Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Bokbindingstråden


Lindelin

Anbefalte innlegg

Eg går no på Leksands folkhögskola i Sverige på bokbinderi, fyrste året. Og tenkte det kunne vere interessant å sjå om det finnes nokre andre som er interessert i det her, i tillegg til at eg vil dele noko av det eg gjer på studiet. Eg tenkte at det kan vere greit å ha ei lita ordliste på starten her så det er alltid lett å finne fram til betydningen av ord.

 

Ordliste:

 

Bokblokk: Den delen av boka som er innenfor permene.

Bind: Punkter på ryggen til bokblokken som sages inn der. Bindtråden skal passe inn i desse bindene.

Bindtråd: Ein tjukk hemptråd som festes til krokene på hefteladen og heftes fast til ryggen på bokblokken.

Heftebind: Dei to ytterste bindene ved hovud og fot på bokblokken. Heftebindet ved hovudet er 10 mm frå toppen, mens heftebindet ved foten er 15 mm frå bunnen.

Heftelade: et redskap som brukes for å holde bokblokken på plass mens ein heftar.

Heftetråd: Tråden som brukes til å sy saman bøker. Så langt har me berre brukt lintråd og eg trur også det er den type tråd som er gjeldende.

Hefting: Prosessen å sy saman legg og andre ting som trengs å sys saman.

Legg: to ark bretta to gonger og lagt inne i kvarandre.

 

Eg har så langt hatt bokbinding som studie i berre tre veker.Då veit de grunnen viss noko er feil eller dårleg forklart.

 

Så langt held me på med tredje bok. Fyrste var ei bok med flat rygg og innsagde bind, andre bok var med rund rygg og innsagde bind og tredje bok skal bli med rund rygg, forsats og innsagde bind. Før det gjorde me eitleggshefting. Eg skal prøve å få tatt nokre bilete seinare og få lagt inn. Seinare gjorde me toleggshefting før me gjekk vidare til bøkene som består av femten legg.

 

Eg kan ikkje love å poste ofte sidan me har mykje å gjere og eg gløymer slikt fort. Men eg skal gjere mitt beste. :)

 

Her er ein heftelade.

d95ae7930d9064d51fad0b2d942d70fe.jpg

 

Forgyllingspresse og bokblokk med innsagde bind.

20160902_150919.jpg

Endret av Lindelin
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 1 måned senere...

Her kjem litt bilete. :)

 

Det er henholdsvis ei bok med bygde band. Her limes permene rett på boka mens tidlegare har me fiksa permene og ryggen og kledd dei fyrst og så limt dei på boka seinare. Her skal me kle boka etter at permene er limt fast.

 

Dei to siste bileta er den nye linjal eg har fått meg. Den kan bl.a brukast til å måle hjørner.

post-390375-0-76052200-1477571802_thumb.jpg

post-390375-0-74430500-1477571826_thumb.jpg

post-390375-0-83858200-1477571843_thumb.jpg

post-390375-0-65339500-1477571856_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...