Gå til innhold
Trenger du tips og råd? Still spørsmål anonymt her ×

Dekke oss til i bryllup?


Anbefalte innlegg

Jeg skal i et bryllup om et par uker og er veldig usikker på hva jeg skal ha på. Jeg har en lang lyseblå kjole, eller en lang lyse rosa kjole. Begge har bare armer, og har hørt at vi må dekke til skuldrene og ikke ta vekk oppmerksomhet fra bruden. dette er mitt første bryllup jeg skal i, så er litt usikker.

 

Noen som er flink når det gjelder mote, og vet hvilket type sjal/jakke osv jeg bør ha over kjolen. Jeg vurderer også en kortere kjole som går til knærne, men føler lang ofte passer best i bryllup. 

 

 

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du kan søke etter bryllupsetikette og sjå kva du finner. Merk at tradisjonane også kan variere litt frå landsdel til landsdel.

 

Mitt råd er derfor at du fyrst og fremst ser kva som står i invitasjonen om kleskode. Dersom du fortsatt er i tvil så ville eg gjort det så enkelt at eg hadde tatt kontakt med bruda for å spørre om ho har ønsker for kva du skal ha på deg.

Uansett kva som er vanleg eller kva rett etikette for bryllup så er det bruda som legger føringane for korleis bryllupet skal være. Enkelte er veldig opptatt av at det er formelt og tradisjonelt, medan andre vil ha det meir casual.

 

Eit tips kan være å i tillegg til å sjå kva som står om dresskode, også sjå på menyen. Dersom det blir servert fem rettar med tilhøyrande vinar så følger nok bryllupet litt meir strikt etikette enn dersom middagen består av spareribs og øl.

 

Grunnregelen er at du ikkje skal stjele oppmerksomheita frå bruda, men då fyrst og fremst ved at det du har på deg ikkje skal likne ein brudekjole. Bare skuldrar, rygg eller utringning ser eg berre på som problematisk dersom bruda har valgt ein konservativ heildekkande langkjole.

Men nakne skuldrar i seg sjølv er ikkje eit stort problem i seg sjølv anna enn at enkelte vil synest at du bør være meir tildekt i kyrkja.

 

 

Så dersom du er usikker så spør brudeparet, får du ikkje eit godt svar der så anbefalar eg at du kler deg litt konservativt. Det kan også være fornuftig å basere deg på å bruke sjal eller liknande slik at du kan dekke deg litt meir til dersom du stikker deg litt for mykje ut, eventuelt kan kaste sjalet dersom du blir for konservativ samanlikna med dei andre gjestane.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...