Gå til innhold

Irriterande lyd!


vslatten

Anbefalte innlegg

Hei.

 

Etter å ha brukt ca. 20 minutt på feilsøking, fant eg ut den utruleg irriterande lyden som PC'en avga no og då, kom frå dinside.no. Der har dei nemleg ei reklame for storebrand som lagar ein "klikkelyd" kvart 10 sekund ca. Eg prøvde å slå av lyden på websider, men det ser ikkje ut til å hjelpe.

 

VG nett hadde for ei tid tilbake ei raklame som lagde nokia sin standard "melding mottatt" lyd kvar gong muspeikaren kom over den. Fordømt irriterande.

 

Vurderer å la dette bli mi nye kampsak. Hjelp meg å starte folkeaksjonen mot webreklame med lyd!

 

Målsetting:

Halvt år: Ha overtalt eller trua dei fleste store norske aktørar til å droppe slik reklame.

2 år: Norge vedtar som første land i verda totalforbod mot lydreklame på internett.

5 år: FN legg til "vedlegg om interaktiv lydforureining" i menneskerettskonvensjonen.

 

Så skriv inn til dinside.no og forlang stillheita tilbake!

La oss ta tilbake "The silent sound of surfing" :p

 

Dersom du ikkje er heilt motivert for dette kan eg anbefale å opne sida med reklama, minimere vindauget og så gjere noko anna ein times tid. Du vil no ha eit stort overskot av innestengt frustrasjon over lyden og kan ta det ut i ein e-post til dinside.no

 

Lukke til! :thumbup:

 

-vslatten

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Nettavisen.no hadde også en sånn ******* lydreklame med toyota corolla og en reklame om tele2 (det som irriterer meg er at jeg faktisk husker de reklamene og dermed blir målet med reklamen oppnådd! :angry: )

Vg.no hadde en lydreklame med Åsne seierstad sin nye bok. :thumbdown:

 

jeg HATER lydreklame og jeg har skrevet mail til både nettavisen og vg uten å ha fått svar fra de. Skrev faktisk mailen på en vennlig og konstruktiv måte...

 

Jeg vil GLEDELIG prøve å få stoppet denne dritten.

Lenke til kommentar

Bra det er nokre likesinna her ;)

 

Har ikkje fått svar på e-posten eg skreiv til dinside.no. Den var også formulert seriøst og høfleg.

 

Reknar vel ikkje med at vi får gjort så masse med det her (til tross for det eg skreiv i første post :D ), men no kan vi i alle fall syte om det her. Og dersom mange nok sender e-post kvar gong dei vert irriterte over slike reklamer, kan det jo hende dei tar det til etterretning...

 

Viva La Revolucion!

 

-vslatten

 

Edit: leif

Endret av vslatten
Lenke til kommentar
WOOOHOOO!

Der virka! :thumbs: Etter å ha gjeve opp heile greia, fekk eg i dag svar på e-posten som eg sendte til dinside.no:

[quote]
Hei og takk for tilbakemeldingen!

Vi beklager irritasjonen og sen tilbakemelding. Vi har først nå fått byttet ut annonsen med en variant uten lyd.

Vennlig hilsen

****** *******
Katalysator Media IT
[/quote]
(Katalysator Media er dei som driv det tekniske ved dinside)

Der har de det folkens! Av og til KAN faktisk innsatsen bli belønna :cool:

Keep trying!

-vslatten
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...