Gå til innhold

Hjelp med å tolke dikt


Anbefalte innlegg

Hei,

noen som kunne vært så greie å hjelpe tolke dette diktet? Hva tenker dere er temaet, budskapet og hvilke virkemiddler finner man? Legger ved diktet nedforbi. Takk på forhånd. 

 

 

 

 

 

 

DEI SER KVARANDRE - Tolkning

Jon Fosse

 

Dei ser kvarandre komme gåande imot kvarandre.

Og begge ser dei ned, men dei held fram,

dei må jo det, med å gå imot kvarandre. Kva er

det dei tenkjer? Kvifor ser dei begge ned?

 

Dei nærmar seg kvarandre og ingen har sett

den andre. Dei går imot kvarandre, som om

dei berre kan gå forbi kvarandre, slik alle andre,

på denne gata, også går forbi kvarandre. Korleis

 

tenkjer dei som tidlegare har elska kvarandre?

Er deira tankar og hjarte ein lengsel etter å vere som steinar,

djupt i mold, eller er dei slike steinar? Er deira

skam så tung ein draum, at deira rørsler er steinen

 

utan vatn, utan vind og himmel? Dei går imot kvarandre.

Dei går imot kvarandre. Dei går imot kvarandre. Dei går

imot kvarandre. Dei går imot kvarandre. Dei møter kvarandre.

Dei går forbi kvarandre. Dei går ifrå kvarandre.

Endret av ida h
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...