Garegaupa Skrevet 6. mai 2016 Del Skrevet 6. mai 2016 Hei! Eg prøva å lage ein tråd om dette i Opera sitt forum, men der får eg ikkje noko svar, så eg gjer eit forsøk her i staden. Eg har eit lite problem med Opera 37 som eg har søkt etter svar på rundt på nettet i lange tider no, men eg er ikkje i stand til å finne ei vitug løysing på det. (Nøyaktig versjon av Opera er 37.0.2178.32, og eg køyrer Windows 10, men problemet har bestått over fleire versjonar av Opera.) Det kan vere litt vrient å forklåre kva som er problemet på ein grei måte, men eg skal no prøve: Eg har ei side blant favorittane mine som ikkje har noko favoritt-ikon (eller "favicon", som det vel heiter på nynorsk ). Fram til for ei tid sidan så hadde denne sida Opera sitt standard-ikon for slike sider (den mørke firkanten/"arket" med ein brett oppe i høgre hjørnet). Så var det ein gong eg var på eit hotell og skulle logge på det trådlause nettet der. Som så ofte er tilfelle på slike plassar måtte eg då gå via ei autentiserings-side i nettlesaren og slå inn romnummer og passord. Eg hadde då den aktuelle sida (den som det no er problem med) open i ei anna fane i Opera. Etter dette så har problem-sida "adoptert" faviconet til hotellet si autentiserings-side, og eg er ikkje i stand til å få det bort. Eg har sletta sida frå favorittar fleire gonger, tømt mellomlageret og leita i lange tider på Internett etter ei løysing, men problemet er der enno. Det er ikkje akkurat noko stort problem som held meg vaken om nettene, dette her, men det er eit lite irritasjonsmoment som eg kunne tenkt meg å fått fiksa. Det næraste eg har kome ei løysing etter all leitinga mi er å slette fila favicon.ico, og så gå inn på alle favorittane mine på nytt, ein etter ein, for å gjenopprette favicona. Dette har eg svært lite lyst til, då eg har ein heil haug med favorittar. Eg vonar difor at her er nokon som har eit forslag til ei enklare, meir elegant løysing? (Eg bør kanskje òg nemne at eg brukar Opera sitt synkroniserings-system til å synkronisere bokmerka mine mellom to PC-ar, viss det er relevant for saka på nokon måte.) Ha ein flott dag! Lenke til kommentar
Hårek Skrevet 6. mai 2016 Del Skrevet 6. mai 2016 Dette problemet er nok ikke spesiellt for Opera. Har vært slik i årevis, tror det gjelder alle nettlesere. Se hva du får på å google 'wrong favicon'. Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 9. mai 2016 Forfatter Del Skrevet 9. mai 2016 Hei, Hårek, og takk for svar! Det Google-søket (og tallause variantar av det) har eg i grunnen prøva meg på i fleire månadar no utan å verte stort klokare... Det er mange som har opplevd liknande problem, men få fungerande løysingar å oppdrive (og tru meg, eg har prøva det meste eg har funne, som sagt utan å slette heile favicon.ico-fila og "begynne på nytt"). Det var difor eg prøva meg på om det var nokon som hadde noko meir spesifikt. Nå vel, viss der ikkje er noko god løysing så lyt eg heller berre leve med det - det er ikkje akkurat den store krisa dette her! Ha ein flott dag! Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå