Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

«Batteridrottningen» om egen teknologi: – Kommer til å doble energitettheten


Anbefalte innlegg

Hvorfor er det så mange som maser om Teslas batterier. Tesla lager ingen batterier, det er det Panasonic som gjør. Foreløpig er det ikke behov for noen Gigafabrikk og Panasonic er avventende. Panasonics markedsandel synker også svært raskt, noe som tyder på at det er andre en Tesla som vokser...

 

Legg ellers merke til at denne damen har jobbet for GM, og at det er GM som lager Opel Ampera. Tror den kommer til å bli bra både på pris og ytelse.

 

Tesla er bare et pyramidespill, de har ikke sjanse til å konkurrere mot verdens store bilprodusenter. Modell 3 kommer aldri til å bli levert. Glem Tesla!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hvorfor er det så mange som maser om Teslas batterier. Tesla lager ingen batterier, det er det Panasonic som gjør.

 

Feil. Du blandar batteri og celler. Panasonic lagar cellene, som har eit standard format, og Tesla set dei saman til batteri som kan brukast i bilar. Det fine med dette konseptet er at om Panasonic skulle gå under eller trekkje seg ut av ein eller annan grunn (ingenting tyder på det), kan Tesla skaffe tilsvarande celler frå andre leverandørar og halde fram med å byggje batteri. Batteri bygd opp av andre celler vil ha litt andre eigenskapar, sidan andre produsentar brukar ein litt annan kjemi, men det er detaljar.

 

Foreløpig er det ikke behov for noen Gigafabrikk og Panasonic er avventende. Panasonics markedsandel synker også svært raskt, noe som tyder på at det er andre en Tesla som vokser...

 

Panasonic har 38% av marknaden no. Dei leverer sovidt eg veit til Tesla, Volkswagen og Ford. BYD er sikkert størst no. Dei har voldsom vekst i Kina, sidan dei satsar på den gigantiske kinesiske marknaden og batteri til bussar. Marknaden for elektriske bilar aukar vanvittig fort, og sjølv ikkje Elon Musk har visjonar om at Tesla skal vekse like fort.

 

Batterifabrikken trengst absolutt. Panasonic har hyra inn arbeidarar til sin del av fabrikken sidan august, og Tesla er i gong med å montere batteri der allerie. Det er lang venteliste på Tesla Powerwall, so batteria trengst med ein gong. Korleis har du tenkt at Tesla skal kunne skaffe nok batteri til Model 3 utan gigafabrikken? Panasonic har allereie lagt 1,6 milliardar dollar på bordet for utviding av gigafabrikken. Det kallar eg ikkje å vere avventande.

 

Legg ellers merke til at denne damen har jobbet for GM, og at det er GM som lager Opel Ampera. Tror den kommer til å bli bra både på pris og ytelse.

 

Til bitteliten bil reknar eg òg med at han kjem til å vere bra, og det skal veldig lite til å lage ein elektrisk bil som yter betre enn ein eksosbil i same prisklasse. Førebels ser det ikkje ut til at GM vil prøve å ta opp konkurransen med Tesla. Tesla satsar ikkje på dei minste segmenta. Dei hjelpte Mercedes med å lage Smart ED i si tid, men det trur eg er alt.

 

Tesla er bare et pyramidespill, de har ikke sjanse til å konkurrere mot verdens store bilprodusenter. Modell 3 kommer aldri til å bli levert. Glem Tesla!

 

Troll. Tesla lagar allereie betre bilar enn alle verdas store bilprodusentar. Dei er teknologisk overlegne på mange område, og sel over det alle analytikarar har spådd. Sjølvsagt kjem Model 3 til å verte levert. Det var mange som ikkje trudde at Model S kom til å verte levert. Same med Roadster og Model X, og alle tok feil. Det var mange som trudde at SpaceX kom til å havarere, at konseptet ikkje hadde noko føre seg, og at dei i alle fall ikkje ville klare å få til noka avtale med NASA som eit bittelite rakettfirma på minibudsjett. Dei tok feil. Elon Musk har ei fantastisk evne til å få tak i dei aller beste folka, og få dei til å yte langt over evne. Det er ikkje mange no som støttar deg i at Tesla ikkje kjem til å levere Model 3.
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...