hundre tusen på ein bruka bil så vil eg heller vere for forsiktig enn for godtruande.

 

Mange takk for all hjelp og alle gode innspel!  :thumbup:

Gratulerer med ny bil :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...